Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Fellesnemndas vedtak 7. desember

fellesnemnda 071217  - HaramFellesnemnda diskuterte blant anna politisk organisering i den nye kommunen og budsjettforslag for perioden 2017 til 2019. 

Fellesnemnda hadde sitt siste møte i år 7. desember. Møtet var på ID-huset i Haram.

Politisk organisering

Fellesnemnda tok saka om politisk organisering til vitande og vedtok at komiteen Politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad skal arbeide vidare med utgreiinga etter dei prinsipp som saka viser til. Arbeidet skjer inn i første kvartal av 2018.

Komiteen arbeider med følgande overordna prinspipp for politisk hovudorganisering  i nye Ålesund og skal arbeide vidare med dette: 

  • Formannskapet skal ha 15 representantar.
  • I samsvar med intensjonsavtalen kan det vere gjennomgåande representasjon i den politiske organisasjonen. I dette spørsmålet er utvalet delt mellom to alternativ:
    • A: Nye Ålesund kommune skal vere organisert med både faste utval, og tidsavgrensa ad-hoc komitear/oppgåveutval.
    • B: Nye Ålesund kommune skal vere organisert med både kommunestyrekomitear og tidsavgrensa ad-hoc komitear/oppgåveutval.

Komiteen skal i første kvartal av 2018 utgreie kva alternativ som bør gjelde, og melde tilbake til fellesnemnda om dette.

  • Nye Ålesund kommune skal ha eit eige planutval.
  • Kontrollutvalet skal ha fem medlemmar; minimum tre av desse skal vere kommunestyrerepresentantar.
  • Kommunestyret må vere det organet som tar avgjerder i viktige politiske saker. Uansett kva slags underorgan som blir oppretta, bør kommunestyret vere hovudverkstaden for politikkutforming, og ein aktiv arena for politisk drøfting.
  • Det er ønskeleg med tidleg involvering i saksførebuande prosessar; det må takast høgde for dette i utviklinga av arbeidsformer i politiske organ.
  • Arbeidsform og organisering må skape rom for ulike politikarroller.

Komiteen slår fast at det politiske arbeidet i nye Ålesund må organiserast i tråd med intensjonsavtalen, på ein måte som utnyttar kunnskapen og ideane som finst blant innbyggarar, folkevalde og administrasjon på best mogleg måte. Det er fem til dels svært ulike politiske kulturar og forskjellige arbeidsformer som skal samordnast. Målet er å sikre ei politisk styring av den nye kommunen som både er påliteleg, ansvarleg, effektiv og borgarnær, og kapabel til fornying og omstilling.

Intensjonsavtalen slår fast at den nye kommunen skal vere organisert etter formannskapsmodellen. Det er og fatta likelydande vedtak i dei fem kommunane om at det nye kommunestyret skal ha 77 representantar.

Du kan sjå  meir isaksdokumenta.

Prosjektbudsjett

Fellesnemnda handsama prosjektbudsjettet for 2017 - 2019 og vedtok forslaget frå arbeidsutvalet.

Budsjettet skal bidra til oppfølging av intensjonsavtalen, mandatet til fellesnemnda, det overordna styringsdokumentet og ulike vedtak i fellesnemnda.

På desse åra har prosjektet 73 450 000 kroner til disposisjon.

Pengane blir fordelte slik:

  • 61,5 millionar kroner kjem frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som ein delvis kompensasjon for eingongskostnader knytt til ei samanslåing.
  • 5 millionar kroner frå KMD etter søknad om pengar til infrastrukturtilskot. Pengane skal gå til;Utredning av gang- og sykkelveg mellom Skodje, Ørskog og Ålesund (0,5 millionar).
  • Etablering av firberkabel til kommunaldrift, spesifisert i seks parsellar (4,5 millionar).
  • 6 millionar kroner i skjønnsmidlar frå Fylkesmannen til innovasjons- og utviklingsarbeid.
  • 950 000 kroner i skjønnsmidlar frå Fylkesmannen til demokratiutvikling.
  • 1,5 millionar kroner blir årlig sett av til eit innovasjonssenter. Dette er i tråd med intensjonsavtalens satsing på innovasjon og utvikling. Pengane skal takast frå ein post i budsjettet som skal gå til IKT og digitalisering.
  • 900 000 kroner skal gå til samordning til eitt kyrkjeleg fellesråd i nye Ålesund.

Utgiftene i prosjektet er sett til 72 750 000 kroner.

Utgiftene fordeler seg på løn, husleige, møtegodtgjersle, frikjøp for tillitsvalde og interne frikjøp og andre administrative utgifter for å bygge den nye kommunen.

Du finn heile budsjettet i saksdokumenta.

Uttale til budsjett og økonomiplanar 

Fellesnemnda skal etter reglane gje ein uttale om årsbudsjetta og økonomiplanen for dei kommunane som er med i den nye kommunen. Uttalen skal sendast til Fylkesmannen.

Fellesnemnda blei einige om å gje denne uttalen:

"Dei fem kommunane som saman skal skipe nye Ålesund kommune har ulike økonomiske utgangspunkt. Felles for alle kommunane er at driftsrammene for dei kommande åra er venta å bli krevande. Nokre kommunar har dels store investeringsbehov, noko som ytterlegare vil legge press på den einskilde kommunes økonomi i åra som kjem. Dette gjeld særleg dei mindre kommunane i nye Ålesund. Gjeldsauken i dei fem kommunana vil tail ein viss grad også vere med på å avgrense den framtidige økonomiske handlefridommen for nye Ålesund kommune. Fellesnemnda meiner likevel at budsjetta og økonomiplanane sett under eitt for dei fem kommunane, er i samsvar med politiske prioriteringar for den nye kommunen, og innanfor det økonomiske handlingsrommet for den nye kommunen."

Fellesnemnda vedtok også at delprosjektet som arbeider med økonomi, finn ein teneleg måte å synlegggjere ein form for skyggebudsjett knytta til dei felles måltala i dei fem kommunane.

Du får ein kort oversikt over økonomien i dei enkelte kommunane i sakspapira.

Komité for kommunevåpen og ordførarkjede

Fellesnemnda tok stilling til medlemmar til komiteen for kommunevåpen og ordførarkjede. Fellesnemnda vedtok på forrige møte at det skal utnemnast to politiske representantar frå kvar kommune til denne komiteen - ein fast og ein vara. 

Faste medlemmer:

  • Vebjørn Krogsæter, Sp - Haram (leiar)
  • Janet Roelofs, Sp- Ørskog (nestleiar)
  • Terje Vadset, Frp  - Skodje
  • Lodvar Hogne Espeland, Ap - Sandøy
  • Monica Molvær, H - Ålesund

Varamedlemmar:

  • Ewa Hildre, H - Haram
  • Knut Harstad, H - Ørskog
  • Karoline Stette, Sp - Skodje
  • Lena Husøy, Ap - Sandøy
  • Sindre Nakken, Ap - Ålesund

Møtet

Du finn protokoll og alle papira til fellesnemnda sitt møte 7. desember under Politikk > Møtekalender> Fellesnemnd og gjeldande dato.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.