Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Organisering og samarbeid

Skodje 171017Partssamansett utval skal diskutere kartleggingsrapporten for administrativ organisering og arbeidsutvalet tilrådinga om interkommunalt samarbeid i møte 31. januar.

Det partssamansette utvalet skal møte klokka 10.00, medan arbeidsutvalet møter klokka 12.00, 31. januar. Begge møta er på Ålesund rådhus i 4. etasje i lavblokka.

Partssamansett utval

Det partssamansette utvalet skal uttale seg om kartleggingsrapporten av administrativ organisasjonsstruktur i dei fem kommunane som skal inngå i nye Ålesund kommune. Kartleggingsgruppa har bestått av administrative representantar og representant for tillitsvalde og hovudverneombod.

Rapporten tar for seg fordelar og ulemper ved ulike modellar for ny adminstrativ organisering, slik at ei ny prosjektgruppe kan gå i gang med vurdering og beslutning av ny administrativ struktur for nye Ålesund kommune.

Partsamansett utval har representatar for tilsette og arbeidsgivar.

Du finn alle sakspapir under Politikk > Møtekalender > Partssamansett utval, og gjeldande dato.

Arbeidsutvalet

Utvalet får først ei orientering om framdrifta i prosjektet ved prosjektleiar Astrid J. Eidsvik og prosjektkoordinator Anne Berit Støyva Emblem, før kommunikasjonsansvarleg Anne Bente Skjellum gir ei orientering om kommunikasjonsarbeidet. Det blir også ei orientering om framdrift i breibandutbygginga.

Den politisk komiteen for interkommunale samarbeid har kome med ei tilråding om kva for interkommunale samarbeid dei meiner nye Ålesund skal fortsette med etter samanslåinga.

Les meir om tilrådinga i nyheitssaken Nye Ålesund og samarbeid.

Eitt av måla med kommunereforma er å redusere behovet for interkommunale samarbeid slik at kommunen kan få sterkare styring og kontroll, politisk og administrativt, over dei tenestene og det forvaltningsansvaret kommunen har plikt til å gi innbyggarane sine. Intensjonsavtalen som er inngått mellom Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund understrekar at den nye kommunestrukturen skal gi grunnlag for å redusere omfanget av interkommunalt samarbeid.

Alle skriftlege avtalar om interkommunalt samarbeid som i dag er inngått, blir ugyldige frå og med det tidspunktet den nye kommunen er operativ  fordi den er ei ny juridisk eining. Det betyr at avtalane anen må bli inngått på nytt, med eller utan endring, eller seiast opp.

Du finn alle sakspapira til møtet under Politikk > Møtekalender > Arbeidsutval, og gjeldande dato.

Det er ordførarane i dei fem kommunane i nye Ålesund som utgjer arbeidsutvalet til Fellesnemnda.  Rådmennene, prosjektkoordinator og politisk sekretær er også til stades på møta.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.