Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Ver med å foreslå gatenamn!

høgenakken tursti 004 webDei fem kommunane som utgjer nye Ålesund inviterer innbyggarane til å foreslå nye gatenamn til dei gatene som må forandre namn på grunn av samanslåinga. Fristen for å sende inn forslag er 31. desember.

1. januar 2020 blir fem kommunar ein del av nye Ålesund kommune - Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Den nye kommunen vil få om lag 65 000 innbyggarar, og blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim.

Kvifor nye gatenamn?

Når fem kommunar skal slå seg saman vil det vere fleire gater med same namn, eller namn som er så like at dei må endrast. Tydelege og forskjellige gatenamn er viktig for blant anna effektiv utrykking frå naudetatane, og for å unngå forvirring blant innbyggarar og besøkande. Tenk berre på konsekvensane dersom naudetatane rykkar ut til feil stad på grunn av namneforvirring!

Difor seier det nasjonale regelverket at alle gater, veger, stiar, plassar og område skal ha eit unikt namn innan kommunen. Det er rundt 40 vegnamn som er dei same i dei fem kommunane. Fellesnemnda for nye Ålesund kommune har gitt den enkelte kommune ansvaret for å arbeide fram nye namn til dei aktuelle gatene.

No inviterer bydelsutvala og namnenemndene innbyggarane til å kome med forslag til aktuelle namn slik at alle kan få kome til orde og bli høyrde i denne saka. Representantar frå dei fem kommunane har arbeidd fram kva kriterier som skal ligge til grunn for å skifte gatenamn i dei fem kommunane, og fellesnemnda vedtok kriteria i sitt møte 14. september.

Forslag til namn sendast inn innan 31. desember til:

Haram: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Sandøy: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Skodje: Magne.fylling(at)skodje.kommune.no

Ørskog: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Ålesund:

Hessa, Skarbøvik og Aspøy bydelsutvalg: hajore(at)hotmail.com

Nørvøy, Nørvasund og Hatlane bydelsutvalg: Jan.Ola.Ellingvag(at)alesund.kommune.no

Ellingsøy bydelsutvalg: jack.narve.sather(at)alesund.kommune.no

Indre Borgund bydelsutvalg: roar(at)aledata.no

Spjelkavik, Åse og Lerstad bydelsutvalg: trond.herje(at)alesund.kommune.no

Om forslaga 

  • Forslaget må grunngjevast. 
  • For vegnamn som tilhøyrar ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal namnet som blir foreslått vere i same kategori. 
  • Vi inviterer særleg dei som bur i gater som skal skifte namn om å kome med forslag.

I kriteria er det lagt vekt på færrast mogleg endringar: 

  • Kommunen med flest adresser knytt til eit vegnamn beheld namnet. Talet adresser knytt til næring blir lagt tyngre vekt på enn bustad, noko som vurderast ved skjønn. 
  • For vegnamn som i ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal talet på vegnamn og talet på adresser leggast vekt på, samla sett. Kommunen med flest vegnamn og/eller flest adresser beheld namnet. 
  • Ein kommune som naturleg kan erstatte eit vegnamn ved å tak i bruk namn på tilstøytande vegtrasé, beheld ikkje namnet. 
  • Vegnamn med ein sterk posisjon for fleire enn innbyggarane, til dømes namn etter viktige personar og/eller namn av historisk tyding for det aktuelle geografiske området, beheld namnet.

Du finn lista over vegnamn som må endrast i dei enkelte kommunane på nettstaden nyealesund.no i nyheitssaken Desse vegane skal forandre namn.

Bydelsutvala og namnenemndene vil vurdere forslaga som kjem inn. Dei aktuelle forslaga blir så sende til Språkrådet for ein uttale, og blir namnet godtatt der, så kjem forslaget opp til politisk behandling i kommunen i løpet av 2018.

Arbeidet med å få fem kommunar til å bli ein, er godt i gang. Mykje av det som er bestemt til no ligg på eit overordna politisk og administrativt nivå men framover vil det vere fleire avgjerder som skal takast der den nye kommunen ønsker synspunkt og råd direkte frå innbyggarane (og ikkje berre for dei folkevalde), for å få ei best mogleg løysing. Du kan følge arbeidet med å bygge den nye kommunen på nyealesund.no eller følge Facebook-sida Tilsette i nye Ålesund kommune, som er open for alle.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.