Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Forslag til kva vegar som endrar namn

Frå arbeidsutvalet sitt møte på Sandøy i augustArbeidsutvalet får presentert forslag til kva for vegar som kan få nye namn og blir orientert om arbeidet med ny politsk hovudstruktur og kommunane sine økonomiplanar og budsjett fram til 2020.

Arbeidsutvalet har møte onsdag 18. oktober på rådhuset i Skodje klokka 12.00. Arbeidsutvalet er alle dei fem ordførarane i kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Rådmennene er også med på møta. Arbeidsutvalet innstiller saker til fellesnemnda, som er kommunestyret i nye Ålesund fram til valet i 2019.

Endring av vegnamn

Delprosjektet for matrikkel, kart og oppmåling har kome med eit forslag på vegar som bør endre namn i nye Ålesund. Arbeidsutvalet får framlagt forslaget på møtet sitt onsdag 18. oktober. Det er fellesnemnda som skal handsame forslaga og ta ei avgjerd 26. oktober.

Delprosjektet foreslår at desse vegane endrar namn:

Haram (17):

Bakkane, Fjelltun, Fjellvegen, Gjerdet, Hamnevegen, Haugvegen, Johanmarka, Jordmorvegen, Kalvøyvegen, Kyrkjevegen, Lyngvegen, Sjøvegen, Skulevegen, Storgata, Støvegen, Sætrevegen, Åslia

Sandøy (8):

Breivikvegen, Haugevegen, Kringsjåvegen, Lunda, Markavegen, Molovegen, Sjøvegen, Steinvågvegen.

Skodje (16):

Bergsvegen, Einevegen, Fjellvegen, Gamlevegen, Gjerdevegen, Karolusplassen, Myrbakken, Nakkevegen, Nesvegen, Porsevegen, Reitane, Remevegen, Skulevegen, Storfjordvegen, Torevegen, Ådalsvegen.

Ørskog (14):

Einavegen, Gjerdsvegen, Grytalivegen, Idrettsvegen, Kleivavegen, Kyrkjevegen, Liavegen, Lyngvegen, Naustvegen, Skogvegen, Skulevegen, Smibakken, Vestresætervegen, Øvstevegen.

Ålesund (17):

Fergevegen, Gjerdevegen, Gjerdsvegen, Grytavegen, Hansvegen, Haugen, Hjellevegen, Knutgarden, Langhaugen, Niklavegen, Olaus Fjørtofts veg, Reitevegen, Remavegen, Sjøvegen, Slettevegen, Stigen, Storfjordvegen.

Vidare arbeid

Det er ikkje klart kva namn desse vegane eventuelt skal få. Etter at fellesnemnda har bestemt kva for vegar som skal endre namn, er det den enkelte kommune sin administrasjon og politikarar som skal gjere eit arbeid som skal føre til nye vegnamn.

Bakgrunn

På fellesnemndmøtet i Sandøy 14. september vedtok fellesnemnda kriterie for endring av vegnamn i dei fem kommunane:

  • Kommunen med flest adresser knytta til eit vegnamn beheld namnet. Talet adresser knytta til næring blir lagt tyngre vekt på enn bustad, noko som vurderast ved skjønn.
  • For vegnamn som tilhøyrer ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal talet på vegnamn og talet på adresser leggast vekt på, samla sett. Kommunen med flest vegnamn og/eller flest adresser beheld namnet.
  • Ein kommune som naturleg kan erstatte eit vegnamn ved å tak i bruk namn på tilstøtande vegtrasé, beheld ikkje namnet.
  • Vegnamn med ein sterk posisjon for fleire enn innbyggarane, til dømes namn etter viktige personar og/eller namn av historisk tyding for det aktuelle geografiske området, beheld namnet.

Når fem kommunar skal slå seg saman vil det vere fleire gater med same namn eller namn som er så like at dei må endrast. Dette er viktig for blant anna nødetatane og for å unngå forvirring blant innbyggarar og besøkande. Dette er også i tråd med det nasjonale regelverket, som seier at alle gater, veger, stier, plassar og område skal ha eit unikt namn innan kommunen.Det er rundt 40 vegnamn som er dei same i dei fem kommunane. I kriteria er det lagt vekt på færrast mogleg endringar.

Politisk struktur i den nye kommunen

Arbeidsutvalet blir orientert om politisk hovudstruktur i den nye kommunen.

Nye Ålesund kommune skal i følge styringsdokumentet Slik bygger vi nye Ålesund, ha vedtatt ny overordna politisk struktur innan utgangen av 2017. Intensjonsavtalen legg opp til at den nye kommunen skal tenke nytt om formar for innbyggarmedverknad, og då må den politiske hovudstrukturen vere utforma på ein slik måte at den kan svare ut innspel som kjem frå demokratiske organ som ligg under hovedorgana.

Utfordringa er altså å finne ein politisk struktur som utnyttar kunnskapen og ideane som finst blant innbyggarar, folkevalde og administrasjon på best mogleg måte, og som sikrar den nye storkommunen ein påliteleg, ansvarleg, effektiv, og borgarnær organisasjon. Politikarar frå dei fem kommunane har arbeidd med forskjellige forslag til struktur og deira innspel skal samlast og presenterast for fellesnemnda 26. oktober.

Kommunane sine økonomi- og budsjettplanar

Fellesnemnda skal førebu arbeidet med økonomiplanen og budsjettet for det første driftsåret etter at samanslåinga er sett i verk, altså for 2020. Dette inneber at fellesnemnda for nye Ålesund skal uttale seg om økonomi- og budsjettplanane i dei kommunane som utgjer nye Ålesund (Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund).

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har bedt om å få tilsendt ein slik uttale etter at dei formelle vedtaka er fatta i dei enkelte kommunestyra. Fylkesmannen meiner også at det er hensiktsmessig at fellesnemnda sin uttale er kjent før dei formelle vedtaka i kommunestyra/bystyret er tatt.

Fylkesmannen ber fellesnemnda svare ut to spørsmål når det gjeld budsjett- og økonomiplanar –

- om dei meiner dei enkelte kommunane sine investeringar i perioden fram til 202 er i samsvar med dei politiske prioriteringane og innanfor det økonomiske handlingsrommet for den nye kommunen?

og

- om i kva grad dei vedtatte investeringane er i samsvar med dei framtidige behova i den nye kommunen.

Arbeidsutvalet rår fellesnemnda til at nemnda gir ein samla uttale i møtet 7. desember. På det tidspunktet har alle formannskapa kome med sine budsjettforslag og tre av kommunane har gjort vedtak i kommunestyra.

Møtet

Sjå alle sakspapira til møtet 18. oktober på nettstaden nyealesund.no under dokument.

Møtet byrjar klokka 12.00 og er ope for publikum.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.