Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Kva skjer i prosjektet i 2018?

ill: prosjektorganisasjon november 2017I 2018 vil vi gå inn i gjennomføringsfasen i prosjektet med å bygge nye Ålesund. I 2017 har mykje av tida gått med på å planlegge vegen framover. No er vi klare til å sette i gang.

Prosjektleiar/rådmann for nye Ålesund, Astrid J. Eidsvik er på plass 2. januar 2018. Ho skal leie arbeidet med å kome fram til ny administrativ struktur for den nye kommunen. Den skal vedtakast i løpet av 2018, og har innverknad på mange andre prosjektarbeid.

Til no har det vore delprosjekt som har gjennomgåande, samordnande ansvar i prosjektet som har vore i arbeid –  personal og omstilling, kommunikasjon, planstrategi og samordning, digitalisering og IKT, arkiv, økonomi, innkjøp, matrikkel, kart og oppmåling, VAR (vann, avløp og renovasjon) og kartlegging av administrativ struktur.

Tidleg i 2018 vil prosjektet begynne kartleggingsarbeid og fusjonering innan tenesteområda. Dei mange faggruppene som blir  nedsett på nyåret blir inndelt i grupper for tenesteområda. Inndelinga er ikkje ein del av det endelege organisasjonskartet for den nye kommunen, men vil seie noko om korleis prosjektet arbeider saman i grupper i 2018. (Sjå illustrasjonen til denne nyheitssaken.)

Den endelege administrative organiseringa av nye Ålesund blir klart våren 2018 og kan sjå annleis ut enn inndelinga i tenesteområde i prosjektet.

Målet for prosjektet

Nye Ålesund skal vere i drift frå og med 1.1.2020 med alle avgjerande element på plass, og med synlege effektar innan innovasjon og utvikling. For å nå effektmålet må følgjande konkrete resultat på plass:

1.    Dei fem kommunane har både samordna, men og fornya og forbetra rutiner og system innanfor alle område som må vere på plass innan 1.1.2020.
2.    Vi har etablert ein heilskapleg administrativ organisasjonsstruktur, og lagt grunnlag for ein organisasjonskultur, som innbyr til samhandling og samskaping mellom sektorar, mellom kommune, innbyggjarar, frivillegheit, næringsliv og akademia.
3.    Vi har etablert ein styringsdyktig politisk organisasjon som fremmer eit levande lokaldemokrati.
4.    Vi har tatt i bruk digitale løysingar som skapar ein enklare kvardag for tilsette, innbyggjarar og næringsliv.
5.    Vi har etablert eit senter for innovasjon.

Prosjektet skal konkretisere kva som er nødvendig og mogleg å få på plass før 2020, og kva som kan forskyvast til etter 2020.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.