Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Kvar er vi i prosjektet?

Digernes 0817 0698 Korr 2I løpet av hausten 2017 er det mange brikkar som fell på plass i bygginga av nye Ålesund. Her er ei lita oversikt over kva som har skjedd og kva som er planlagt.

I juni 2017 vedtok Stortinget ein endra kommunestruktur i Norge. 118 kommunar skal bli 46 kommunar og i 2020 vil det vere 356 kommunar i landet.

Når det gjeld nye Ålesund, så bestemte Stortinget at Haram skal gå inn som ein del av den nye kommunen. Med fem kommunar som skal slå seg saman, blir denne samanslåinga, saman med Askim (Askim, Eidsberg, Hobøl, Spydeberg, Trøgstad), den største samanslåinga i landet.

Prosjektet har i haust fått utbetalt eingongsstønaden på 61,5 millionar kroner som skal brukast til reformarbeid, IKT, breiband med meir dei komande åra.

Haram og valet

Etter valet i september har Senterpartiet varsla omkamp om kommunestrukturen i dei tilfella der kommunane ikkje frivilleg har blitt med i ei samanslåing. Grunnen til omkampen er at samansetninga av Stortinget er annerleis no enn før valet.

Sjølv om det er representantar på Stortinget som vil prøve å få gjort om vedtaket for kommunar som ikkje ønskjer å bli slått saman, har Haram ikkje så langt gjort noko vedtak om at dei vil søkje om å bli fritatt frå tvangssammenslåing, hvis dette blir mogleg.

Organisasjonen

Nye Ålesund fekk tilsett rådmann 5. oktober, men det er enno ikkje bestemt når Eidsvik tiltrer stillinga.  Det er blant anna avhengig av korleis Ålesund kommune vel å organisere leiargruppa si framover og om det blir lyst ut etter ny rådmann i kommunen dei to åra som gjenstår før nye Ålesund formelt er i gang 1. januar 2020.

Rådmannen skal også vere prosjektleiar og leie prosjektorganisasjonen fram til 2020.

No når rådmann er på plass, vil ein begynne å arbeide med korleis den nye kommunen skal organiserast. Etter at kartleggingsarbeidet er ferdig i 2017, vil det bli ei brei involvering i kva organisasjonsmodell vi skal velje. Eidsvik vil leie dette arbeidet.

Først når vi har bestemt overordna organisasjonsstruktur, kan vi avgjere kven som skal sitje i leiargruppa i den nye kommunen.  Det skjer i løpet av 2018. I løpet av året vil det også bli laga bemanningsplan og starta personalprosessar for leiarane under toppleiarnivå.

Delprosjekt

Til no er det 12 delprosjekt i arbeid. Prosjekta er overordna prosjekt både når det gjeld administrasjon og politikk. Når den nye administrative strukturen er klar, vil ein starte prosjekt- og samordningsarbeidet på einingsnivå. 

Det er eit stort arbeid som skal gjerast fram til 2020 og sjølv om prosjektet prøver å konsentrere seg om det som MÅ gjerast, så vil det bli mykje jobb for mange tilsette. Verksemdene må rekne med å få ekstraoppgåver i samband med kommunereforma framover.

Politikk

Då Stortinget gjorde sitt vedtak om endra kommunestruktur, så blei det sett ned ei fellesnemnd for nye Ålesund. Dette er lovfesta. Fellesnemnda har fem representantar frå kvar kommune og er kommunestyret for den nye kommunen fram til valet i 2019. Fellesnemnda har det formelle ansvaret med å førebu den nye kommunen i samsvar med intensjonsavtalen.

Arbeidsutvalet, som er dei fem ordførarane, fungerer som formannskap for fellesnemnda og førebur saker til nemnda.

Nye Ålesund skal også bestemme politisk struktur for den nye kommunen. Den politiske strukturen blir vedtatt innan utgangen av 2017. Dette gjeld både komité/utvalstruktur og kommunedelsutval.

Har du spørsmål om prosessen? Send ein epost til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller skriv ei privat melding på facebooksida Tilsette i nye Ålesund kommune. Tillitsvalde og næraste leiar kan også gi informasjon.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.