Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Politisk struktur og demokratiundersøking

arbeidsutvalet ørskog nov2017Partssamansett utval og arbeidsutvalet møtast 27. november i Haram. Det blir  blant anna orientert om resultatet frå ei lokaldemokratiundersøking og om politisk hovudstruktur.

Partssamansett utval har møte klokka 10.00, i forkant av arbeidsutvalet sitt møte og får arbeidsutvalets sine saker til orientering.

De finn oversikt over sakskartet og møtestart under Politikk > møteplan.

Orienteringar

Møtet i arbeidsutvalet startar med orienteringar om prosjektframdrift og om resultatet frå KS si lokaldemokratiundersøking som blei gjort blant eit utval av  innbyggarane i dei fem kommunane i juni i år og blant politikarane i august.

Politikarar og administrative representantar har arbeidd med korleis den politiske hovudstrukturen skal vere i den nye kommunen. Den saken skal opp i fellesnemnda 7. desember og rådgivar for politisk organisering, demokrati og medverknad vil orientere om den saken i arbeidsutvalet.

Prosjektbudsjett

Arbeidsutvalet får fremlagt prosjektbudsjettet for 2017 - 2019. Budsjettet skal bidra til oppfølging av intensjonsavtalen, mandatet til fellesnemnda, det overordna styringsdokumentet og ulike vedtak i fellesnemnda.

På desse åra har prosjektet 73 450 000 kroner til disposisjon.

  • 61,5 millionar kroner kjem frå Kommunal- og moderiniseringsdepartementet (KMD) som ein delvis kompensasjon for eingongskostnader knytt til ei samanslåing.
  • 5 millionar kroner frå KMD etter søknad om pengar til infrastrukturtilskot. Pengane skal gå til;
    • Utredning av gang- og sykkelveg mellom Skodje, Ørskgo og Ålesund (0,5 millionar)
    • Etablering av firberkabel til kommunaldrift, spesifisert i seks parsellar (4,5 millionar)
  • 6 millionar kroner i skjønnsmidlar frå Fylkesmannen til innovasjons- og utviklingsarbeid.
  • 950 000 kroner i skjønnsmidlar frå Fylkesmannen til demokratiutvikling.

Utgiftene i prosjektet er sett til 72 750 000 kroner.

Utgiftene fordeler seg på løn, husleige, møtegodtgjersle, frikjøp for tillitsvalde og interne frikjøp og andre administrative utgifter for å bygge den nye kommunen.

Heile prosjektbudsjettforslaget er tilgjengeleg i sakspapira til møtet under innsyn og møtepapir til møtet 27. november.

Mandat til prosjektleiaren

Når prosjektleiar er på plass, treng ho eit mandat frå fellesnemnda for å ha delegert mynde. Arbeidsutvalet skal sjå på eit forslag til mandat og delegasjon til prosjektleiar.

Du finn det fullstendige forslaget til mandat under innsyn og møtepapir til møtet 27. november.

Andre saker

Arbeidsutvalet skal ta stilling til om dei skal be fellesnemnda vedta å gjere ei henvending til Statistisk sentralbyrå om å få nytt organisasjonsnummer for nye Ålesund no. Den nye kommunen blir ei ny juridisk eining som må skiljast frå dei fem kommunane den blir danna av.

Arbeidsutvalet skal også ta stilling til medlemmar til komiteen for kommunevåpen og ordførarkjede. Fellesnemnda vedtok på forrige møte at det skal utnemnast to politiske representantar frå kvar kommune til denne komiteen - ein fast og ein vara. No skal namna vere klare.

Arbeidsutvalet skal ta stilling til eit oppdatert overordna styringsdokument.

Møtet

Alle sakspapira finn du under Politikk og Møteplan der du går til gjeldande møte.

Møta er ope for publikum og blir halde i 2. etasje på Ingebrigt Davikhuset i Brattvåg. Møtet begynner klokka 12.00.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.