Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Tilrådinger frå to utval 31. januar

psu 311018Det partssamansette utvalet og arbeidsutvalet for nye Ålesund kommune har gitt sine tilrådinger til fellesnemnda.

Partssamansett utval

Det partssamansette utvalet uttalte seg om kartleggingsrapporten av administrativ organisasjonsstruktur i dei fem kommunane som skal inngå i nye Ålesund kommune. Rapporten tar for seg fordelar og ulemper ved ulike modellar for ny adminstrativ organisering, slik at ei ny prosjektgruppe kan gå i gang med vurdering og beslutning av ny administrativ struktur for nye Ålesund kommune.

Utvalet ba Fellesnemnda om å ta kartleggingsrapporten til orientering, og om at nemnda gir prosjektleiar Astrid J. Eidsvik mandat til å utarbeide et forslag til administrativ organisering av nye Ålesund kommune.

pdfKartleggingsrapporten

Arbeidet vidare

Prosjektleiar vil leie arbeidet med korleis den nye kommunen skal organisere seg administrativt. Rådmennene i dei fem kommunane blir også med i arbeidet, saman med andre administrative representantar og representantar for tillitsvalde og hovudverneombod. Leiargruppene i dei fem kommunane er inviterte til å kome med innspel på korleis arbeidet skal organiserast vidare. Prosjektleiar understreka viktigheita av å involvere dei tilsette i dei fem kommunane i arbeidet.

Forslaget til administrativ struktur skal vere ferdig i løpet av våren og vil bli sendt på høyring.

Du finn alle sakspapir  og referet frå møtet under Politikk > Møtekalender > Partssamansett utval, og gjeldande dato.

Arbeidsutvalet

Utvalet fekk først ei orientering om framdrifta i prosjektet ved prosjektleiar Astrid J. Eidsvik og prosjektkoordinator Anne Berit Støyva Emblem, før kommunikasjonsansvarleg Anne Bente Skjellum ga ei orientering om kommunikasjonsarbeidet. Det var også ei orientering om framdrift i breibandutbygginga.

Den politisk komiteen for interkommunale samarbeid har kome med ei tilråding om kva for interkommunale samarbeid komiteen meiner nye Ålesund skal fortsette med etter samanslåinga. Til grunn for arbeidet er det lagt at nye Ålesund ikkje skal vinne på, men heller ikkje tape på, samarbeid.

Arbeidsutvalet stilte seg bak tilrådinga. Saken går vidare til fellesnemnda, som har møte 15. februar.

Les meir frå tilrådinga i nyheitssaken Nye Ålesund og samarbeid.

Du finn alle sakspapira til møtet, og protokoll, under Politikk > Møtekalender > Arbeidsutval, og gjeldande dato.

Bakgrunn

Eitt av måla med kommunereforma er å redusere behovet for interkommunale samarbeid slik at kommunen kan få sterkare styring og kontroll, politisk og administrativt, over dei tenestene og det forvaltningsansvaret kommunen har plikt til å gi innbyggarane sine. Intensjonsavtalen som er inngått mellom Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund understrekar at den nye kommunestrukturen skal gi grunnlag for å redusere omfanget av interkommunalt samarbeid.

Alle skriftlege avtalar om interkommunalt samarbeid som i dag er inngått, blir ugyldige frå og med det tidspunktet den nye kommunen er operativ  fordi den er ei ny juridisk eining. Det betyr at avtalane anen må bli inngått på nytt, med eller utan endring, eller seiast opp.

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.