Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Dette vil vi vere...

Ill: Overordna prosjektskisseArbeidet med verdigrunnlaget for nye Ålesund kommune begynner i første halvår av 2018. Verdiar skal gi både retning, meining og lyst til alle som arbeidar i og leier organisasjonen.

For at verdiane skal vere godt forankra i organisasjonen vil politikarar og tilsette i alle kommunane få høve til å involvere seg i prosessen. Komiteen for Kulturbygging og verdiar vil legge til rette for at prosessen med å kartlegge viktige verdiar blir gjennomført likt i alle kommunane for å bygge opp under ei felles kultur og identitet. Arbeidsmetoden skal vil tråd med intensjonsavtalen fremme nytenking, likeverd og raushet og vil våren 2018 bli gjennomført i:

  • Fellesnemnda og i leiargruppene i kommunane
  • I kommunestyra i dei fem kommunane
  • På felles samlingar for leiarar innanfor tenesteområda og på tvers av kommunane når delprosjekt på tenesteområdet er oppretta
  • Leiarane i alle einingar. Kvar enkelt leiar gir respons tilbake til komiteen om dei viktigaste verdiane for si eining.

Hausten 2018 vil komiteen bearbeide og presentere innkomne forslag til verdiar på felles samling for prosjektorganisasjon, politikarar og leiarar med fokus på kva desse verdiane betyr i praksis.

På bakgrunn av desse diskusjonane vil komiteen utarbeide verdiane til den nye kommunen, med korte beskrivingar av kva dette betyr i praksis.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.