Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Desse vegane skal forandre namn

Fellesnnemnda sitt møte i Pinsekirka 26. oktober 2017Fellesnemnda gjekk inn for å forandre veg- og gatenamn som er for like i dei fem kommunane som skal danne nye Ålesund. Den enkelte kommune skal no arbeide fram nye vegnamn.

Møtet var i Pinsekirka 26. oktober i samband med Moakonferansen som blei halde der.

Endring av vegnamn

Fellesnemnda sa einstemmig ja til forslaga om vegar som må endre namn i nye Ålesund. Det gjeld rundt 40 vegar i dei fem kommunane. Avgjerda følger arbeidsutvalets innstilling.

Det er enno ikkje klart kva dei nye namna på vegane blir. Etter at fellesnemnda no har bestemt kva for vegar som skal endre namn, er det den enkelte kommune sin administrasjon og politikarane som skal gjere eit arbeid som skal føre til vedtak om nye vegnamn i den gamle kommunen.

Fellesnemnda gjekk inn for at desse vegane endrar namn:

Haram (17):
Bakkane, Fjelltun, Fjellvegen, Gjerdet, Hamnevegen, Haugvegen, Johanmarka, Jordmorvegen, Kalvøyvegen, Kyrkjevegen, Lyngvegen, Sjøvegen, Skulevegen, Storgata, Støvegen, Sætrevegen, Åslia

Sandøy (9):
Breivikvegen, Haugevegen, Kringsjåvegen, Lunda, Markavegen, Molovegen, Remmavegen, Sjøvegen, Steinvågvegen.

Skodje (16):
Bergsvegen, Einevegen, Fjellvegen, Gamlevegen, Gjerdevegen, Karolusplassen, Myrbakken, Nakkevegen, Nesvegen, Porsevegen, Reitane, Remevegen, Skulevegen, Storfjordvegen, Torevegen, Ådalsvegen.

Ørskog (14):
Einavegen, Gjerdsvegen, Grytalivegen, Idrettsvegen, Kleivavegen, Kyrkjevegen, Liavegen, Lyngvegen, Naustvegen, Skogvegen, Skulevegen, Smibakken, Vestresætervegen, Øvstevegen.

Ålesund (17):
Fergevegen, Gjerdevegen, Gjerdsvegen, Grytavegen, Hansvegen, Haugen, Hjellevegen, Knutgarden, Langhaugen, Niklavegen, Olaus Fjørtofts veg, Reitevegen, Remavegen, Sjøvegen, Slettevegen, Stigen, Storfjordvegen.

Sjå oversikt over alle vegane som er felles i dei fem kommunane i sakspapira.

Bakgrunn for namneendring

På fellesnemndmøtet i Sandøy 14. september vedtok fellesnemnda kriterie for endring av vegnamn i dei fem kommunane:

  •  Kommunen med flest adresser knytta til eit vegnamn beheld namnet. Talet adresser knytta til næring blir lagt tyngre vekt på enn bustad, noko som vurderast ved skjønn.   
  • For vegnamn som tilhøyrer ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal talet på vegnamn og talet på adresser leggast vekt på, samla sett. Kommunen med flest vegnamn og/eller flest adresser beheld namnet.
  • Ein kommune som naturleg kan erstatte eit vegnamn ved å tak i bruk namn på tilstøtande vegtrasé, beheld ikkje namnet.
  • Vegnamn med ein sterk posisjon for fleire enn innbyggarane, til dømes namn etter viktige personar og/eller namn av historisk tyding for det aktuelle geografiske området, beheld namnet.

Når fem kommunar skal slå seg saman vil det vere fleire gater med same namn eller namn som er så like at dei må endrast. Dette er viktig for blant anna nødetatane og for å unngå forvirring blant innbyggarar og besøkande. Dette er også i tråd med det nasjonale regelverket, som seier at alle gater, veger, stier, plassar og område skal ha eit unikt namn innan kommunen.Det er rundt 40 vegnamn som er dei same i dei fem kommunane. I kriteria er det lagt vekt på færrast mogleg endringar.

Status for oppretting av Newton-rom

Realisering av Newton-rommet ved Norsk Maritimt Kompetansesenter er godt igang, og rommet vil vere klart i november 2017. Sparebanken Møre har tildelt 5 millionar til etablering og utvikling av rommet. Drift av rommet i form av husleie, renhald og vedlikehald er berekna til vel kr. 700.000 og i tillegg kjem lønnskostnadar for 1-2 lærerar. Det er inngått avtale mellom Ålesund kommune og NMK om leie av lokalet frå 1.1.2018. Ved å etablere Newton-rommet følgjer Ålesund kommune opp nasjonale føringar om å styrke realfagskompetansen i grunnskulen.  Les ein større sak om oppretting av Newton-rommet.

Kommunane sine økonomi- og budsjettplanar

Fellesnemnda skal førebu arbeidet med økonomiplanen og budsjettet for det første driftsåret etter at samanslåinga er sett i verk, altså for 2020. Dette inneber at fellesnemnda for nye Ålesund skal uttale seg om økonomi- og budsjettplanane i dei kommunane som utgjer nye Ålesund (Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund). Fellesnemnda blei orientert om korleis ein tenker seg dette arbeidet.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har bedt om å få tilsendt uttalen om økonomi- og budsjettplanane etter at dei formelle vedtaka er fatta i dei enkelte kommunestyra. Fylkesmannen meiner også at det er hensiktsmessig at fellesnemnda sin uttale er kjent før dei formelle vedtaka i kommunestyra/bystyret er tatt.

Fylkesmannen ber fellesnemnda svare ut to spørsmål når det gjeld budsjett- og økonomiplanar –
- om dei meiner dei enkelte kommunane sine investeringar i perioden fram til 202 er i samsvar med dei politiske prioriteringane og innanfor det økonomiske handlingsrommet for den nye kommunen?
og
- om i kva grad dei vedtatte investeringane er i samsvar med dei framtidige behova i den nye kommunen.

Arbeidsutvalet rår fellesnemnda til at nemnda gir ein samla uttale i møtet 7. desember. På det tidspunktet har alle formannskapa kome med sine budsjettforslag og tre av kommunane har gjort vedtak i kommunestyra.

Oppnemning av medlem til kyrkjeleg fellesnemnd

Fellesnemnda sin representant til kyrkjeleg fellesnemnd i nye Ålesund. Nemnda valde Randi Walderhaug Frisvoll(Haram) som medlem, og Tore Johan Øvstebø(Ålesund) som varamedlem.

Møtereglement for folkevalde organ

Fellesnemnda behandla nytt møtereglement for folkevalde organ i dagens møte. Reglementet skal avspegle den arbeidsmåten og møteforma som arbeidsutvalet og fellesnemnda ønsker, samstundes som lovkrava i kommunelova blir oppfylte. Fellesnemnda vedtok blant anna at medlemmene skal sitte kommunevis og ikkje partivis. Det vedtatte reglementet kjem fram av protokollen når den er klar.

Reglement for godtgjersle

Fellesnemnda behandla reglement for godtgjersle for medlemmer av fellesnemnda. Les meir i saksutgreiinga og reglementet.

Grensejustering og work shop

Møtet blei avslutta med ei orientering frå ordførar i Sandøy, Oddvar Myklebust, om mogleg grensejustering på Sandøy, der tre av øyane med til saman 50 innbyggarar har søkt om å ikkje bli ein del Ålesund. Det er fylkesmannen og deretter departementet som avgjer denne saka. Dei Sandøy og dei fire andre kommunane er høringsinstans i saka og arbeider vidare med saka.

Etter det formelle møtet var det work shop om politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad.

Møtet

Du finn sakspapir og protokoll på nyealesund.no under Aktuelt > Postliste og innsyn. Velg så møteplan og fellesnemnda.

Neste møte i fellesnemnda er 16. november i Ørskog.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.