Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Politisk organisering og grensejustering

Fellesnemnda 161117 orskogFellesnemnda skal diskutere politisk organisering, interkommunale samarbeid, administrativ struktur og gje ein uttale til grensejustering av Sandøy.

Møtet blir halde i formannskapssalen i Ålesund, 15. februar. Møtet startar klokka 09.00. Møtet er ope for publikum og blir også streama direkte på nett.  (Vi kjem tilbake med lenke til streaminga.)

Hovudprinsipp for politisk organisering

Ein politisk komité har arbeidd fram eit forslag for politisk hovudorganisering for nye Ålesund kommune. Komiteen legg prinsippa frem for fellesnemnda i nye Ålesund.

  • Komiteen foreslår at nye Ålesund skal ha eit formannskap med 15 medlemmer.
  • Kontrollutvalet skal ha fem medlemmer, minimum tre av desse skal vere kommunestyrerepresentantar. Leiaren skal vere medlem av kommunestyret.
  • Kommunestyret skal ha eit eige planutval med mellom 11 og 15 medlemmer.
  • I samsvar med intensjonsavtalen kan det vere gjennomgåande representasjon i den politiske organisasjonen, der dette er hensiktsmessig. Gjennomgåande representasjon vil seie at utvalsmedlemmene blir valde blant kommunestyrerepresentantane.
  • Kommunestyret kan sette ned tidsavgrensa ad hoc-komitear/oppgåveutval med føremål om å sikre tverrfagleg utvikling.

Komiteen foreslår også at arbeidet i kommunestyreutvala skal organiserast med fire til seks utval/komitear som dekker dei store kommunalområda.

  • Utvala/komiteane skal ha mellom 11 og 19 medlemmer.

Eit fleirtal av komiteen (åtte) tilrår ein modell med kommunestyremkomitear, medan ein mindretal (tre) tilrår ein utvalsmodell.

Alternativet med komitear gir kommunestyrekomiteane saksførebuande mynde og innstillingsrett til kommunestyret.

Alternativet med utval gir faste utval med delegert avgjerdsmynde der leiar er medlem av kommunestyret.

Organiseringa tar sikte på blant anna å sikre lokaldemokratiet i den nye kommunen og bygger på intensjonsavtalen som seier noko om om dei overordna målsettingane:

  • Sikre gode og likeverdige tenester der folk bur, gitt av kompetente fagfolk.
  • Eit godt og velfungerande lokaldemokrati, med lokalt engasjement og medverknad.
  • Samfunnsutvikling som realiserer muligheitene for at heile bu- og arbeidsregionen vert tatt i bruk, og som gir konkurransekraft til næringslivet.
  • Rettstryggleik og verdigheit i alle tenestene.

Samanslåingsprosessen har eit prinsipp om at lokal identitet og nærdemokrati skal vere høgt prioritert.

Intensjonsavtalen har i tillegg eit eige kapittel som omhandlar korleis ivareta demokratiet i den nye kommunen.
Her er definert følgjande mål:

  • Den politiske organiseringa i kommunen skal sikre både heilskapleg planlegging for regional slagkraft og lokal medverknad på kommunedelnivå.
  • Nye Ålesund kommune skal sikre levande lokaldemokrati basert på ei vid forståing av demokratiomgrepet og gjennom utprøving av nye former for medverknad.
  • Den nye kommunen skal ha særleg fokus på digitale plattformer som hjelpemiddel i å la innbyggjarane medverke. Det skal utgreiast konkrete løysingar for e-demokrati i den nye kommunen.

Grensejustering i Sandøy kommune

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har mottatt eit innbyggarinitiativ med søknad om grensjustering for dei bebudde øyane Sandøy, Ona/Husøy og Orten  og dei ubebodde øyane Lyngværet, Seterøya og Gåsøyai Sandøy kommune, med ønske om overflytting til Aukra kommune. Det har vore innbyggarhøyring på dei tre bebudde øyane.

Fellesnemnda i Ålesund ønsker å gje ei sjølvstendig høyringuttale i saken fordi det er ei viktig sak for det vidare arbeidet i samband med etableringa av nye Ålesund.

Tilrådinga til prosjektkoordinator er at fellesnemnda rår til at øyane Sandøya, Ona, Orta, Lyngværet, Seterøya og Gåsøya, saman med resten
av dagens Sandøy kommune, fortsatt skal vere ein del av Sandøy kommune og ein del av nye Ålesund kommune frå 2020. Dette vil verei tråd med intensjonsavtalen mellom kommunane i nye Ålesund og sentrale mål i inndelingslova og kommunereforma.

Sjølv om grensejusteringa omfattar berre 4 - 5 % av innbyggarane i Sandøy kommune, omfattar det over 40 % av landareal og havområde. Sandøy kommune har 21,5 kvadratkilometer landareal. Havflata i kommunen er 985,7 kvadratkilometer. Ved ei eventuell grensejustering vil store havområde ikkje lengre vere del av kommunen.

Havområdet er sentralt for å arbeide fram løysingar og sikre ei berekraftig utvikling gjennom det grøne skiftet. NTNU satsar på det grøne skiftet, og samarbeider med det innovative miljøet ved Norsk Maritimt Kompetansesenter om forsking og vidareutvikling av den maritime og marine næringa. Nye Ålesund legg opp til eit nært samarbeid og ei framtidsretta utvikling saman med forskings- og utdanningsinstitusjonane i den nye kommunen.

I konkretiseringa av Intensjonsavtalen står det: Det er viktig å utnytte Sandøy kommune sin strategiske posisjon på kysten og etablerte næringskluster for t.d. turisme, maritim, marin og energinæring. Havrommet skal utviklast som ei større strategisk næring der fagmiljø for havrommet og vindenergi etablerast i Sandøy, i nært samarbeid med forskingsinstitusjonar.

Kommunale tenester i nye Ålesund (jamfør intensjonsavtalen):

  • I nye Ålesund vil Steinshamn framleis ha tilbod om jordmor, helsestasjon, lege, heimeteneste, omsorgsbustader med og utan heildøgnspleie, sjukeheim, rådhusfunksjonar og andre tenester. Skule, barnehage og SFO skal vere på Huse som no.
  • Som del av nye Ålesund vil dei kommunale tenestene, og dermed arbeidsplassane,  framleis vere nær brukarane.
  • Dei tilsette i Sandøy blir ein del av eit større fagmiljø i nye Ålesund. Spesialiserte tenester vil bli tilgjengelege for innbyggjarane. Dette i samsvar med målsettinga i kommunereforma om at større kommunar skal gi betre kapasitet og kompetanse.  

Nye Ålesund vil understreke at tenestetilbod skal oppretthaldast, inklusiv sørvisfunksjonar. Her vil også digitalisering bli viktigare, noko som er ei prioritert satsing i nye Ålesund.

Intensjonsavtalen for nye Ålesund slår også fast at kommunedelutval skal ha ein viktig funksjon i den nye kommunen for å ivareta demokratiet. Dette vil vere eit gode for innbyggarane i Sandøy kommune.

Interkommunale samarbeid

Ein politisk komité har gått gjennom alle dei interkommunale samarbeida som kommunane i nye Ålesund er ein del av.  Per i dag er det 90 slike samarbeid.

Til grunn for arbeidet er det lagt at nye Ålesund ikkje skal vinne på, men heller ikkje tape på, samarbeid.

Arbeidsutvalet (ordførarane i dei fem kommunane) si tilråding er i tråd med komiteens si tilråding. Dei tilrår at fellesnemnda gjer følgande vedtak når det gjeld interkommunale samarbeid:

Vidareføring av avtalar

Avtalene blir inngått på nytt utan endring i anna enn nye juridiske partar:

  • Overgrepsmottak
  • Interkommunalt arkiv (IKA)
  • Sunnmøre regionråd
  • Ingerkommunalt utval for akutt forureining (IUA)

Administrative vertskommunesamarbeid

Nye Ålesund kan delta i følgande administrative vertskommunesamarbeid, men med nye avtalar:

  • Barnevern
  • Brannvern
  • Kemner
  • Krisesenter
  • IT, drift
  • Landbrukskontor
  • Legevakt
  • PPT

Dette er samarbeid der ein kommune let ein annan kommune (vertskommunen) utføre lovpålagte oppgåver på sine vegne. Der det er aktuelt at nye Ålesund deltar i eit slikt samarbeid, som vertskommune for fleire enn ein samarbeidskommune, så må det leggast til grunn at alle samarbeidskommunane skal delta i same omfang. Avtalar som blir inngått er "pakkeløysingar" utan tilpasningar til den enkelte samarbeidskommune.

Interkommunale selskap

  • Kommunerevisjonsdistrikt nr. 3 i Møre og Romsdal
  • Sunnmøre kontrollutvalsekretariat
  • ÅRIM
  • Ålesundregionens havnevesen

Når det gjeld interkommunale selskap og samarbeid med felles styre bør vilkåret for deltaking i samarbeid vere utarbeiding av nye avtalar med hovudvekt på:

  • formålet med samarbeidet
  • oppgåver og myde som skal ligge hos samarbeidsorganet
  • sikring av god deltakarstyring
  • grunnlag for det økonomiske oppgjeret mellom samarbeidskommunane - kost/nytte, grunnkostnad/meirkostnad med meir
  • samsvar mellom økonomisk ansvar/plikter og representasjon i styrande organ

Ikkje vidareføring

Nye Ålesund bør ikkje føre vidare desse samarbeida slik dei er i dag:

  • SAHARA (Sandøy og Harams interkommunale vassverk)
  • Åknes/Tafjord beredskap
  • IT, strategi og bestilling

Nærare kartlegging

Desse samarbeida treng nærare kartlegging:

  • Forliksråd
  • NAV
  • Politiråd

Anna samarbeid

Arbeidsutvalet tilrår at fellesnemnda er positiv til å føre vidare andre samarbeid dei fem kommunane i nye Ålesund deltar i. Dette kan vere samarbeid om ulike oppgåver av meir eller mindre permantent karakter, kjøp og sal av tenester, medlemsskap i foreiningar og lag, og inngåtte partnerskap.

Kartlegging av administrativ organisering og struktur

Ei prosjektgruppe har arbeidd med å kartlegge forskjellige typar administrativ organisering for å sjå kva som er formålstenleg å bruke i nye Ålesund kommune. Gruppa har sett på forskjellige kommunar og korleis dei er organiserte. Korleis dei fem kommunane er organiserte no, er også tatt med i kartlegginga.

Partssamansett utval har behandla saken, og dei ber fellesnemnda om å ta kartlegginga til orientering og om å be prosjektleiar om å utarbeide forslag til administrativ organisering for nye Ålesund kommune.

Kartleggingsrapporten.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.