Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Her er forslaga til gatenamn

vegillustrasjonMange har nytta sjansen til å sende inn forslag til gatenam i nye Ålesund. Fristen for å sende inn forslag gjekk ut 31. desember og her får du ei oversikt over forslaga.

Når fem kommunar skal slå seg saman vil det vere fleire gater med same namn, eller namn som er så like at dei må endrast. Tydelege og forskjellige gatenamn er viktig for blant anna effektiv utrykking frå naudetatane, og for å unngå forvirring blant innbyggarar og besøkande.

Det nasjonale regelverket er tydeleg på at alle gater, veger, stiar, plassar og område skal ha eit unikt namn innan kommunen. Det er rundt 70 vegnamn som er dei same eller for like, i dei fem kommunane. Dei enkelte kommunane har fått i oppdrag frå fellesnemnda for nye Ålesund kommune å arbeide fram nye namn til dei aktuelle gatene.

Fram til 31. desember kunne alle sende inn forslag til namneendringar.

No skal namnenemndene og bydelsutvala velje eitt forslag for kvar gate. Forslaget skal sendast til Språkrådet for godkjenning. Når nytt namn er godkjent, skal det enkelte kommunestyre avgjere namnespørsmålet.

Haram

Det er 17 gater i Haram som må skifte namn på grunn av kommunereformen:
Bakkane, Fjelltun, Fjellvegen (i Brattvåg), Gjerdet, Hamnevegen, Haugvegen, Johanmarka, Jordmorvegen, Kalvøyvegen, Kyrkjevegen, Lyngvegen, Sjøvegen, Skulevegen, Storgata, Støvegen, Sætrevegen, Åslia.

Her er forslaga:

  • Bakkane er foreslått endra til Gamlemsbakkane eller Bakkevegen
  • Fjelltun til Fjellheim, Solskinslia, Solskinsvegen eller Brattalid
  • Gjerdet til Bakkegjerdet
  • Hamnevegen til Fiskerivegen eller Lausundvegen
  • Haugvegen til Gratishaugen, Haugstadvegen, Haugen, Målfrid Longvas veg (stortingsrepresentant), Soltunvegen, Solhaugvegen, Solstadvegen, Fjordtunvegen, Soltun, Solhaugen eller Solstad
  • Johanmarka til Johan Ingridveien, Ingridmarka, Johangarden eller Johan-Ingridmarka
  • Jordmorvegen til Jordmorbrauta, Nyvegen, Jordmor Annes veg (etter første jordmora i Haram)
  • Kalvøyvegen til Pampusvegen eller Øyavegen
  • Lyngvegen til Ospevegen
  • Sjøvegen til Kaivegen, Naustvegen, Tennfjord sjøveg eller Tennfjord-sjøvegen.
  • Skulevegen er foreslått endra til Skulesvingen, Skjelt-Annavegen (Anna Skjelten var den første kvinna som busette seg i Brattvåg) eller Josefina Skjelten veg (den første lærerinna i Brattvåg, ein pionér).
  • Storgata er ønska endra til Ingebrigt Davikgata, Øvstegata eller Øvstevegen, Skjelte-Anna gata, Aase Skjelten gata (Aase Skjelten var ei engasjert kvinne og hadde firmaet Stoffbua i Haram), Skjeltengata, Kulturgata, Sentergata, Kommunegata, Fellesgata, Sørvisegata, Brattvågvegen,  Brattvågergata, Størstegata, Canal Grande, Børsgata Strakevegen, Hovudgata, Vinsjegata/vegen eller Brattvåggata
  • Støvegen er foreslått endra til Flemsvikvegen, Flemsvikane, Uravegen, Urivegen, Longvafjordvegen, Flemsvegen eller at Støvegenbeheld namnet av historiske årsakar og Støvegen på Lerstad i Ålesund skiftar namn i staden.
  • Sætrevegen er foreslått endra til Viktunvegen eller Timbredalvegen
  • Åslia til Marta Stavevegen (dreiv IOGT-losjen  i Brattvåg for barn og ungdom), Kvennåse eller Kvennhusåsen

Det er ikkje kome inn forslag til nye namn på Fjellvegen i Brattvåg og Kyrkjevegen.

Sandøy

Desse ni gatene må skifte namn i Sandøy: Breivikvegen, Haugevegen, Kringsjåvegen, Lunda, Markavegen, Molovegen, Remmavegen, Sjøvegen, Steinvågvegen.

  • Breivikvegen er foreslått endra til Breivikstranda eller Veltevegen
  • Haugevegen er foreslått endra til Hauglyvegen eller Hesteberget
  • Kringsjåvegen til Linningsvegen
  • Lunda til Nylunda
  • Markavegen til Brunvollmarka
  • Molovegen til Nausthaugvegen eller Nausthaugen, Fjørevegen, Nymolovegen, Harnesstøa eller Harnesstøvegen, Hamnebrotet eller Hamnabrøtvegen
  • Remmavegen til Fagerhaugvegen, Innigardsvegen eller Samuels veg
  • Sjøvegen til Varhaugvegen, Varhauvegen eller Torvvegen
  • Steinvågvegen til Målsbekksvegen.

Skodje

16 vegar må skifte namn i Skodje: Bergsvegen, Einevegen, Fjellvegen, Gamlevegen, Gjerdevegen, Karolusplassen, Myrbakken, Nakkevegen, Nesvegen, Porsevegen, Reitane, Remevegen, Skulevegen, Storfjordvegen, Torevegen, Ådalsvegen.

  • Bergsvegen er foreslått endra til Nedre Bergsvegen, Ellinggjerde, Ellingsvegen, Berget eller Bergsbakken
  • Einevegen til Barlindvegen, Blåbærvegen eller Roaldvegen
  • Fjellvegen til Trollvegen eller Solvegen
  • Gamlevegen til Demmevegen, Paddevegen, Grindvikvegen eller Nedre Kriken
  • Gjerdevegen til Fjellbuvegen
  • Karolusplassen til Karolusvegen
  • Myrbakken til Hjellmyrbakken
  • Nesvegen til Aakevegen, Nesråsa, Landevegen, Kalverumpa, Reveråsa, Hjorteråsa, Aakestien eller Gardsvegen
  • Porsevegen til Urtevegen, Balle Klorins veg eller Nedstegata
  • Reitane til Skodjereite
  • Remevegen til Gomervegen, Nettveien, Breibandveien, Televeien, Flisveien eller  Kasseveien
  • Skulevegen til Vallemyrane eller Vallemyrvegen
  • Storfjordvegen  til Storfjordåsvegen, Indrevika, Indrevikvegen, Fjordvegen eller Indrevik
  • Torevegen til Kirstenveien, Torolevegen, Toregarden, Toregardsvegen, Nye Torevegen

Det er ikkje kome inn forslag til namn på Nakkevegen eller Ådalsvegen.

Ørskog

I Ørskog er det 14 gater som må skifte namn: Einavegen, Gjerdsvegen, Grytalivegen, Idrettsvegen, Kleivavegen, Kyrkjevegen, Liavegen, Lyngvegen, Naustvegen, Skogvegen, Skulevegen, Smibakken, Vestresætervegen, Øvstevegen.

Først to namn som ikkje er knytt til nokon bestemt veg:                    

  • Brita Urkes veg - etter eit av ofra for hekseprosessane               
  • Ragnhild Abelsets veg - etter den første, eller ein av dei første, kvinnelege bygdelensmann på Sunnmøre

 

  • Einavegen til Einabakken eller Einabakkane
  • Gjerdsvegen til Pinebakken
  • Grytalivegen er foreslått endra til Lauparvegen
  • Kleivavegen til Kleivanevegen, Øvste Kleivavegen, Olausvegen, Nyvegen
  • Kyrkjevegen til Handverkarvegen eller Prestegardsvegen (den eksisterande Prestegardsvegen kan utvidast)
  • Liavegen til Gardsvegen Lid eller Lidgardsvegen
  • Skogvegen til Skogen, Ole Landes veg, Prestagardsskogen, Presteskogvegen, Mispelvegen,  Lønnevegen,  eller Heggevegen
  • Vestresætervegen er foreslått endra til Vestrefjellvegen
  • Øvstevegen til Grimsmyrvegen, Hatlebakken eller Solsidevegen

Det er ikkje kome inn forslag til nye namn til Idrettsvegen, Lyngvegen, Naustvegen, Skulevegen og Smibakken.

Ålesund        

Ålesund har 17 vegar som må skifte namn:
Fergevegen, Gjerdevegen, Gjerdsvegen, Grytavegen, Hansvegen, Haugen, Hjellevegen, Knutgarden, Langhaugen, Niklavegen, Olaus Fjørtofts veg, Reitevegen, Remavegen, Sjøvegen, Slettevegen, Stigen, Storfjordvegen.

Generelle forslag:

  • Det er foreslått at eit av dei nye vegnamna skal vere Karla Barstadsveg (etter første kvinne i kommunestyret)
  • Eit av dei nye gatenamna skal vere Ambrosia Tønnesens veg etter billedhoggaren som er fødd og oppvaksen i Ålesund, på Aspøya
  • Skytterlagsgata, Olaf Gryttens gate, Erik Rosenkarans gate (alle foreslått på Ellingsøy)
  • Bredelia til Åsemullia, Øvre Mulelia eller Reslia
  • Fergevegen til Gamle fergevegen
  • Gjerdevegen til Sperrebakken
  • Gjerdsvegen er foreslått endra til Lillegjersvegen, Lillegjerde, Inger Bersets veg (etter barnebokoversettaren og bibliotekaren), Sigurd Gjerdes vei, Gamle Gjerdsvegen, Gjerdsstien, Gjerdsgata, Kollenveien, Peder Myrstads veg eller ønsker å behalde namnet
  • Grytavegen til Grytagarden (mogleg konflikt med namneklynge på Grytastranda), Grytbakkvegen, Hessaskaret, Solveggen, Solplassen, Solbakken, Sir Matt Busby Way
  • Hansvegen til Nedre Ellingsvegen
  • Haugen er foreslått endra til Østre Hatlaåsen, Solåsen, Solhaugen, Lykkehaugen, Furehaugen, Haugentoppen, Valborg Hauges gate ( viser til gatas tidlegare namn og opphavet. V. Haugen bodde mange år I området og eigde heile boligfeltet), Åsehaugen, slå saman Haugen og Furelia til Furelia eller at Haugen endrar namn til Furehaugen, Furuhagen
  • Hjellevegen til Notbøteriet
  • Knutgarden til Knuthaugen
  • Langhaugen til Gymnasvegen, Ola Hjellen, Ola Hjellvegen, Fjellfoten. Forslag om å dele vegen i to, med namna: Nedre Langhaugen og Øvre Langhaugen
  • Ludviksplass til Tofthagen
  • Niklavegen til Niklagarden, Niklatun eller Nikla 
  • Reitevegen til Øvre Stokkereit
  • Remavegen til Bolset(h)vegen, Midtvassvegen, Lillevatnet Allé, Karla Barstads veg, Inger Austvegs gate (etter barne- og ungdomsforfattar Inger Rasmussen Austveg)
  • Sjøvegen til Pilabakken
  • Slettevegen til Magerholmdalen
  • Storfjordvegen til Flisnesbakken
  • Stigen til Aspøystigen
  • Tuevegen til Skoghaugvegen, Øvre Tuaveg eller Gamle Tuavegen

Det er foreslått at Olaus Fjørtofts veg skal utgå.

Det er no opp til dei enkelte bydelsutvala og namnenemndene og einast om eitt forslag for kvar gate før saken går vidare.
  

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.