Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Innbyggarhøyring i Sandøy

Ona Anette W. Petersen 900x600Nokre innbyggarar ønsker at grensene til Sandøy kommune blir justerte slik at Ona/Husøy, Sandøy og Orta, og andre omkringliggande øyer går til Aukra, og ikkje til nye Ålesund. 15. - 28. januar blir det gjennomført innbyggarundersøking.

Det er innbyggarane på Sandøy, Ona og Orten som blir spurte om meininga si i denne saka. På øyane Gåsøya, Lyngværet og Seterøya er det ingen fastbuande, difor vil det ikkje bli telefonundersøking for denne søkargruppa.

Opinion As gjennomfører telefonundersøkinga på oppdrag frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Sandøy kommune har i samband med dette samla inn telefonnummer til alle innbyggarar over 16 år på dei tre øyane. Alle tilgjengelege telefonnummer frå denne lista vil bli ringt opp inntil 10 ganger.

Resultatet frå telefonundersøkinga vil vere klart i veke 6(5.  - 11. februar), og Fylkesmannen sender resultatet over til kommunen og søkarane for Sandøy, Ona og Orten. Søkarane for øyane Gåsøya, Lyngværet og Seterøya vil også bli informerte.

Du får meir informasjon om undersøkinga på Sandøy kommune sine heimesider.

Brev til innbyggarane

I samband med undersøkinga har ordførar i Sandøy kommune, Oddvar Myklebust, sendt ut eit informasjonsskriv til alle innbyggarane i kommunen:

Skal vi skiljast?

"Sandøy er ein godt fungerande kommune. Øyane har felles kulturell ståstad og veit å ta vare på kvarandre. Undersøkingar viser at fleirtalet av innbyggarane er fornøgde med dei kommunale tilboda. Sandøy er ein liten kommune, og det blir vanskeleg i framtida å oppretthalde tenestetilbodet utan å vere del av ein større kommune. Eit fleirtal av innbyggarane ønska ei kommunesamanslåing.  Eit mindretal ville til Aukra, og eit fleital til nye Ålesund. Kommunestyret valde å følge fleirtalet.

Det er eit val ikkje alle liker - for er vi ikkje eigentleg romsdalingar? Ligg vi ikkje geografisk plassert på Romsdalskysten og har ei kulturell og historisk tilknytning til Romsdal?

Sjølvsagt er vi romsdalingar – og sunnmøringar. Geografisk vil vi framleis ligge på Romsdalskysten, vi vil framleis ha vår kultur og vere ein del av Romsdalsmuseet, men vi har også bindingar sørover. Når vi snakkar om historie; Å miste landemerket Ona fyr, vil vere eit stort tap for Sandøy kommune. Ona fyr er eit samlande symbol og det mest kjente landemerket i kommunen. Ona og fyret vil vere ein hjørnepilar i nye Ålesund, ein viktig merkestein som fører kystkulturen vidare i den nye kommunen.

Men grensejusteringa i Sandøy handlar ikkje berre om historia vår, den handlar også om tenestene som kommunen gir.

Kommunereforma skal sjå framover på dei tenestebehova innbyggarane vil få. Gjennom nye Ålesund blir dei tilsette i Sandøy ein del av eit større fagmiljø enn det Aukra kan tilby. Spesialiserte teneste vil vere tilgjengelege, og dei kommunale tenestene og arbeidsplassane vil framleis vere nær brukarane.

I nye Ålesund vil Steinshamn framleis ha tilbod om jordmor, helsestasjon, lege, heimeteneste, omsorgsbustader med og utan heildøgnspleie, sjukeheim, rådhusfunksjonar og andre tenester.  

Skule, barnehage og SFO skal vere på Huse som no.  Om øyene som søker seg ut blir ein del av Aukra, må innbyggarane forhalde seg til dei tenestene som Aukra leverer.
Øyene har i dag kortare reisetid til nye Ålesund kommune (Finnøya) enn til Aukra kommune (Småge). Men det vil framleis vere lengre å reise til Ålesund sentrum enn til Molde sentrum.  Dagens rutetilbod viser at øyene, med unntak av Orta, vil ha betydeleg kortare reisetid til alle servicefunksjonar ved å bli ein del av nye Ålesund.

Sandøy ønsker å ha gode samband til begge byane, og det er viktig for kommunen å fortsette arbeidet med å oppretthalde og forbetre kontakten både sørover og nordover.

Mange er redde for at Sandøy blir ein utkant i nye Ålesund og mister moglegheitene til å påverke. Dette er ein ulempe eller ein fare med større kommunar.  Nye Ålesund legg opp til ei ordning med kommunedelsutval, der innbyggarmedverknad blir sentralt. Dette, saman med aktive innbyggjarar og eit aktivt næringsliv, vil legge til rette for utvikling av Sandøysamfunnet og gjere at Sandøy får ei viktig stemme inn i den nye kommunen.

Om Sandøy mister dei tre bebudde øyene og dei andre omliggande øyene, omfattar dette også store havområde. Nye Ålesund ønskjer nye løysingar og ei berekraftig utvikling gjennom det grøne skiftet. Nye Ålesund samarbeider med NTNU. Universitetet har det grøne skiftet som gjennomgangstone og samarbeider med det innovative miljøet ved Norsk Maritimt Kompetansesenter om forsking og vidareutvikling av den maritime og marine næringa.

I konkretiseringa av Intensjonsavtalen står det: Det er viktig  å utnytte kommunen sin strategiske posisjon på kysten og etablerte næringskluster for t.d. turisme, maritim, marin og energinæring. Havrommet skal utviklast som ei større strategisk næring der fagmiljø for havrommet og vindenergi etablerast i Sandøy, i nært samarbeid med forskningsinstitusjonar. Tør vi håpe på at Sandøy kan utvikle seg til å bli eit marint senter i den nye kommunen, med arbeidsplassar som gir tilflytting?

Det er forståeleg at ikkje alle er einige i vala som er gjort. Slik vil det alltid vere i eit demokrati. Manntalet hausten 2017 viste at øyene har 53 innbyggjarar, i tillegg er det 4 born – rundt 4,5 % av Sandøy kommunes befolkning. Fleire av dei som ønsker grensejustering, bur ikkje i Sandøy kommune, men har feriehus her. 75 % av innbyggarane i Sandøy gjekk mot grensejustering i ei innbyggarundersøking. Det er eit klart fleirtal.

Den moglege grensejusteringa omfattar rundt 4,5 % av innbyggjarane i Sandøy kommune, men over 40 % av arealet (landareal/havområde).  

For resten av Sandøy kommune vil det vere eit tap å miste desse øyene, og tapet vil også kunne svekke grunnlaget for vidare utvikling av tenestetilbodet på Steinshamn. Og -  kanskje viktigast av alt: Vi ønsker å vidareføre det gode samhaldet mellom øyene som er bygd opp gjennom mange år. Vi har mange ressursar å ta med inn i den nye kommunen, og saman vil vi kunne få til meir."

Oddvar Myklebust

Ordførar i Sandøy kommune

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.