Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Endringar på nettsida nyealesund.no

nyealesund nettsideDet er gjort nokre endringar på nettsida. Endringane er gjort etter forespørslar frå tillitsvalde,vedtak i fellesnemnda og andre vurderingar.

Tillitsvalde

I menyen til For tilsette finn de no ei fullstendig liste over alle hovudtillitsvalde i dei fem kommunane.

Medlemmane i partssamansett utval er lagt inn under Partssamansett utval som ligg i menyen under punktet Politikk.

Politikk

Politikkpunktet er oppdatert med dei politiske komiteane som fellesnemnda har oppretta. Komiteane er delprosjektgrupper med politiske representantar.

Førebels er det oppretta fire komitear men det vil bli fleire:

  • Kommunevåpen og ordførarkjede
  • Interkommunale samarbeid
  • Kulturbygging og verdiar
  • Politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad

Kva skjer

Vi har no to kalenderar på nettstaden. Den eine er for politiske møte og delprosjektmøte i sjølve prosjektet. Den andre tar for seg arrangement i dei fem kommunane.

Du finn kalenderane ved å skrolle nedover sida eller du kan trykke på Aktueltpunktet, så kjem det opp i menyen - då som ein kalender med alle møte og arrangement samla.

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.