Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Vil du bli Newton-lærar?

Newtonrom i BodøNye Ålesund skal opne Newtonrom Møre ved NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter) og treng lærar til kunnskapshungrige elevar i den nye kommunen. Stillinga er ei prosjektstilling fram til 1. januar 2020. Søknadsfrist er 30. november.

Newtonrommet er eit spennande, praktisk innreda og teknologisk velutstyrt undervisningslokale med fokus på naturfag, matematikk og teknologi. Rommet skal brukast av elevar frå grunnskulane i nye Ålesund ( Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund) og læraren vi søker etter skal administrere og gjennomføre opplæringsmoduler for desse elevane og samarbeide med Newtonlærar som jobbar inn mot vidaregåande skule.

Stillinga er ei 100 % prosjektstilling fram til 1. januar 2020 når dei fem kommunane skal slå seg saman. Det er mogleg at stilling kan delast i to, i ei 60 % og ei 40 % stilling.

Arbeidsoppgåver

  • Newtonlærar skal tilrettelegge undervisninga slik at det blir samanheng mellom praktisk arbeid og faglege refleksjonar innan matematikk, naturfag og teknologi. Newtonlærar står for undervisninga og leiar klassar gjennom teori og praktiske aktivitetar.
  • Saman med administrativ leiarr skal Newtonlærar planlegge og gjennomføre markedsføring av tilboda i Newtonrommet.
  • Jobben vil innebere kontakt med skoleeigar, rektorar, lærarar og andre samarbeidspartnarar.
  • Newtonlærar må evaluere tilbodet, gjere justeringar og vidareutvikle tilbodet.
  • Newtonlærar vil vere ansvarleg for blant anna oppdatering og vidareutvikling av heimesider for Newtonrommet.

Kvalifikasjonar

  • Søkarar må først og framst vere ein dyktig person med høg fagleg kompetanse innan realfag og ha god formidlingsevne.
  • Vi søker personar med god pegagogisk forståing og evne, og kreativitet når det gjeld å kunne utvikle modular og konseptet ved Newtonrom Møre.
  • Søkarar må ha kompetanse og vere godt kjende med bruk av data og teknologi. God kjennskap og erfaring med bruk av sosiale medie er ønskeleg.
  • Det vil vere viktig med administrative evne for å kunne organisere og strukturere bruken av rommet i tilleg til å kunne evaluere for vidare drift.
  • Søkarar må kunne norsk skriftleg og munnleg, og det er krav til politi- og tuberkulinattest.

I tillegg legg vi vekt på personlege eigenskapar som evne til samarbeid, motivasjon og teknisk innsikt. Det blir viktig å kunne arbeide utadretta når det gjeld å formidle resultat og knytte til seg samarbeidspartnarar for fremtida. Du må vere løsningsorientert og ha stor arbeidskapasitet. Innovative og kreative egenskapar er viktige.

Vi tilbyr

  • Givande arbeid i eit godt arbeidsmiljø.
  • Lønn etter avtale.
  • Du kan bli fast tilsett etter prosjektperioden.

Du kan lese meir om stillinga og korleis du søker i annonsa.

Om Newtonrom Møre

Newtonrommet skal vere klart til utprøving i løpet av november. I løpet av hausten 2018 vil elevar i grunnskulen og vidaregåande skule i den nye kommunen få undervisning der.

Newton-konseptet er utvikla i samarbeid mellom stiftinga FIRST Scandinavia og ressurspersonar i norsk skule.  Målet er å gje barn og unge gode lærings- og meistringsopplevingar i naturfag, matematikk og teknologi. All undervisning er forankra i dei norske læreplanane. Så langt er det etablert 34 Newtonrom i Norge - dei fleste i nord i landet.  Hovudkontoret til FIRST Scandinavia ligg i Bodø. Dei arbeider for at alle norske kommunar skal få tilgang til ein slik læringsarena.

Newtonromma i Norge eigast og driftast lokalt, av kommunar, fylkeskommunar og næringsliv. Newtonrom Møre har fått 5 millionar kroner av Sparebanken Møre til etablering og utvikling.

Newtonrommet Møre er ein del av nye Ålesund si satsing på realfag i grunnskulen. Dei kommunane som har etablert Newtonrom opplever at barn og unge blir meir motiverte og engasjerte i realfaga når dei ser at faget kan brukast til noko relevant og spennande. Målet er at grunnskuleelevane skal vere med å skape nye berekraftige arbeidsplassar i framtida, og bli inspirerte til ykres val innan teknologi og realfag.

 

Newtonrom Bodø tank

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.