Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Innsyn og postlister

klubbe cropNye Ålesund har fått på plass møtekalender, saksarkiv og postliste for prosjektet Her kan du få tilgang til dokument og postliste.

Du finn innsyn under aktuelt på nyealesund.no.

Møteplan

Prosjektet nye Ålesund har tre formelle organ som visast i møteplanen i innsyn:

  • Fellesnemnda som fungerer som felles kommunestyre for dei fem kommunane fram til samanslåinga 1. januar 2020. Fellesnemnda består av fem politikarar frå kvar av kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Fellesnemnda har det formelle ansvaret med å førebu den nye kommunen i samsvar med føringane i intensjonsavtalen. Nemnda disponerer blant anna eingongsstønaden frå staten i samband med kommunereforma, og skal tilsette rådmann/prosjektleiar for den nye kommunen.
  • Arbeidsutvalet fungerer som formannskap til fellesnemnda fram til samanslåinga. Det er ordførarane i dei fem kommunane som sit i arbeidsutvalet. Rådmennene og prosjektkoordinator er også til stades på møta.
  • Partssamansett utval har representantar frå tilsette og arbeidsgivar frå kvar av kommunane. Arbeidsgivar sine representantar i partsamansett utval for samanslåingsprosessen er valde blant fellesnemnda sine medlemmar, og utgjer eit fleirtal av medlemmane. Tilsettrepresentantar er valde av tillitsvalde i kommunane. Ein representant for vernetenesta i kommunene møter med tale-og forslagsrett.

    Utvalet skal handsame saker som gjeld forhaldet mellom den nye kommunen som arbeidsgivar og tilsette og uttale seg i saker som gjeld overordna personalpolitiske spørsmål, retningsliner og planar i samband med kommunesamanslåinga.

Postliste og dokument

På postlista vil du finne innkomne og utgåande brev som gjeld prosjektet. Du vil også kunne finne dokument tilknytta både saker og møte på denne nettsida.

Sida er under oppbygging og det vil ta litt tid før den er fullstendig oppdatert med all informasjon.

Ønskjer du innsyn i dokument som ikkje ligg ute, kan du ta kontakt med post.nyealesund(at)alesund.kommune.no

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.