Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Kva skal gata heite?

vegillustrasjonDet kjem inn gode forslag til nye gatenamn i nye Ålesund. Her kan du sjå forslaga. Du har frist til 31. desember til å foreslå eit anna namn.

Haram

I Haram er diskusjonane i gang. Det er 17 gater som skal skifte namn:
Bakkane, Fjelltun, Fjellvegen (i Brattvåg), Gjerdet, Hamnevegen, Haugvegen, Johanmarka, Jordmorvegen, Kalvøyvegen, Kyrkjevegen, Lyngvegen, Sjøvegen, Skulevegen, Storgata, Støvegen, Sætrevegen, Åslia.

Her er nokre av forslaga som er komne inn:

  • Skulevegen kan bli  Skulesvingen
  • Sætrevegen kan bliViktunvegen
  • Storgata  kan bli Ingebrigt Davikgata, Øvstevegen, Skjelte-Annagata eller Aase Skjeltengata
  • Støvegen til Flemsvikvegen
  • Haugvegen til Gratishaugen
  • Fjelltun til Fjellheim
  • Åslia til Marta Stavevegen

Du kan sende forslag om nye gatenamn i Haram innan 31. desember til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Skodje

16 vegar må skifte namn i Skodje: Bergsvegen, Einevegen, Fjellvegen, Gamlevegen, Gjerdevegen, Karolusplassen, Myrbakken, Nakkevegen, Nesvegen, Porsevegen, Reitane, Remevegen, Skulevegen, Storfjordvegen, Torevegen, Ådalsvegen.

Nokre av vegane har fått forslag til nye namn:

  • Bergsvegen kan bli Nedre Bergsvegen, Ellinggjerde eller Ellingsvegen
  • Einevegen  kan bli Barlindvegen eller Blåbærvegen
  • Gamlevegen kan bli Demmevegen eller Paddevegen
  • Karolusplassen til Karolusvegen
  • Porsevegen til Urtevegen
  • Remevegen  til Gomervegen
  • Skulevegen til Vallemyrane
  • Storfjordvegen til Storfjordåsvegen, Indrevika, Indrevikvegen eller Fjordvegen
  • Torevegen til Kirstenveien, Torolevegen, Toregarden, Toregardsvegen eller Nye Torevegen

Desse vegane har ikkje fått forslag:

  • Gjerdevegen   
  • Fjellvegen  
  • Myrbakken   
  • Nakkevegen   
  • Nesvegen   
  • Reitane   
  • Ådalsvegen

Har du andre forslag eller forslag til dei gatene som ikkje har fått? Send dei til Magne.fylling(at)skodje.kommune.no innan 31. desember

Sandøy

I Sandøy kommune er det ikkje lenge sidan kommunen fekk gatenamn. No er sjansen til å få ditt forslag fram.

Desse ni gatene må skifte namn: Breivikvegen, Haugevegen, Kringsjåvegen, Lunda, Markavegen, Molovegen, Remmavegen, Sjøvegen, Steinvågvegen.

Desse forslaga er komne inn så langt:

  • Breivikvegen  kan bli til Breivikstranda  eller Veltevegen (er ei velte på strekningen)
  • Haugevegen  kan bli til Hauglyvegen (Haugly er siste huset i vegen) eller Hesteberget
  • Kringsjåvegen til Linningsvegen (Linningen gikk her frå gammelt av)
  • Lunda til Nylunda
  • Markavegen til Brunvollmarka
  • Molovegen til Litle Støholmen
  • Remmavegen til Fagerhaugvegen (vegen ender ved Fagerhaugen) eller Innigardsvegen
  • Sjøvegen til Ortavegen eller Varhaugen
  • Steinvågvegen til Målsbekkvegen (Målsbekken var her tidlegare)

Forslag sendast innan 31. desember til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Ørskog

I Ørskog er det 14 gater som må skifte namn:

Einavegen, Gjerdsvegen, Grytalivegen, Idrettsvegen, Kleivavegen, Kyrkjevegen, Liavegen, Lyngvegen, Naustvegen, Skogvegen, Skulevegen, Smibakken, Vestresætervegen, Øvstevegen.

Desse forslaga er komne inn:

  • Grytalivegen kan bli Lauparvegen
  • Vestresætervegen kan bli Vestrefjellvegen
  • Øvstevegen kan bli Grimsmyrvegen

Det er også kome inn to generelle namneforslag:

  • Brita Urkes veg - etter eit av ofra for hekseprosessane
  • Ragnhild Abelsets veg etter ein av dei første kvinnelege bygdelensmennene på Sunnmøre

Forslag til namn sender du innan 31. desember til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Ålesund

Kvar blir det av forslag frå innbyggarane i Ålesund? Vi oppfordrar dei som har forslag til å engasjere seg og sende inn forslag til bydelsutvala innan 31. desemnber.

  • Hessa, Skarbøvik og Aspøy bydelsutvalg: hajore(at)hotmail.com
  • Nørvøy, Nørvasund og Hatlane bydelsutvalg: Jan.Ola.Ellingvag(at)alesund.kommune.no
  • Ellingsøy bydelsutvalg: jack.narve.sather(at)alesund.kommune.no
  • Indre Borgund bydelsutvalg: roar(at)aledata.no
  • Spjelkavik, Åse og Lerstad bydelsutvalg: trond.herje(at)alesund.kommune.no

Ålesund har 17 vegar som må skifte namn:
Fergevegen, Gjerdevegen, Gjerdsvegen, Grytavegen, Hansvegen, Haugen, Hjellevegen, Knutgarden, Langhaugen, Niklavegen, Olaus Fjørtofts veg, Reitevegen, Remavegen, Sjøvegen, Slettevegen, Stigen, Storfjordvegen.

Eitt generelt forslag er at ei av gatene bør skifte namn til Karla Barstads veg, etter første kvinne i kommunestyret.

Hessa, Skarbøvik og Aspøy bydelsutvalg har fått forslag om at:

  • Niklavegen endrar namn til Niklagarden, Niklatun eller berre Nikla
  • Grytavegen er foreslått endra tilbake til det forrige namnet som var Hessaskaret.

Ellingsøy bydelsutvalg har forslag om at

  • Reitevegen skifter namn til Øvre Stokkereit.

Om forslaga

  • Forslaget må grunngjevast.
  • For vegnamn som tilhøyrar ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal namnet som blir foreslått vere i same kategori.
  • Vi inviterer særleg dei som bur i gater som skal skifte namn om å kome med forslag.

I kriteria er det lagt vekt på færrast mogleg endringar:

  • Kommunen med flest adresser knytt til eit vegnamn beheld namnet. Talet adresser knytt til næring blir lagt tyngre vekt på enn bustad, noko som vurderast ved skjønn.
  • For vegnamn som i ei gruppe av same type, til dømes treslag eller geografisk lokalisering, skal talet på vegnamn og talet på adresser leggast vekt på, samla sett. Kommunen med flest vegnamn og/eller flest adresser beheld namnet.
  • Ein kommune som naturleg kan erstatte eit vegnamn ved å tak i bruk namn på tilstøytande vegtrasé, beheld ikkje namnet.
  • Vegnamn med ein sterk posisjon for fleire enn innbyggarane, til dømes namn etter viktige personar og/eller namn av historisk tyding for det aktuelle geografiske området, beheld namnet.

Bydelsutvala og namnenemndene vil vurdere forslaga som kjem inn. Dei aktuelle forslaga blir så sende til Språkrådet for ein uttale, og blir namnet godtatt der, så kjem forslaget opp til politisk behandling i kommunen i løpet av 2018.

Kvifor nye gatenamn?

Når fem kommunar skal slå seg saman vil det vere fleire gater med same namn, eller namn som er så like at dei må endrast. Tydelege og forskjellige gatenamn er viktig for blant anna effektiv utrykking frå naudetatane, og for å unngå forvirring blant innbyggarar og besøkande. Tenk berre på konsekvensane dersom naudetatane rykkar ut til feil stad på grunn av namneforvirring!

Det nasjonale regelverket er tydeleg på at alle gater, veger, stiar, plassar og område skal ha eit unikt namn innan kommunen. Det er rundt 70 vegnamn som er dei same i dei fem kommunane. Fellesnemnda for nye Ålesund kommune har gitt den enkelte kommune ansvaret for å arbeide fram nye namn til dei aktuelle gatene.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.