Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Astrid J. Eidsvik er innstilt som rådmann

astrid eidsvik 2015Eidsvik er innstilt til stillinga som rådmann i nye Ålesund av eit samrøystes tilsettingsutval etter ein grundig prosess der det også er brukt eit eksternt rekrutteringsbyrå.

Det er fellesnemnda for nye Ålesund kommune som skal tilsette rådmann i den nye kommunen. Det skal skje i fellesnemndmøtet 5. oktober.  Tilsettingsutvalet har bestått av ordførarane i dei fem kommunane som skal danne nye Ålesund kommune i 2020.

Astrid J. Eidsvik (59) er i dag rådmann i Ålesund kommune, ei stilling ho blei tilsett i av bystyret i februar 2015. Eidsvik var før helsedirektør i Møre og Romsdal.

Leiar i tilsettingsutvalet og ordførar i Skodje, Dag Olav Tennfjord, seier at utvalet er glade for å kunne innstille ein erfaren og dyktig person til denne krevande stillinga. Utvalet har vektlagt ein grundig rekrutteringsprosess frå arbeidet med stillingsprofil i juni til intervju og kandidatvurdering i september.

Rådmannen i nye Ålesund skal også vere prosjektleiar for etableringa av den nye kommunen og vil ha ei sentral rolle i å bygge og utvikle den i samarbeid med dei sittande rådmennene og dei fem deltakande kommunane forøvrig.

Det er ikkje bestemt når Eidsvik vil tiltre i den nye stillinga. Det er faktorar som vil bli avklarte etter den eventuelle tilsettinga 5. oktober.  Då vil også gamle Ålesund måtte bestemme korleis kommunen skal fylle rådmannsfunksjonen fram til samanslåinga 1. januar 2020.

Tilsettingsutvalet

Tilsettingsutvalet har bestått av leiar Dag Olav Tennfjord (Skodje), Oddvar Myklebust (Sandøy), Vebjørn Krogsæter (Haram), Knut Helge Harstad (Ørskog) og Eva M. Vinje Aurdal (Ålesund).  Hanne Tonning har vore tilsettrepresentant på vegne av alle kommunane og prosjektkoordinator for samanslåingsprosessen har vore sekretær. Rekrutteringsbyrået Amrop Delphi har bistått utvalet i prosessen.

Stillinga som rådmann blei utlyst 22. juni med søknadsfrist 15. august.  Då fristen gjekk ut, hadde fire personar søkt stillinga. Tilsettingsutvalet bestemte at dei også ville behandle søknadar som kom inn etter søknadsfrist. To kvalifiserte søkarar søkte etter fristen. Ein søkar trakk sitt kandidatur i prosessen.

Fellesnemnda skal behandle tilsettinga av rådmann i nye Ålesund kommune 5. oktober. Møtet startar klokka 12.00 og blir halde på rådhuset i Ålesund, på rom 364 ved bystyresalen i lavblokka

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.