Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Følg fellesnemnda sitt møte direkte på nett

pinsekirka i Ålesund. google.no/mapsFellesnemnda skal i sitt møte 26. oktober blant anna avgjere om dei er einige i forslaga til endring av veg- og gatenamn, snakke om økonomi og eigedomsskatt og opprettinga av Newtonrom. Møtet byrjar klokka 16.30 og kan følgast direkte via ei lenke i denne artikkelen.

Møtet blir halde i Pinsekirka på Moa i forbindelse med Moakonferansen, 26. oktober. Møtet startar klokka 16.30 og er åpent for publikum. Det kan også følgast på nett. Sendinga startar når møtet startar:

 

Dette er blant sakene som skal behandlast:

Endring av vegnamn

Fellesnemnda skal behandle forslag om vegar som bør endre namn i nye Ålesund. Arbeidsutvalet har behandla saka og gått inn for innstillinga til delprosjektet for matrikkel, kart og oppmåling, som kommer gjengis her:

Det er ikkje klart kva dei nye namna på vegane blir. Etter at fellesnemnda har bestemt kva for vegar som skal endre namn, er det den enkelte kommune sin administrasjon og politikarane som skal gjere eit arbeid som skal føre til vedtak om nye vegnamn i den gamle kommunen.

Arbeidsutvalet innstiller på at desse vegane endrar namn:

Haram (17):
Bakkane, Fjelltun, Fjellvegen, Gjerdet, Hamnevegen, Haugvegen, Johanmarka, Jordmorvegen, Kalvøyvegen, Kyrkjevegen, Lyngvegen, Sjøvegen, Skulevegen, Storgata, Støvegen, Sætrevegen, Åslia

Sandøy (8):
Breivikvegen, Haugevegen, Kringsjåvegen, Lunda, Markavegen, Molovegen, Sjøvegen, Steinvågvegen.

Skodje (16):
Bergsvegen, Einevegen, Fjellvegen, Gamlevegen, Gjerdevegen, Karolusplassen, Myrbakken, Nakkevegen, Nesvegen, Porsevegen, Reitane, Remevegen, Skulevegen, Storfjordvegen, Torevegen, Ådalsvegen.

Ørskog (14):
Einavegen, Gjerdsvegen, Grytalivegen, Idrettsvegen, Kleivavegen, Kyrkjevegen, Liavegen, Lyngvegen, Naustvegen, Skogvegen, Skulevegen, Smibakken, Vestresætervegen, Øvstevegen.

Ålesund (17):
Fergevegen, Gjerdevegen, Gjerdsvegen, Grytavegen, Hansvegen, Haugen, Hjellevegen, Knutgarden, Langhaugen, Niklavegen, Olaus Fjørtofts veg, Reitevegen, Remavegen, Sjøvegen, Slettevegen, Stigen, Storfjordvegen.

Sjå oversikt over alle vegane som er felles i dei fem kommunane i sakspapira.

Bakgrunn for namneendring

På fellesnemndmøtet i Sandøy 14. september vedtok fellesnemnda kriterie for endring av vegnamn i dei fem kommunane:

  •  Kommunen med flest adresser knytta til eit vegnamn beheld namnet. Talet adresser knytta til næring blir lagt tyngre vekt på enn bustad, noko som vurderast ved skjønn.   
  • For vegnamn som tilhøyrer ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal talet på vegnamn og talet på adresser leggast vekt på, samla sett. Kommunen med flest vegnamn og/eller flest adresser beheld namnet.
  • Ein kommune som naturleg kan erstatte eit vegnamn ved å tak i bruk namn på tilstøtande vegtrasé, beheld ikkje namnet.
  • Vegnamn med ein sterk posisjon for fleire enn innbyggarane, til dømes namn etter viktige personar og/eller namn av historisk tyding for det aktuelle geografiske området, beheld namnet.

Når fem kommunar skal slå seg saman vil det vere fleire gater med same namn eller namn som er så like at dei må endrast. Dette er viktig for blant anna nødetatane og for å unngå forvirring blant innbyggarar og besøkande. Dette er også i tråd med det nasjonale regelverket, som seier at alle gater, veger, stier, plassar og område skal ha eit unikt namn innan kommunen.Det er rundt 40 vegnamn som er dei same i dei fem kommunane. I kriteria er det lagt vekt på færrast mogleg endringar.

Status for oppretting av Newton-rom

Realisering av Newton-rommet ved Norsk Maritimt Kompetansesenter er godt igang, og rommet vil vere klart i november 2017. Sparebanken Møre har tildelt 5 millionar til etablering og utvikling av rommet. Drift av rommet i form av husleie, renhald og vedlikehald er berekna til vel kr. 700.000 og i tillegg kjem lønnskostnadar for 1-2 lærerar. Det er inngått avtale mellom Ålesund kommune og NMK om leie av lokalet frå 1.1.2018. Ved å etablere Newton-rommet følgjer Ålesund kommune opp nasjonale føringar om å styrke realfagskompetansen i grunnskulen.  Les ein større sak om oppretting av Newton-rommet.

Kommunane sine økonomi- og budsjettplanar

Fellesnemnda skal førebu arbeidet med økonomiplanen og budsjettet for det første driftsåret etter at samanslåinga er sett i verk, altså for 2020. Dette inneber at fellesnemnda for nye Ålesund skal uttale seg om økonomi- og budsjettplanane i dei kommunane som utgjer nye Ålesund (Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund).

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har bedt om å få tilsendt ein slik uttale etter at dei formelle vedtaka er fatta i dei enkelte kommunestyra. Fylkesmannen meiner også at det er hensiktsmessig at fellesnemnda sin uttale er kjent før dei formelle vedtaka i kommunestyra/bystyret er tatt.

Fylkesmannen ber fellesnemnda svare ut to spørsmål når det gjeld budsjett- og økonomiplanar –
- om dei meiner dei enkelte kommunane sine investeringar i perioden fram til 202 er i samsvar med dei politiske prioriteringane og innanfor det økonomiske handlingsrommet for den nye kommunen?
og
- om i kva grad dei vedtatte investeringane er i samsvar med dei framtidige behova i den nye kommunen.

Arbeidsutvalet rår fellesnemnda til at nemnda gir ein samla uttale i møtet 7. desember. På det tidspunktet har alle formannskapa kome med sine budsjettforslag og tre av kommunane har gjort vedtak i kommunestyra.

Oppnemning av medlem til kyrkjeleg fellesnemnd

Fellesnemnda har mottatt invitasjon frå kyrkjeleg fellesråd til å stille med ein representant i kyrkjeleg fellesnemnd. Tilrådinga frå arbeidsutvalet (AU) er at fellesnemnda innstiller Randi Walderhaug Frisvoll (Haram) som medlem, og Tore Johan Øvstebø (Ålesund) som varamedlem til kyrkjeleg fellesnemnd.

Møtereglemet for folkevalde organ

Fellesnemnda skal behandle nytt møtereglement for folkevalde organ i dagens møte. Reglementet skal avspegle den arbeidsmåten og møteforma som arbeidsutvalet og fellesnemnda ønsker, samstundes som lovkrava i kommunelova blir oppfylte. Arbeidsutvalet rår fellesnemnda til å vedta det framlagde forslaget til møtereglement. Reglementet skal vare fram til nytt kommunestyre er konstituert hausten 2019.  I forslaget rår også AU at medlemmene i fellesnemnda skal sitte kommunevis fram til 01.08.2018 og deretter sitte partivis. Sjå hele reglementet i sakspapira.

Reglement for godtgjersle

Fellesnemnda skal behandle reglement for godtgjersle for medlemmer av fellesnemnda. Her er nokre av hovedtrekka, les meir i saksutgreininga og reglementet:

"Det vert her lagt opp til ei fast årleg godtgjersle til medlemmer av Fellesnemnda tilsvarande 5 % av godtgjersla til stortingsrepresentantar, og i tillegg ei variabel godtgjersle pr. møte  tilsvarande 0,2 % av godtgjersla til stortingsrepresentantar. Pr. 01.05.17 utgjer dette 46 430  kr. i årleg godtgjersle, samt 1 857 kr. pr. møte. Den faste årlege godtgjersla vert redusert dersom eit medlem har meir enn 25 % fråver.

For vararepresentantar vert det gitt ei noko høgare godtgjersle pr. møte, tilsvarande 0,3 % av årleg godtgjersle for ein stortingsrepresentant, 2 785 kr. pr. møte. Varamedlemmer som møter på meir enn 50 % av møta i Fellesnemnda får 50 % av den faste årlege godtgjersla.

For representantar som møter i andre utval og arbeidsgrupper vil møtegodtgjersla vere 0,2 % av årleg godtgjersle for ein stortingsrepresentant, 1 857 kr. pr. møte. Leiar for underutval og arbeidsgrupper får  4 000 kroner pr. møte."

Møtet

Møtet blir halde i Pinsekirka på Moa, 26. oktober, kl. 16.30. Møtet er åpent for publikum.Sjå alle sakspapira under Aktuelt > Innsyn og postliste - velg deretter Møteplan og Fellesnemnda på nettstaden nyealesund.no.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.