Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nye Ålesund og samarbeid

Illustrasjon av samarbeidKva for interkommunale samarbeid skal fortsette etter kommunesamanslåinga? Tilrådinga er klar og blir send til fellesnemnda for vidare handsaming.

 Eitt av måla med kommunereforma er å redusere behovet for interkommunale samarbeid slik at kommunen kan få sterkare styring og kontroll, politisk og administrativt, over dei tenestene og det forvaltningsansvaret kommunen har plikt til å gi innbyggarane sine. Intensjonsavtalen som er inngått mellom Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesnd understrekar at den nye kommunestrukturen skal gi grunnlag for å redusere omfanget av interkommunalt samarbeid.

Alle skriftlege avtalar om interkommunalt samarbeid som i dag er inngått, blir ugyldige frå og med det tidspunktet den nye kommunen er operativ  fordi den er ei ny juridisk eining. Det betyr at avtalane anen må bli inngått på nytt, med eller utan endring, eller seiast opp.

Ein politisk komité har arbeidd med dei interkommunale samarbeida, og etter det avsluttande møtet, 9. januar er tilrådinga til fellesnemnda no klar.

Tilrådinga

Til grunn for arbeidet er det lagt at nye Ålesund ikkje skal vinne på, men heller ikkje tape på, samarbeid.

Vidareføring av avtalar

Tilrådinga til komiteen er at desse avtalene blir inngått på nytt utan endring i anna enn nye juridiske partar:

  • Overgrepsmottak
  • Interkommunalt arkiv (IKA)
  • Sunnmøre regionråd
  • Ingerkommunalt utval for akutt forureining (IUA)

Administrative vertskommunesamarbeid

Komiteen meiner nye Ålesund kan delta i følgande administrative vertskommunesamarbeid, men med nye avtalar:

  • Barnevern
  • Brannvern
  • Kemner
  • Krisesenter
  • IT, drift
  • Landbrukskontor
  • Legevakt
  • PPT

Dette er samarbeid der ein kommune let ein annan kommune (vertskommunen) utføre lovpålagte oppgåver på sine vegne. Komiteen meiner at der det er aktuelt at nye Ålesund deltar i eit slikt samarbeid, som vertskommune for fleire enn ein samarbeidskommune, så må det leggast til grunn at alle samarbeidskommunane skal delta i same omfang. Avtalar som blir inngått er "pakkeløysingar" utan tilpasningar til den enkelte samarbeidskommune.

Interkommunale selskap

  • Kommunerevisjonsdistrikt nr. 3 i Møre og Romsdal
  • Sunnmøre kontrollutvalsekretariat
  • ÅRIM
  • Ålesundregionens havnevesen

Når det gjeld interkommunale selskap og samarbeid med felles styre tilrår komiteen at vilkåret for deltaking i samarbeid er utarbeiding av nye avtalar med hovudvekt på:

  • formålet med samarbeidet
  • oppgåver og myde som skal ligge hos samarbeidsorganet
  • sikring av god deltakarstyring
  • grunnlag for det økonomiske oppgjeret mellom samarbeidskommunane - kost/nytte, grunnkostnad/meirkostnad med meir
  • samsvar mellom økonomisk ansvar/plikter og representasjon i styrande organ

Ikkje vidareføring

Komiteen tilrår at nye Ålesund ikkje fører vidare desse samarbeida slik dei er i dag:

  • SAHARA (Sandøy og Harams interkommunale vassverk)
  • Åknes/Tafjord beredskap
  • IT, strategi og bestilling

Nærare kartlegging

Komiten meiner desse samarbeida treng nærare kartlegging:

  • Forliksråd
  • NAV
  • Politiråd

Anna samarbeid

Komiteen tilrår at fellesnemnda er positiv til å føre vidare andre samarbeid dei fem kommunane i nye Ålesund deltek i. Dette kan vere samarbeid om ulike oppgåver av meir eller mindre permantent karakter, kjøp og sal av tenester, medlemsskap i foreiningar og lag, og inngåtte partnerskap.

pdfHeile tilrådinga frå den politiske komiteen Interkommunale samarbeid

Fellesnemnda skal ha sitt første møte i 2018, 15. februar i Ålesund.

Arbeidet med tilrådinga

 I arbeidet i komiteen er det sett på tre relevante spørsmål:

  • Kva er formålet med samarbeidet?
  • Er kommunen og/eller regionen tent med å delta i samarbeidet?
  • Kven bør bli med i samarbeidet?

Andre spørsmål er:

  • I kor stor grad skal nye Ålesund vere regional motor?
  • Dersom nye Ålesund for eigen del ikkje har behov for samarbeid, kor open skal kommunen likevel vere for å inngå samarbeid?
  • Korleis er forholdet mellom kostnad og nytte?
  • Skal ein eller fleire partar subsidiere andre partar, eller skal kvar part bidra økonomisk ut frå kva det ville ha kosta å drive tenesta åleine?

Hopehav

Per i dag har dei fem kommunane 90 samarbeid som dei deltek i. Desse samarbeida er omtalt i pdfkartleggingsrapporten Hopehav.

 

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.