Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Arbeidsutvalets møte 7. november

Leiar Eva Vinje Aurdal og nestleiar Dag Olav Tennfjord, arbeidsutvalet 7. november 2017 - ØrskogArbeidsutvalet gjekk inn for å opprette ei faggruppe for brann og redning og ønsker å opprette ein komité som skal arbeide med nytt kommunevåpen og ordførarkjede.

Arbeidsutvalet hadde møte på Ørskog rådhus 7. november. Arbeidsutvalet består av ordførarene i dei fem kommunane som skal danne nye Ålesund og innstiller saker til fellesnemnda. Det er fellesnemnda som tar avgjerdene i sakene.

Kommunevåpen og ordførarkjede

Arbeidsutvalet gjekk inn for å opprette ein komité med ein politisk representant med vara frå kvar kommune. Komiteen skal arbeide med nytt kommunevåpen og ordførarkjede. Fellesnemnda skal gjere endeleg vedtak 7. desember.Det er målet at dei nye symbola skal takast i bruk så snart som råd etter samanslåingstidspunktet 1. januar 2020.

Intensjonsavtalen skriv at når det blir laga nytt kommunevåpen og ordførarkjede, så skal kommunevåpna for alle deltakarkommunane visast igjen i det nye ordførarkjedet. Dette er ikkje til hinder for at Ålesund som by kan halde fram med å bruke sitt våpenmerke. Det skal utformast eit eige reglement for bruk av Ålesund by sitt våpenmerke som fellesnemnda kan vedta.

Brann og redning

Arbeidsutvalet gjekk inn for å opprette ei faggruppe for brann og redning. Faggruppa er foreslått samansett av ein representant frå kvar kommune med brannfagleg kompetanse. Geir Thorsen, brannsjef i Ålesund, Giske og Haram er foreslått som leiar. Tillitsvalde og hovudvernetenesten skal tiltre prosjektgruppa.

Delprosjektet skal bidra til auka fokus på risiko og beredskap og oppfylle krava til en god samfunnstryggleik i nye Ålesund kommune.
Prosjektet skal organisere brann- og redningstenesta gjennom eit samarbeid mellom tidligare selvstendige brannvesen på ein slik måte at det sikrar eit samla fagmiljø med høg kompetanse, ei effektiv leiing og drift, fleksibilitet, bidra til auka spesialisering og oppretthalde av naudsynt kompetanse knytta til forebygging og beredskap.

Per i dag er organiseringa slik:
- Ålesund har to brannstasjonar (ca. 70 årsverk), ein brannsjef i heiltidsstilling
- Skodje har ein brannstasjon (ca. 20 deltidstilsette), ein brannsjef i deltidsstilling
- Ørskog har ein brannstasjon (ca. 20 deltidstilsette), ein brannsjef i deltidsstilling
- Haram har sju brannstasjonar (ca. 75 deltidstilsette), ein brannmester på heiltid og kjøp av
  brannsjefsfunksjonen frå Ålesund kommune
- Sandøy har ein brannstasjon (ca. 20 deltidstilsette), ein brannsjef i deltidsstilling

Intensjonsavtalen slår fast at nye Ålesund skal arbeide aktivt med å forebygge og handtere kriser og katastrofer. Den skriv vidare at det må lagast ein ny beredskapsplan som tar høgde for samfunnstryggleik og beredskapsorganisering. Fellesnemnda skal starte arbeidet med å harmonisere dei kommunale planverka – brann og redning er ein del av dette.

Politiske komitear

Arbeidsutvalet handsama eit forslag om at arbeidsgrupper som har politiske represantantar skal vere komitear. Det betyr at dei politiske delprosjekta for å bygge nye Ålesund er å sjå som folkevalde organ som skal følge kommunelova. Lova seier at gruppesamansetninga skal vere i kjønnsmessig balanse og at sakshandsamingsreglane etter same lov, skal gjelde. Nye Ålesund har til no tre politiske delprosjekt: Kulturbygging og verdiar, Politisk organisering, demokrati og medverknad og Interkommunale samarbeid.

 Møtet

Du les alle sakspapira til møtet og protokoll etter arbeidsutvalets møte under Politikk> Møtekalender på nettstaden nyealesund.no

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.