Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Lærarar tilsette i Newton Møre

Bjørn Endre Helgesen (til venstre) og Kenny Solevåg-HotiBjørn Endre Helgesen og Kenny Solevåg-Hoti er nytilsette lærarar for Newton Møre. Dette er det første Newtonrommet i fylket. Det er nye Ålesund som eig undervisningsrommet på NMK i Ålesund.

Bjørn Endre Helgesen har relevant kompetanse med ni års erfaring som realfagslærar ved Blindheim ungdomsskole i Ålesund. Han tok vidareutdanning ved Universitetet i Bergen 2014 - 2016 i regi av Skolelaboratoriet, der store delar av undervisninga foregjekk på Vitensenteret.

Kenny Solevåg-Hoti er utdanna lektor i realfag med spesialisering i matematikk og fysikk. Han har tidlegare utvikla eit digitalt læremiddel for Cappelen Damm/Inkrement AS, og har erfaring frå veiledning av studentar gjennom eksperiment på NTNU.

Newton Møre

Allereie etter påske vil det bli undervisningsaktivitet i Newtonrommet. Då skal rommet testast ut for bruk av utvalde elevgrupper frå alle kommunane i nye Ålesund.

I august vil Newtonrommet bli tatt i bruk for fullt, og vel 1 500 elevar i 6. og 9. klassetrinn får minst ein dag med undervisning i det nye undervisningsrommet.

Som det første i landet har Newtonrommet på NMK to humanoide robotar (robotar med menneskeleg form) som kan ”snakke” med besøkande. Det er også det første i sitt slag med fleire nye funksjonar, blant anna smartveggar, touchskjerm på glas, Active Floor (interaktivt gulv) og hologrammaskin (prosjektor som viser 3D-bilete i lufta).  

Nye Ålesund kommune eig og skal drifte Newton Møre. Det er inngått samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, slik at også dei vil kunne bruke Newtonrommet i si undervisning. Newton- Newton-modulane undervisninga begynner med, er:

  • Robotar og matematikk (barnetrinn)
  • Fornybar energi (ungdomstrinn)

Etableringa av eit Newtonrommet har skjedd i samarbeid mellom NMK, Ålesund kommune - som representant for nye Ålesund, og lokalt næringsliv. Blant anna har Sparebanken Møre gått inn med 5 millionar kroner til etablering av konseptet og investering i utstyr og innreiing.

Om Newtonrom

Eit Newtonrom er eit praktisk og teknologisk velutstyrt undervisningslokale, med fokus på naturfag, matematikk og teknologi. I Newtonromma får elevane prøve ut tildels vanskeleg teori gjennom praktiske øvingar og forsøk.

Newtonkonseptet er utvikla i samarbeid mellom stiftinga FIRST Scandinavia og ressurspersonar i norsk skule.  Målet er å gje barn og unge gode lærings- og meistringsopplevingar i naturfag, matematikk og teknologi. All undervisning er forankra i dei norske læreplanane.  Så langt er det etablert 34 Newtonrom i Norge; - dei fleste i nord i landet.  Hovudkontoret til FIRST Scandinavia ligg i Bodø.

Les meir om Newton Møre:

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.