Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Arbeidsutvalet instiller på nye vegnamn

AU Skodje181017Arbeidsutvalet innstiller på eit forslag om kva for vegar som kan få nye namn, og blei orientert om arbeidet med ny politsk hovudstruktur for den nye kommunen.

Arbeidsutvalet hadde møte onsdag 18. oktober på rådhuset i Skodje klokka 12.00. Arbeidsutvalet er alle dei fem ordførarane i kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Rådmennene er også med på møta. Arbeidsutvalet innstiller saker til fellesnemnda, som er kommunestyret i nye Ålesund fram til valet i 2019.

Endring av vegnamn

Arbeidsutvalet går inn for innstillinga til delprosjektet for matrikkel, kart og oppmåling som har kome med eit forslag om vegar som bør endre namn i nye Ålesund. Det er fellesnemnda som skal handsame forslaga og ta ei avgjerd 26. oktober.

Det er ikkje klart kva dei nye namna på vegane blir. Etter at fellesnemnda har bestemt kva for vegar som skal endre namn, er det den enkelte kommune sin administrasjon og politikarane som skal gjere eit arbeid som skal føre til vedtak om nye vegnamn i den gamle kommunen.

Arbeidsutvalet innstiller på at desse vegane endrar namn:

Haram (17):

Bakkane, Fjelltun, Fjellvegen, Gjerdet, Hamnevegen, Haugvegen, Johanmarka, Jordmorvegen, Kalvøyvegen, Kyrkjevegen, Lyngvegen, Sjøvegen, Skulevegen, Storgata, Støvegen, Sætrevegen, Åslia

Sandøy (8):

Breivikvegen, Haugevegen, Kringsjåvegen, Lunda, Markavegen, Molovegen, Sjøvegen, Steinvågvegen.

Skodje (16):

Bergsvegen, Einevegen, Fjellvegen, Gamlevegen, Gjerdevegen, Karolusplassen, Myrbakken, Nakkevegen, Nesvegen, Porsevegen, Reitane, Remevegen, Skulevegen, Storfjordvegen, Torevegen, Ådalsvegen.

Ørskog (14):

Einavegen, Gjerdsvegen, Grytalivegen, Idrettsvegen, Kleivavegen, Kyrkjevegen, Liavegen, Lyngvegen, Naustvegen, Skogvegen, Skulevegen, Smibakken, Vestresætervegen, Øvstevegen.

Ålesund (17):

Fergevegen, Gjerdevegen, Gjerdsvegen, Grytavegen, Hansvegen, Haugen, Hjellevegen, Knutgarden, Langhaugen, Niklavegen, Olaus Fjørtofts veg, Reitevegen, Remavegen, Sjøvegen, Slettevegen, Stigen, Storfjordvegen.

Sjå oversikt over alle vegane som er felles i dei fem kommunane i sakspapira.

Bakgrunn for namneendring

På fellesnemndmøtet i Sandøy 14. september vedtok fellesnemnda kriterie for endring av vegnamn i dei fem kommunane:

  • Kommunen med flest adresser knytta til eit vegnamn beheld namnet. Talet adresser knytta til næring blir lagt tyngre vekt på enn bustad, noko som vurderast ved skjønn.
  • For vegnamn som tilhøyrer ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal talet på vegnamn og talet på adresser leggast vekt på, samla sett. Kommunen med flest vegnamn og/eller flest adresser beheld namnet.
  • Ein kommune som naturleg kan erstatte eit vegnamn ved å tak i bruk namn på tilstøtande vegtrasé, beheld ikkje namnet.
  • Vegnamn med ein sterk posisjon for fleire enn innbyggarane, til dømes namn etter viktige personar og/eller namn av historisk tyding for det aktuelle geografiske området, beheld namnet.

Når fem kommunar skal slå seg saman vil det vere fleire gater med same namn eller namn som er så like at dei må endrast. Dette er viktig for blant anna nødetatane og for å unngå forvirring blant innbyggarar og besøkande. Dette er også i tråd med det nasjonale regelverket, som seier at alle gater, veger, stier, plassar og område skal ha eit unikt namn innan kommunen.Det er rundt 40 vegnamn som er dei same i dei fem kommunane. I kriteria er det lagt vekt på færrast mogleg endringar.

Politisk struktur i den nye kommunen

Arbeidsutvalet blei orientert om kva som er tenkt for å arbeide fram ein politisk hovudstruktur i den nye kommunen av demokratirådgjevar for nye Ålesund, Mads Solberg.

Utfordringa er å finne ein politisk struktur som utnyttar kunnskapen og ideane som finst blant innbyggarar, folkevalde og administrasjon på best mogleg måte, og som sikrar den nye storkommunen ein påliteleg, ansvarleg, effektiv, og borgarnær organisasjon. Politikarar frå dei fem kommunane har arbeidd med forskjellige forslag til struktur og deira innspel skal samlast og presenterast for fellesnemnda 26. oktober

Nye Ålesund kommune skal i følge styringsdokumentet Slik bygger vi nye Ålesund, ha vedtatt ny overordna politisk struktur innan utgangen av 2017. Intensjonsavtalen legg opp til at den nye kommunen skal tenke nytt om formar for innbyggarmedverknad, og då må den politiske hovudstrukturen vere utforma på ein slik måte at den kan svare ut innspel som kjem frå demokratiske organ som ligg under hovedorgana.

Kommunane sine økonomi- og budsjettplanar

Fellesnemnda skal førebu arbeidet med økonomiplanen og budsjettet for det første driftsåret etter at samanslåinga er sett i verk, altså for 2020. Dette inneber at fellesnemnda for nye Ålesund skal uttale seg om økonomi- og budsjettplanane i dei kommunane som utgjer nye Ålesund (Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund).

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har bedt om å få tilsendt ein slik uttale etter at dei formelle vedtaka er fatta i dei enkelte kommunestyra. Fylkesmannen meiner også at det er hensiktsmessig at fellesnemnda sin uttale er kjent før dei formelle vedtaka i kommunestyra/bystyret er tatt.

Fylkesmannen ber fellesnemnda svare ut to spørsmål når det gjeld budsjett- og økonomiplanar –

- om dei meiner dei enkelte kommunane sine investeringar i perioden fram til 202 er i samsvar med dei politiske prioriteringane og innanfor det økonomiske handlingsrommet for den nye kommunen?

og

- om i kva grad dei vedtatte investeringane er i samsvar med dei framtidige behova i den nye kommunen.

Arbeidsutvalet rår fellesnemnda til at nemnda gir ein samla uttale i møtet 7. desember. På det tidspunktet har alle formannskapa kome med sine budsjettforslag og tre av kommunane har gjort vedtak i kommunestyra.

Møtet

Sjå alle sakspapira og protokollen etter møtet 18. oktober under Aktuelt > Innsyn og postliste på nettstaden nyealesund.no.

Fellesnemnda sitt møte skal handsame innstillingane frå arbeidsutvalet på sitt møte 26. oktober. Det møtet blir halde i etterkant av Moakonferansen klokka 16.30 i kjellaren i Pinsekirka i Ålesund.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.