Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Dei lokale forslaga til vegnamn er klare

vegillustrasjonEtter at mange innbyggarar har kome med forslag til nye vegnamn i nye Ålesund, er dei endelege forslaga klare.

Det nasjonale regelverket seier at alle gater, veger, stiar, plassar og område skal ha eit unikt namn innan kommunen. Det er rundt 70 vegnamn som er dei same eller for like i dei fem kommunane som skal bli nye Ålesund. Dei enkelte kommunane og innbyggarane har no kome fram med nye namn til dei aktuelle gatene.

Nokre av dei innkomne forslaga er ikkje aktuelle på grunn av namnelikskap til gater i andre kommunar.

Haram

17 gater skal skifte namn. I Haram har kulturutvalet gått gjennom dei innkomne forslaga og har gått inn for følgande forslag: 

  • Gamlemsbakkane i staden for Bakkane
  • Fjellheim i staden for Fjelltun
  • Fjellvegen i Brattvåg vert adressert frå Våghallvegen
  • Bakkegjerdet i staden for Gjerdet
  • Lausundvegen i staden for Hamnevegen
  • Haugtunvegen i staden for Haugvegen
  • Ingridmarka i staden for Johanmarka
  • Jordmorbrauta i staden for Jordmorvegen
  • Pampusvegen i staden for Kalvøyvegen
  • Kyrkjestien i staden for Kyrkjevegen
  • Ospeskogvegen i staden for Lyngvegen
  • Kaivegen i staden for Sjøvegen
  • Skulesvingen i staden for Skulevegen
  • Brattvågvegen i staden for Storgata
  • Timbredalsvegen i staden for Sætrevegen
  • Kvennhusåsen i staden for Åslia.

Kulturutvalet har ikkje kome med framlegg til nytt namn for Støvegen.

Sandøy

Ni gater skal skifte namn i Sandøy. Namnenemnda har desse forslaga:

  • Breivikstranda i staden for Breivikvegen
  • Hauglyvegen i staden for Haugevegen
  • Linningsvegen i staden for Kringsjåvegen
  • Nylunda i staden for Lunda
  • Brunvollmarka i staden for Markavegen
  • Nausthaugen i staden for Molovegen
  • Fagerhaugen i staden for Remmavegen
  • Varhaugen i staden for Sjøvegen
  • Målbekkvegen i staden for Steinvågvegen

Skodje

16 vegar må skifte namn i Skodje. Namnenemnda gjorde sitt framlegg om namn i møtet sitt 24. januar. Deira framlegg til nye gatenamn er sendt på høyring i seks veker.

Namnenemnda tilrår at:

  • Bergsvegen blir til Berget eller Bergsbakken
  • Einevegen blir til Einebærvegen eller Brakevegen
  • Fjellvegen blir til Nihusvegen
  • Gamlevegen blir til Grindvikvegen
  • Gjerdevegen blir til Ole-Andreasgjerdet
  • Karolusplassen blir Karolusvegen eller Grindvikvegen (forlenging av tidlegare Gamlevegen)
  • Myrbakken blir til Hjellmyrbakken
  • Nakkevegen blir til Gardkroken eller Rønakken
  • Nesvegen blir til Nesgardsvegen eller Nesnakken
  • Porsevegen blir Urtevegen
  • Reitane blir til Skodjereite eller Skodjereitane
  • Remevegen blir til Gomervegen
  • Skulevegen blir til Vallemyrane eller Vallemyrvegen
  • Storfjordvegen blir til Indrevikrongen eller Fjordsynvegen
  • Torevegen blir Toregarden eller Toregardsvegen
  • Ådalsvegen blir til Ådalen allé eller Kolonihagen

Der det står mellom to namn, har namnemnda det første forslaget som førsteprioritet.


Ørskog

I Ørskog er det 14 gater som må skifte namn.

Namnenemnda sender følgande forslag vidare:

  • Einavegen skiftar namn til Einabakkane
  • Gjerdsvegen skiftar namn til Gjerdsbrauta
  • Grytalivegen skiftar namn til Lauparvegen
  • Kleivavegen blir til Olausvegen
  • Kyrkjevegen er foreslått til Ørskogvegen
  • Liavegen skiftar namn til Liagardsvegen
  • Naustvegen skiftar namn til Presteøyra
  • Skogvegen skiftar namn til Skogen
  • Vestresætervegen blir til Vestrefjellvegen
  • Øvstevegen blir Grimsmyrvegen

Når det gjeld Lyngvegen foreslår namnenemnda at adressene som ligg til denne vegen blir knytta til Reitevegane/Einabakkane.

Namnenemnda foreslår at Skulevegen ikkje treng eige namn fordi ingen har adresse tilknytta vegen. Nemnda foreslår at Smibakken går ut som vegnamn sidan det er namnet på eit område og at husstandane blir knytta til Prestegardsvegen.

Idrettsvegen får ikkje nytt namn fordi utbygginga av Sjøholt skule har ført til at vegen er borte.

Ålesund

Ålesund har 18 vegar som må skifte namn. Det er bydelsutvala som har gått igjennom dei innkomne forslaga.

Hessa, Skarbøvik og Aspøy bydelsutvalg foreslår følgande namneendringar på vegar i området:

  • Fergevegen endres til Gamle Fergevegen
  • Grytavegen endres til Skolestien
  • Niklavegen endres til Niklagarden
  • Sjøvegen endres til Pilabakken
  • Stigen endres til Aspøystigen

Indre Borgund:

  • Knutgarden blir til Knuthaugen
  • Slettevegen blir til Magerholmdalen
  • Storfjordvegen blir til Flisnesbakken

Spjelkavik, Åse og Lerstad bydelsutvalg har følgende namneforslag:

  • Gjerdsvegen blir til Gamle Gjerdsvegen
  • Haugen blir til Østre Hatlaåsen
  • Langhaugen  blir til Nedre og Øvre Langhaugen
  • Remavegen blir til Bolsetvegen (Bolsethvegen)
  • Bredelia  blir til Øvre Mulelia
  • Ludviksplass blir til Tofthagen
  • Tuevegen blir til Øvre Tuavegen

Ellingsøy bydelsutval foreslår følgande endringar:

  • Gjerdevegen  til Sperrebakken
  • Hansvegen til Nedre Ellingsvegen
  • Reitevegen til Øvre Stokkereit

Vegen vidare

Det er framleis eit omfattande arbeid som gjenstår for å få endring av gatenamna klare. Språkrådet skal gje uttale til alle forslaga til nye vegnamn, for eksempel når det gjeld skrivemåte samanlikna med uttalen av namnet.

Når Språkrådet har  gitt sin uttale skal kvar kommune gjere endeleg vedtak.

I dei tilfella der det blir uklarheiter eller utegløymingar, så er det fellesnemnda i nye Ålesund som delegerer til prosjektleiar og rådmannsgruppa å ta dei nødvendige avgjerdene.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.