Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Astrid J. Eidsvik blir rådmann i nye Ålesund

astrid eidsvik 2015 webFellesnemnda for nye Ålesund vedtok einstemmig å tilsette Astrid J. Eidsvik som rådmann i nye Ålesund kommune.  Det skjedde i fellesnemnda sitt møte 5. oktober.

Tilsettinga er i tråd med tilsettingsutvalet si innstilling.

Astrid J. Eidsvik (59) er i dag rådmann i Ålesund kommune, ei stilling ho blei tilsett i av Ålesund bystyre i februar 2015. Eidsvik var før helsedirektør i Møre og Romsdal.

Rådmannen i nye Ålesund skal også vere prosjektleiar for etableringa av den nye kommunen og vil ha ei sentral rolle i å bygge og utvikle den i samarbeid med dei sittande rådmennene og dei fem deltakande kommunane for øvrig. Nye Ålesund  består av Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund.

Det er ikkje bestemt når Eidsvik vil tiltre den nye stillinga. Det er faktorar som vil bli avklarte  i løpet av nokre veker. Innan Eidsvik startar som prosjektleiar i nye Ålesund vil Ålesund kommune bestemme korleis kommunen skal fylle rådmannsfunksjonen fram til samanslåinga 1. januar 2020.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.