Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Forandringar på nettstaden nyealesund.no

nyealesund nettsideNettsida for nye Ålesund har fått ein eigen knapp for politikk og nokre punkt er flytta på. I tillegg ligg reglement for godtgjersle for politikarane ute, med skjema.

Nettstaden nyealesund.no blir tilpassa ettersom arbeidet går framover og vi treng å få på plass nye element. På nettstaden finn du all informasjon om arbeidet med å danne den nye kommunen.

Politikk

Oppe i menyen ligg det no ein eigen knapp for politikk. Her ligg dei politiske utvala for prosessen med å danne ny kommune. Førebels er det fellesnemnda, arbeidsutvalet og partssamansett utval. Du finn opplysningar om når og kvar neste møte er, kven som er medlemmar og kva for oppdrag dei forskjellige utvala har.

Underst ligg punktet møteplan. Her blir du sendt over til sakshandsamingssystemet og kan søke opp dokument, møtedatoar, saksliste og protokollar.

Fellesnemnd

I punktet som omhandlar fellesnemnda under Politikk, vil du finne reglementet for godtgjersle for deltakarane i fellesnemnda og reiserekningsskjema for å sende inn.

Aktuelt

Under punktet Aktuelt finn du alle nyheitssakene som er blitt produsert på nettstaden. I tillegg finn du ein kalender - Kva skjer, med oversikt over alle møte. Du finn ein bildebank og oversikt over merkedagar for heile prosjektet.

Her finn du også ei lenke til postliste og innsyn, der du kan finne innkomne og utgåande brev, dokument, saksframlegg og møtedatoar.

Om nye Ålesund

Under dette punktet finn du organisasjonsmodellen for prosjektet. Du finn oversikt over alle delprosjekta, mandata deira - og også ei lenke til prosjektleiarforumet som samlar alle delprosjektleiarane. I dette prosjektleiarforumet ligg også fristar for å melde inn sakar til dei politiske fora.

Under dokument finn du intensjonsavtalen, det overordna styringsdokumentet, ROS-analysa og saksliste og referat frå møter - også før innsynsløysinga kom på plass hausten 2017.

For tilsette

Her finn du innkalling og referat frå informasjons- og drøftingsmøte med tillitsvalde, informasjon om kven som sit i partssamansett utval og kontaktinformasjon til dei og alle nyheitsbreva blir lagt ut her.

Her finn du også ein oversikt over alle delprosjekta og her finn du også fristane som gjeld for å melde opp sakar til handsaming i partsamansett utval, arbeidsutval og fellesnemnd.

Manglar?

Synest du noko manglar? Er det noko du ikkje finn?

Ta kontakt med oss på post.nyealesund(at)alesund.kommune.no.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.