Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Slik bygger vi nye Ålesund

Håhjem Skodje foto Harald M. ValderhaugDet er mange spørsmål rundt arbeidet med å danne ein ny kommune. Kommunikasjonsansvarleg og rådgivar for politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad forsøker å svare på nokre i denne kronikken.

1. januar 2020 blir nye Ålesund den fjerde største kommunen på Vestlandet, med rundt 65 000 innbyggarar. Det er mange bitar i eit stort puslespel som no skal finne sin plass - frå samordning av tenestene kommunen leverer til innbyggarane, til utforming av nye politiske organ for dei folkevalde, og bygging av ein ny administrasjon. Det er ein uttalt ambisjon at tenestene skal vere politisk og administrativt styrt på eit vis som er påliteleg, ansvarleg, effektivt, og ikkje minst, borgarnært.

Vi som arbeider med prosjektet ønsker å invitere innbyggarane med på å bygge saman Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund til nye Ålesund kommune.

Nokre invitasjonar til dugnaden er allereie utsende; vi har først invitert dei folkevalde og dei tilsette. I løpet av dei neste månadane blir det sendt ut mange fleire invitasjonar, og innbyggarane, som kommunen tross alt er til for, blir særleg oppmoda om å engasjere seg i små og store spørsmål som må avklarast for at dette skal bli eit vellukka samliv.

Som lokalpressa har meldt, var det folkevalde i dei fem kommunane som først blei inviterte til å starte arbeidet, gjennom vedtak i Stortinget. Basert på eit prinsipp om likeverd mellom partane, består fellesnemnda for nye Ålesund av tjuefem politikarar, fem frå kvar kommune. Dei neste to åra fungerer fellesnemnda som eit ‘kommunestyre utan land’ - eit organ som skal fatte prinsipielle avgjerder i spørsmål som angår den nye kommunen. Dei folkevalde medlemmane har fått tillit frå sine fem ‘gamle’ kommunestyre til å ivareta denne oppgåva på best mogleg vis. Fellesnemnda møtast ein gang i månaden, som eit vanleg kommunestyre og alle møta blir sendt direkte på nett.

Nokre av dei tilsette har også fått invitasjon til å være med, og fleire av desse har planlagt og førebudd samanslåinga eit halvt års tid allereie. Kommunar er komplekse organisasjonar med mange tenesteområde, og arbeidet med samordning er difor koordinert av ei eigen prosjektgruppe underlagt den politiske leiinga. Basert på erfaringar frå tidlegare kommunesamanslåingar elles i landet, begynte nye Ålesund med det administrative personellet. Neste år begynner arbeidet med tenesteområda som skule, sjukeheimar, barnehagar. Arbeidet blir gjort i samråd med fagfolk og brukarar. Til saman er rundt 6 000 tilsette involvert i fornyinga. Som mange lesarar har fått med seg, vil dette arbeidet bli leia av Astrid Eidsvik, når ho neste år tiltrer som prosjektleiar, og seinare rådmann for den nye kommunen.

Mange innbyggarar og tilsette stiller spørsmål om nokon risikerer å miste jobben som følge av samanslåinga. Intensjonsavtalen for nye Ålesund legg premissa for arbeidet, både prinsipielt og reint praktisk. Til dømes seier denne at ingen tilsette 'skal seiast opp som ein direkte konsekvens av kommunereforma', og at tilsette skal få ei stilling i tilsvarande storleik og tidsperiode som er regulert i arbeidsavtalen deira. Det er lagt opp til at tillitsvalde og verneombod er tett involverte i prosessen.

Innbyggarmedverknad står høgt på agendaen for den nye kommunen, og i samarbeid med lokalpressa ønsker vi i tida framover, gjennom kronikker som denne, å informere om aktuelle sakar som innbyggarane blir bedne om å ta stilling til.

Ei av mange konkrete saker som prosjektet arbeider med no, er den føreståande endringa av gatenamn i enkelte delar av den nye kommunen. Her ønsker vi hjelp frå innbyggarane. Stadnamn er sterke identitetsberarar, men diverre har rundt 70 vegar i dei fem kommunane likelydande namn. Tydelege og forskjellige gatenamn er naudsynt for effektiv utrykking frå naudetatane, og for å unngå forvirring blant innbyggarar og besøkande. Tenk berre på konsekvensane dersom brannvesen eller ambulanse rykker ut til feil stad i nye Ålesund på grunn av namneforvirring!

Fellesnemnda for nye Ålesund kommune har gitt kvar einskild kommune ansvaret for å arbeide fram nye namn til dei aktuelle gatene. Namnenemndene og bydelsutvala i kvar kommune skal difor gje informasjon til innbyggarane, samle innspel og kome med forslag til aktuelle namn innanfor rammene av dei nasjonale kriteria, slik at alle som ønsker kan få bli høyrd i denne saka.

Intensjonsavtalen for nye Ålesund legg også opp til ei ordning med kommunedelutval. Dette er eit nærdemokratiorgan som får mynde frå kommunestyret til å handsame enkelte saker som angår eit avgrensa geografisk område. I Ålesund er det allereie ei ordning med bydelsutval, men det er brei politisk semje om at desse organa ikkje fungerer optimalt. Kommunedelutvala i nye Ålesund må difor få eit nytt innhald, slik dei kan bli ein meiningsfull arena for engasjement i heile den nye kommunen. På nyåret skal dei folkevalde ta stilling til kva inndelingsprinsipp skal gjelde for utvala, kva mynde og budsjettansvar dei skal ha, kva oppgåver dei skal forvalte, og kva slags ny politikarrolle som skal ligge til grunn for desse nærdemokratiarenaene. I dette arbeidet vil det bli ein serie med folkemøte i kvar av dei fem kommunane for å informere, samle innspel og kartlegge  forventingar, og for å drøfte korleis ei slik ordning best mogleg kan sikre medverknad mellom vala. Vi har eit håp om at alle som er opptatte av lokalmiljøa sine vil delta i dialogen.

For nye Ålesund er kommunereforma ei anledning til å tenke nytt om samfunnskontrakten mellom borgarane og dei som yter tenester, og kommunens politiske og administrative leiing. I arbeidet med ei av landets største kommunesamanslåingar, pløyast det ny mark. Sidan ingen har gjort denne jobben før i ein slik skala, må vi eksperimentere oss fram til dei gode løysingane. For å vite om løysingane vi veljar blir vellukka, treng vi innbyggarar som fortel kva dei erfarer undervegs. Vår oppmoding er at de som innbyggarar takkar ja til invitasjonane som kjem i tida framover. Desse blir sendt ut via lokalpressa, på kommunane sine etablerte nettstadar, via www.nyealesund.no (ei sentral kjelde til kva som skjer i prosjektarbeidet), og sosiale media (som Facebook-gruppa 'Tilsette i nye Ålesund kommune', til dømes).

I mellomtida vil vi oppmode innbyggarane til å gjere seg meir lokalkjende i nye Ålesund; kva med å legge neste utflukt til ein stad du ikkje har vore før i den nye heimkommunen din?

Mads Solberg og Anne Bente Skjellum

Har du spørsmål kan du sende dei inn til post.nyealesund(at)alesund.kommune.no

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.