Val

I 2019 skal det gjennomførast kommunestyre- og fylkestingsval. Den offisielle valdagen er mandag 9. september 2019.

Val til kommunestyre- og fylkesting 2019

Valet i 2019 skal gjennomførast som om nye Ålesund kommune er allereie er sett i drift.  Alle som stemmer ved valet i 2019 skal velje representantar til kommunestyret i nye Ålesund kommune som trer i kraft 1. januar 2020.

Det skal veljast 77 representantar frå dei forskjellige partia til det nye kommunestyret.

Fellesnemnda i nye Ålesund vedtok i møte 08.11.2018 desse 14 valkretsane i kommunen:

Valkrets

Stemmestad

Valkretsar i nye Ålesund kommune

Hessa, Skarbøvik og Aspøy Skarbøvik ungdomsskole, gymsal
Sentrum Ålesund rådhus
Nørvøy, Nørvasund og Hatlane Larsgårdhallen
Spjelkavik, Åse og Lerstad Spjelkavik idrettshall
Indre Borgund (Blindheim, Flisnes og Emblem)     Blindheim idrettshall
Ellingsøy Ellingsøy idrettshall
Skodje Gomerhuset
Ørskog Ørskog kulturhus
Vatne og Tennfjord Eidet kulturhall
Brattvåg, Hilde og Søvik Ingebrigt Davik-huset
Lepsøy Lepsøy skule
Haramsøya og Longva Haramsøy skule
Fjørtoft Fjørtoft skule
Sandøy Sandøytunet

 

Du avgjer sjølv om du vil stemme ved både kommunestyrevalet og fylkestingsvalet , eller om du vil stemme berre til det eine valet.  Du kan stemme berre ein gong.
Du vil finne stemmesetlar til begge vala i valavlukket.

Sidan den nye kommunen skal nytte elektronisk manntal, kan veljarane stemme der dei vil i kommunen også valdagen.
Døme: Er du folkeregistrert i Skodje kan du stemme i alle dei 14 stemmekretsane i nye Ålesund, både på førehand og på valdagen.

Valstyret

Fellesnemnda har oppnemnd desse til å vere valstyret:
1. Eva Vinje Aurdal, Ålesund
2. Tore Johan Øvstebø, Ålesund
3. Vebjørn Krogsæter, Haram
4. Randi Walderhaug Frisvoll, Haram
5. Dag Olav Tennfjord, Skodje
6. Karoline Hauglid, Skodje
7. Knut Harstad, Ørskog
8. Torill Leganger, Ørskog
9. Oddvar Myklebust, Sandøy

Valstyret delegerer vidare sitt mynde til praktisk valgjennomføring til prosjektleiar i nye Ålesund kommune. Prosjektleiar skal kvalitetssikre valgjennomføringa og politisk sekretariat i Ålesund skal vere sekretariatet til valstyret.

Tidlegstemming - førehandstemming

Tidleg førehandstemming er frå 1. juli og ordinær førehandstemming innanriks er i perioden 10. august - 6. september 2019.

Førehandstemming utanriks er i perioden 1. juli – 30. august 2019.

Du kan førehandsrøyste i alle kommunar i landet. Det skal vere lett å finne ein eigna stemmestad i heile perioden.

Oversikt over alle stemmestadane kjem på valglokaler.no, og blir også annonsert i andre mediekanalar.

Kommunen tar også imot førehandsstemmer på helse- og sosialinstitusjonar.

Lister og listeforslag

Alle parti og grupper som ønskjer å stille til val, må levere listeforslag til valstyret i kommunen dei ønskjer å stille til val i. Det vil seie at listeforslaget må leverast til rådhuset i Ålesund. Frist for å levere listeforslaget til valstyret er innan 1. april 2019 kl. 12.00. På dette tidspunktet må listeforslaget ha kome til kommunen. Det er ikkje nok at det er postlagt.

  • For parti og grupper som ikkje kjem inn under reglane om forenkla handsaming, jf. vallova § 6-3, må det samlast inn eit visst tal underskrifter på listeforslaget frå personar med stemmerett i det valdistriktet lista skal stille.
  • For lister i Ålesund kommune må det samlast inn 300 underskrifter.

Sjå ein fullstendige gjennomgang av alle krava til listeforslag og behandling av desse her.

Hjelp til utfylling av listeforslag

Slik fyller du ut malen for innlevering av listeforslag til kommunestyre- og fylkestingsvalget 2019.

NB! Ein må bruke desse malane, og dei må vere fylt ut rett!

Om du er i tvil, ta kontakt med Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 

Oversikt over parti som stiller liste i Møre og Romsdal, finn du på fylkeskommunen si nettside.

Kvar og når kan eg stemme på valdagen?

Valting i nye Ålesund kommune er måndag 9. september klokka 10.00 – 21.00 i alle vallokale, med unntak av Fjørtoft krets med opningstid klokka 15.00 – 20.00 og Lepsøy krets med opningstid klokka 13.00 – 20.00.

Valkrets

Stemmestad

Valkretsar i nye Ålesund kommune

Hessa, Skarbøvik og Aspøy Skarbøvik ungdomsskole, gymsal
Sentrum Ålesund rådhus
Nørvøy, Nørvasund og Hatlane Larsgårdhallen
Spjelkavik, Åse og Lerstad Spjelkavik idrettshall
Indre Borgund (Blindheim, Flisnes og Emblem)     Blindheim idrettshall
Ellingsøy Ellingsøy idrettshall
Skodje Gomerhuset
Ørskog Ørskog kulturhus
Vatne og Tennfjord Eidet kulturhall
Brattvåg, Hilde og Søvik Ingebrigt Davik-huset
Lepsøy Lepsøy skule
Haramsøya og Longva Haramsøy skule
Fjørtoft Fjørtoft skule
Sandøy Sandøytunet

På valdagen må du stemme i heimkommunen, altså i den kommunen der du er innført i manntal. Alle veljarar som tidlegare var manntalsførte i ein av dei kommunane som frå 01.01.2019 utgjer nye Ålesund kommune (dvs. Sandøy, Ørskog, Skodje, Haram og Ålesund) er no manntalsførte i Ålesund, og kan stemme ved eit av totalt 14 vallokale i kommunen. Sjølv om det på valkortet ditt står kva krets du tilhøyrer kan du fritt velje mellom dei 14 vallokala på lista ovanfor.

Kva blir rekna som heimkommune når det gjeld manntal?

Der du ifølgje folkeregisteret er busett 30. juni. Det vil seie at folkeregisteret må ha mottatt eventuell flyttemelding seinast 30. juni for at du skal vere manntalsført på ny adresse.

Ofte stilte spørsmål om val

Kven har stemmerett ved fylkestingsvalet og kommunestyrevalet i 2019?

Norske statsborgarar født i 2001 eller tidlegare.
I tillegg har utanlandske statsborgarar som fyller vilkåra i vallova § 2-1 stemmerett under visse føresetnader. Dei må ha stått innført i folkeregisteret som busett i Noreg dei tre siste åra før valdagen, eller vere statsborgar i eit anna nordisk land og ha blitt folkeregisterført som busett i Noreg seinast 30. juni i valåret.

Kan ein stemme heime dersom ein har nedsett funksjonsevne?
Ja, du kan førehandsstemme heime. Veljarar som ikkje kan oppsøke eit vallokale, kan søke om å få stemme heime. Det er ingen formelle krav til søknad.

Den som vil stemme heime kan ringe servicetorget tlf 70 16 20 00 og oppgi namn, adresse og telefonnummer. Veljaren vil så bli kontakta av sekretariatet for å avtale eit tidspunkt.

Kan ein stemme heime på sjølve valdagen?
Nei. Tilbodet om å stemme heime gjeld berre ved førehåndsstemming.

Kan ein førehandsstemme via internett?
Nei. Det var eit forsøk med internettstemming i nokre kommunar i 2011 og 2013, men det er ikkje vidareført.

Kan ein bestille transport til vallokale?
Eit mogleg transporttilbod er under utgreiing, og dersom kommunen finn ei løysing vil det kome informasjon om det seinare.

Kva endringar kan ein gjere på setelen?
Veljaren kan ved fylkestingsval og kommunestyreval gi kandidatar på stemmesetelen ei
personstemme. Dette gjer ein ved å sette eit merke ved kandidaten sitt namn.
Veljaren kan ved kommunestyreval også gi ei personstemme til kandidatar på andre vallister.
Dette gjer ein ved å føre desse kandidatnamna opp på stemmesetelen. Slik personstemme kan ein
gi til eit tal kandidatar som tilsvarar ein fjerdedel av det talet medlemar som skal veljast til
kommunestyret. I nye Ålesund kommune er det 19 (25 % av 77).

Dersom veljaren gir personstemmer til kandidatar som kan veljast på andre lister, blir eit tilsvarende tal
listestemmer overført til den eller dei listene desse kandidatene står oppført på.
Andre endringar på stemmesetelen tel ikkje med ved valoppgjeret.
Mange spør om det er lov å stryke kandidatar. Nei, det er det ikkje.

Blir stemmesetelen forkasta dersom ein gjer andre endringar?
Nei, ugyldige endringar fører ikkje til forkasting. Endringane blir berre sett bort frå. Dersom du til dømes stryk over eit partinavn eller kandidatnavn, blir det ikkje godkjent som ei endring.

Kva skal til for at ein stemmesetel blir godkjent, altså ikkje forkasta?
Setelen må stemplast før du legg han i urna. Det må også gå fram kva parti du har stemt på om du ikkje stemmer blankt, og partiet må stille liste i ditt valdistrikt.

Må alle vise legitimasjon? Og kva blir godkjent som legitimasjon?
Regelen er JA. Legitimasjon må ha namn, fødselsdato og bilde.

Kan ein veljar stemme for andre ved fullmakt?
Nei, det er alltid veljaren sjølv som skal stemme.

Kan ein stemme på nytt dersom ein angrar seg?
Nei, stemma du gir er endeleg.

Må veljaren bruke avlukket sjølv om han har med seg setel?
Ja. Det er for å sikre hemmeleg val og for å unngå fare for kjøp og sal av stemmer.

Kva skjer dersom veljaren kjem ut av avlukket utan å ha bretta setelen riktig?
Då må veljaren inn i avlukket igjen for å brette riktig. Ingen skal vise eller fortelje kva dei har stemt så lenge dei er inne i vallokalet.

Kan fleire veljarar gå saman inn i avlukket?
Nei, stemmegiving skal skje i einerom og usett for å sikre hemmeleg val.

Kva med veljarar som treng hjelp?
Det er alltid stemmestyret/ valmedarbeidaren som skal hjelpe. I heilt spesielle tilfelle, til dømes ved sterk funksjonshemming, kan veljar peike ut ein hjelpar i tillegg til valmedarbeidaren. Alle hjelparar har sjølvsagt teieplikt.

 

Informasjon om val

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.