Skrevet den . Publisert i Nyheiter

Dei lokale forslaga til vegnamn er klare

vegillustrasjonEtter at mange innbyggarar har kome med forslag til nye vegnamn i nye Ålesund, er dei endelege forslaga klare.

Det nasjonale regelverket seier at alle gater, veger, stiar, plassar og område skal ha eit unikt namn innan kommunen. Det er rundt 70 vegnamn som er dei same eller for like i dei fem kommunane som skal bli nye Ålesund. Dei enkelte kommunane og innbyggarane har no kome fram med nye namn til dei aktuelle gatene.

Nokre av dei innkomne forslaga er ikkje aktuelle på grunn av namnelikskap til gater i andre kommunar.

Haram

17 gater skal skifte namn. I Haram har kulturutvalet gått gjennom dei innkomne forslaga og har gått inn for følgande forslag: 

Kulturutvalet har ikkje kome med framlegg til nytt namn for Støvegen.

Sandøy

Ni gater skal skifte namn i Sandøy. Namnenemnda har desse forslaga:

Skodje

16 vegar må skifte namn i Skodje. Namnenemnda gjorde sitt framlegg om namn i møtet sitt 24. januar. Deira framlegg til nye gatenamn er sendt på høyring i seks veker.

Namnenemnda tilrår at:

Der det står mellom to namn, har namnemnda det første forslaget som førsteprioritet.


Ørskog

I Ørskog er det 14 gater som må skifte namn.

Namnenemnda sender følgande forslag vidare:

Når det gjeld Lyngvegen foreslår namnenemnda at adressene som ligg til denne vegen blir knytta til Reitevegane/Einabakkane.

Namnenemnda foreslår at Skulevegen ikkje treng eige namn fordi ingen har adresse tilknytta vegen. Nemnda foreslår at Smibakken går ut som vegnamn sidan det er namnet på eit område og at husstandane blir knytta til Prestegardsvegen.

Idrettsvegen får ikkje nytt namn fordi utbygginga av Sjøholt skule har ført til at vegen er borte.

Ålesund

Ålesund har 18 vegar som må skifte namn. Det er bydelsutvala som har gått igjennom dei innkomne forslaga.

Hessa, Skarbøvik og Aspøy bydelsutvalg foreslår følgande namneendringar på vegar i området:

Indre Borgund:

Spjelkavik, Åse og Lerstad bydelsutvalg har følgende namneforslag:

Ellingsøy bydelsutval foreslår følgande endringar:

Vegen vidare

Det er framleis eit omfattande arbeid som gjenstår for å få endring av gatenamna klare. Språkrådet skal gje uttale til alle forslaga til nye vegnamn, for eksempel når det gjeld skrivemåte samanlikna med uttalen av namnet.

Når Språkrådet har  gitt sin uttale skal kvar kommune gjere endeleg vedtak.

I dei tilfella der det blir uklarheiter eller utegløymingar, så er det fellesnemnda i nye Ålesund som delegerer til prosjektleiar og rådmannsgruppa å ta dei nødvendige avgjerdene.