Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Oppstart for kommunevåpen og ordførarkjede

 møte på skodjeArbeidsutvalet skal på sitt møte 7. november ta stilling til om det skal opprettast ein politisk komité som skal starte arbeidet med nytt kommunevåpen og ordførarkjede for nye Ålesund.

Arbeidsutvalet møtast på Ørskog rådhus klokka 12.00, 7. november. Arbeidsutvalet består av ordførarene i dei fem kommunane som skal danne nye Ålesund og innstiller saker til fellesnemnda. Det er fellesnemnda som tar avgjerdene i sakene.

Arbeidsutvalet sitt møte er ope for publikum.

Kommunevåpen og ordførarkjede

Nye Ålesund må ha nytt kommunevåpen og ordførarkjede. Det er målet at dei nye symbola skal takast i bruk så snart som råd etter samanslåingstidspunktet 1. januar 2020. Arbeidsutvalet får eit forslag om korleis arbeidet skal organiserast, på bordet. Det blir foreslått å sette ned ein komité med ein politisk representant med vara frå kvar kommune. Representantane skal fortrinnsvis sitte i fellesnemnda. Arbeidsutvalet innstiller på kven som skal vere faste medlemmar eller vara medlemmar slik at komiteen får kjønnsmessig balanse. Fellesnemnda skal gjere endeleg vedtak 7. desember.

Intensjonsavtalen skriv at når det blir laga nytt kommunevåpen og ordførarkjede, så skal kommunevåpna for alle deltakarkommunane visast igjen i det nye ordførarkjedet. Dette er ikkje til hinder for at Ålesund som by kan halde fram med å bruke sitt våpenmerke. Det skal utformast eit eige reglement for bruk av Ålesund by sitt våpenmerke som fellesnemnda kan vedta.

Brann og redning

Arbeidsutvalet skal ta stilling til om prosjektet med å danne nye Åelsund skal opprette ei faggruppe for brann og redning no. Faggruppa er foreslått samansatt av ein representant frå kvar kommune, med brannfagleg kompetanse, det naturlige vil vere brannsjef eller brannmester. Geir Thorsen, brannsjef i Ålesund, Giske og Haram er foreslått som leiar. Tillitsvalde og hovudvernetenesten skal tiltre prosjektgruppa.

Intensjonsavtalen slår fast at nye Ålesund skal arbeide aktivt med å forebygge og handtere kriser og katastrofer. Den skriver vidare at det må lagast ein ny beredskapsplan som tar høgde for
samfunnstryggleik og beredskapsorganisering. Fellesnemnda skal starte arbeidet med å harmonisere dei kommunale planverka – brann og redning er ein del av dette.

Delprosjektet skal bidra til auka fokus på risiko og beredskap og oppfylle krava til en god samfunnstryggleik i nye Ålesund kommune.
Prosjektet skal organisere brann- og redningstenesta gjennom eit samarbeid mellom tidligare selvstendige brannvesen på ein slik måte at det sikrar eit samla fagmiljø med høg kompetanse, ei effektiv leiing og drift, fleksibilitet, bidra til auka spesialisering og oppretthalde av naudsynt kompetanse knytta til forebygging og beredskap.

Per i dag er organiseringa slik:
- Ålesund har to brannstasjonar (ca. 70 årsverk), ein brannsjef i heiltidsstilling
- Skodje har ein brannstasjon (ca. 20 deltidstilsette), ein brannsjef i deltidsstilling
- Ørskog har ein brannstasjon (ca. 20 deltidstilsette), ein brannsjef i deltidsstilling
- Haram har sju brannstasjonar (ca. 75 deltidstilsette), ein brannmester på heiltid og kjøp av
  brannsjefsfunksjonen frå Ålesund kommune
- Sandøy har ein brannstasjon (ca. 20 deltidstilsette), ein brannsjef i deltidsstilling

Politiske komitear

Arbeidsutvalet skal handsame et forslag om at arbeidsgrupper som har politiske represantantar skal vere komitear. Det betyr at dei politiske delprosjekta for å bygge nye Ålesund er å sjå som folkevalde organ som skal følge kommunelova. Lova seier at gruppesamansetninga skal vere i kjønnsmessig balanse og at sakshandsamingsreglane etter same lov, skal gjelde. Nye Ålesund har til no tre politiske delprosjekt: Kulturbygging og verdiar, Politisk organisering, demokrati og medverknad og Interkommunale samarbeid.

 Møtet

Du les alle sakspapira til møtet i arbeidsutvalet under Aktuelt > Postliste og Innsyn > Møtekalender på nettstaden nyealesund.no

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.