Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Resultatet av innbyggarhøyring i Sandøy

Ona Sandøy kommuneInnbyggarhøyringa om grensejustering i Sandøy kommune hadde ein svarprosent på 96 %, 53 av 55 spurde, svarte. 85 prosent av dei spurde ønsker overflytting til Aukra, 13 prosent vil bli med Sandøy inn i nye Ålesund og 2 prosent veit ikkje.

Opinion AS gjennomførte høyringa på vegne av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Bakgrunnen for innbyggarhøyringa er at nokre av innbyggarane på øyane Orta, Sandøy og Ona/Husøy ønsker at grensene i Sandøy kommune blir justerte slik at desse tre øyane går til Aukra i staden for nye Ålesund.  Opionion har samla inn telefonnummer til alle over 16 år på desse øyane og det er desse som er spurte. Ei eventuell grensejustering skal gjelde frå 1. januar 2020 når den nye kommunen trer i kraft.

Dei som blei oppringte av Opinion AS blei spurd eit spørsmål med tre svaralternativ:

Kva kommune meiner du Sandøy, Ona/Husøy og Orsten skal høyre til i framtida?

Svaralternativ:

  • Bli i Sandøy kommune (nye Ålesund kommune) (13 %)
  • Overflytting til Aukra kommune (85 %)
  • Veit ikkje (2 %)

I 2017 budde det i alt 67 personar på dei tre øyane. Dette er mellom 4 - 5 % av befolkninga i Sandøy kommune. Opinion ringte 55 personar  med dette spørsmålet og 53 svarte.

  • 70% av dei som svarte var over 60 år.
  • 15 % av dei som svarte var mellom 45 - 59 år
  • 6 % av dei som svarte var 30 - 44 år
  • 9 % av dei som svarte var yngre 16 - 29 år

Sjå oppsummeringa av innbyggarhøyringa på Fylkesmannen si nettside.

Les brevet frå ordførar i Sandøy, Oddvar Myklebust til innbyggarane i forkant av innbyggarhøyringa.

 

 

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.