Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Prosjektansvarleg for IKT og digitalisering

Big data higgs photo KamiPhuc FlicrHelge Veum (42) er tilsett i den treårige prosjektstillinga som prosjektansvarleg for IKT og digitalisering i nye Ålesund. Veum kjem frå ei stilling som avdelingsdirektør i Datatilsynet.

Nye Ålesund kommune har høge ambisjonar for digitaliseringa av kommunale tenester og for digital dialog med innbyggarar og næringsliv. I intensjonsavtalen mellom kommunane heiter det at nye Ålesund kommune skal vere ein føregangskommune når det gjeld digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene. Helge Veum skal leie delprosjektet IKT og digitalisering i prosjektet for å bygge nye Ålesund. Prosjektstillinga inngår i prosjektteamet.    

Veum takka ja til stillinga etter ein tilsettingsprosess med 15 søkarar.  

Veum meiner denne stillinga er ein av dei mest spanande og relevante stillingane på nordvestlandet på dette fagområdet. Han trekker særleg fram det å kunne vere sentral i samkøyringa av IKT og digitaliseringsarbeidet når dei fem kommunane skal gå saman til ein, og å vere med å løfte digitaliseringsarbeidet frå digitalisering av kommunikasjon til digitalisering av tenestene.  (Artikkelen fortset under biletet).

Han trekker også fram viktigheita av å ivareta personvernet når offentleg sektor skal digitaliserast.  

Desse fokusområda er samanfallande med ambisjonane til nye Ålesund.  

Helge Veum  - portrett

 

Veum har vore tilsett i Datatilsynet sida 2003 og avdelingsdirektør frå 2012. Han har utdanninga si frå Høgskolen i Oslo, avdeling for ingeniørutdanning,  Queensland University of Technology i Brisbane, Australia og University of the South Pacific på Fiji. I tillegg er han utdanna frå Møre og Romsdal Tekniske fagskole i Ålesund og befalsskolen for marinen i Bergen.  

Nye Ålesund er svært glad for at Veum har takka ja til stillinga og ønsker han velkomen til prosjektteamet.  Veum skal vere på plass etter nyttår.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.