Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Departementet har godtatt namnet Ålesund

sanner foto kmd19. desember fastsette Kommunal- og moderniseringsdepartementet formelt namnet på den nye kommunen, talet på medlemmar i kommunestyret, når samanslåinga skal skje og enkelte andre reglar i ei forskrift.

I forskrifta stadfestar departementet at den nye kommunen skal heite Ålesund, og at kommunestyret skal ha 77 representantar. Dette var også det dei fem kommunestyra våre foreslo.

Vi har tidlegare søkt om å få utsett tidsfristen for harmonisering av eigedomsskatt, og departementet stadfestar no at dei fem kommunane kan ha ulik eigedomsskatt fram til seinast 1.januar 2022.  Vi har dermed betre tid til mellom anna å kome fram til eventuelt felles takstgrunnlag. Det er også ein fordel at det er det nye kommunetyret for den nye kommunen som skal vedta eventuell eigedomsskatt.
Forskrifta stadfestar også at harmonisering av andre lokale lover og forskrifter har frist til 1. januar 2021, det vil seie eitt år etter at den nye kommunen er etablert.

Forskrift om samanslåing av Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund til Ålesund kommune.Forskrift om samanslåing av Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund til Ålesund kommune.
Fastsatt av KMD 19. desember 2017 med hjemmel i kommuneloven § 3 nr. 3 og inndelingslova § 17, jf. kongelig resolusjon 27. oktober 2017 nr. 1666.

Kommunereformen

Stortinget har vedtatt sammenslåinger av 109 kommuner til 43 kommuner og 13 fylkeskommuner til 6 fylkeskommuner. Sammenslåingene skal skje fra 1. januar 2020, og arbeidet med å forberede sammenslåingene pågår nå i alle kommunene og fylkeskommunene. Totalt i kommunereformen er 119 kommuner slått sammen til 47 nye kommuner. Dette vil gi 356 kommuner fra 2020.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.