Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Politisk struktur og interkommunale samarbeid

fellesnemnda 150218 alesund cropFellesnemnda vedtok hovudprinsipp for politisk organisering, korleis arbeidet med interkommunale selskap skal fortsette og blei einige om ein felles uttale om grensejustering i Sandøy.

Fellesnemnda hadde sitt første møte i 2018, 15. februar. Møtet blei halde i Ålesund i formannskapssalen på rådhuset.

Møtet starta med at politikarane fekk ei orientering om vertskommunen, før ein av lærarane frå Newtonrommet informerte om arbeidet som startar der.

Fellesnemnda arbeidde med kva for verdiar som skal gjelde for den nye kommunen etter etableringa i 2020 og prosjektleiar Astrid Eidsvik orienterte om kor langt arbeidet i prosjektet er kome.

Hovudprinsipp for politisk organisering

Fellesnemnda vedtok forslaget om politisk hovudorganisering frå den politiske komiteen Politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarinvolvering.

Fellesnemnda vedtok at:

  • nye Ålesund skal ha eit formannskap med 15 medlemmer.
  • kontrollutvalet skal ha fem medlemmer, minimum tre av desse skal vere kommunestyrerepresentantar. Leiaren skal vere medlem av kommunestyret.
  • kommunestyret skal ha eit eige planutval med mellom 11 og 15 medlemmer.
  • det i samsvar med intensjonsavtalen kan vere gjennomgåande representasjon i den politiske organisasjonen, der dette er hensiktsmessig. (Gjennomgåande representasjon vil seie at utvalsmedlemmene blir valde blant kommunestyrerepresentantane.)
  • kommunestyret kan sette ned tidsavgrensa ad hoc-komitear/oppgåveutval med føremål om å sikre tverrfagleg utvikling.

Fellesnemnda vedtok også at arbeidet i kommunestyreutvala skal organiserast med fire til seks utval/komitear som dekker dei store kommunalområda.

  • utvala/komiteane skal ha mellom 11 og 19 medlemmer.

Fellesnemnda vedtok ein modell med kommunestyrekomitear, der komiteane får saksførebuande mynde og innstillingsrett til kommunestyret. Dette vedtaket er i tråd med eit fleirtalsforslag frå komiteen.

Eit anna alternativ som blei stemt over var ein utvalsmodell med faste utval med delegert avgjerdsmynde der leiar er medlem av kommunestyret. Dette forslaget fell.

Organiseringa tar sikte på blant anna å sikre lokaldemokratiet i den nye kommunen og bygger på intensjonsavtalen som seier noko om om dei overordna målsettingane:

  • Sikre gode og likeverdige tenester der folk bur, gitt av kompetente fagfolk.
  • Eit godt og velfungerande lokaldemokrati, med lokalt engasjement og medverknad.
  • Samfunnsutvikling som realiserer muligheitene for at heile bu- og arbeidsregionen vert tatt i bruk, og som gir konkurransekraft til næringslivet.
  • Rettstryggleik og verdigheit i alle tenestene.

Samanslåingsprosessen har eit prinsipp om at lokal identitet og nærdemokrati skal vere høgt prioritert.

Intensjonsavtalen har i tillegg eit eige kapittel som omhandlar korleis ivareta demokratiet i den nye kommunen.
Her er definert følgjande mål:

  • Den politiske organiseringa i kommunen skal sikre både heilskapleg planlegging for regional slagkraft og lokal medverknad på kommunedelnivå.
  • Nye Ålesund kommune skal sikre levande lokaldemokrati basert på ei vid forståing av demokratiomgrepet og gjennom utprøving av nye former for medverknad.
  • Den nye kommunen skal ha særleg fokus på digitale plattformer som hjelpemiddel i å la innbyggjarane medverke. Det skal utgreiast konkrete løysingar for e-demokrati i den nye kommunen.

Grensejustering i Sandøy kommune

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har mottatt eit innbyggarinitiativ med søknad om grensjustering for dei bebudde øyane Sandøy, Ona/Husøy og Orten  og dei ubebodde øyane Lyngværet, Seterøya og Gåsøyai Sandøy kommune, med ønske om overflytting til Aukra kommune. Det har vore innbyggarhøyring på dei tre bebudde øyane.

Fellesnemnda i Ålesund gir ein sjølvstendig høyringuttale i saken fordi det er ei viktig sak for det vidare arbeidet i samband med etableringa av nye Ålesund.

Fellesnemnda rår til at øyane Sandøya, Ona, Orta, Lyngværet, Seterøya og Gåsøya, saman med resten av dagens Sandøy kommune, fortsatt skal vere ein del av Sandøy kommune og ein del av nye Ålesund kommune frå 2020. Dette vil verei tråd med intensjonsavtalen mellom kommunane i nye Ålesund og sentrale mål i inndelingslova og kommunereforma.

Sjølv om grensejusteringa omfattar berre 4 - 5 % av innbyggarane i Sandøy kommune, omfattar det over 40 % av landareal og havområde. Sandøy kommune har 21,5 kvadratkilometer landareal. Havflata i kommunen er 985,7 kvadratkilometer. Ved ei eventuell grensejustering vil store havområde ikkje lengre vere del av kommunen.

Havområdet er sentralt for å arbeide fram løysingar og sikre ei berekraftig utvikling gjennom det grøne skiftet. NTNU satsar på det grøne skiftet, og samarbeider med det innovative miljøet ved Norsk Maritimt Kompetansesenter om forsking og vidareutvikling av den maritime og marine næringa. Nye Ålesund legg opp til eit nært samarbeid og ei framtidsretta utvikling saman med forskings- og utdanningsinstitusjonane i den nye kommunen.

I konkretiseringa av Intensjonsavtalen står det: Det er viktig å utnytte Sandøy kommune sin strategiske posisjon på kysten og etablerte næringskluster for t.d. turisme, maritim, marin og energinæring. Havrommet skal utviklast som ei større strategisk næring der fagmiljø for havrommet og vindenergi etablerast i Sandøy, i nært samarbeid med forskingsinstitusjonar.

Kommunale tenester i nye Ålesund (jamfør intensjonsavtalen):

  • I nye Ålesund vil Steinshamn framleis ha tilbod om jordmor, helsestasjon, lege, heimeteneste, omsorgsbustader med og utan heildøgnspleie, sjukeheim, rådhusfunksjonar og andre tenester. Skule, barnehage og SFO skal vere på Huse som no.
  • Som del av nye Ålesund vil dei kommunale tenestene, og dermed arbeidsplassane,  framleis vere nær brukarane.
  • Dei tilsette i Sandøy blir ein del av eit større fagmiljø i nye Ålesund. Spesialiserte tenester vil bli tilgjengelege for innbyggjarane. Dette i samsvar med målsettinga i kommunereforma om at større kommunar skal gi betre kapasitet og kompetanse.  

Nye Ålesund vil understreke at tenestetilbod skal oppretthaldast, inklusiv sørvisfunksjonar. Her vil også digitalisering bli viktigare, noko som er ei prioritert satsing i nye Ålesund.

Intensjonsavtalen for nye Ålesund slår også fast at kommunedelutval skal ha ein viktig funksjon i den nye kommunen for å ivareta demokratiet. Dette vil vere eit gode for innbyggarane i Sandøy kommune.

Interkommunale samarbeid

Fellesnemnda gjorde vedtak om interkommunale samarbeid som samsvarer med arbeidsutvalets innstilling  - bortsett frå punktet som gjeld at nye Ålesund trekker seg ut av Åknes Tafjord Beredskap IKS (interkommunale samarbeid). Fellesnemnda valde, på bakgrunn av innspel frå leiar i representantskapet i selskapet, å vente med å ta ei avgjerd. Leiaren peikte i innspelet blant anna på at det er satt igang eit arbeid for å sjå på organisering av selskapet og ei eventuell alternativ organiseringa av dette.  

Åknes Tafjord Beredskap IKS (interkommunale samarbeid) oppfordrar difor fellesnemnda for nye Ålesund om å vente  med konklusjonen om framtidig eigarskap i det interkommunale samarbeidet, til denne gruppa har avslutta sitt arbeid. Dette arbeidet skal leggast fram for endeleg avklaring i løpet av mai.

Fellesnemnda valde å vente med konklusjonen når det gjelder Åknes Tafjord Beredskap IKS.

Den politisk komiteen Interkommunale samarbeid har gått gjennom alle dei interkommunale samarbeida som kommunane i nye Ålesund er ein del av.  Per i dag er det 90 slike samarbeid.

Til grunn for arbeidet er det lagt at nye Ålesund ikkje skal vinne på, men heller ikkje tape på, samarbeid.

Fellesnemnda vedtok følgande om interkommunale samarbeid:

Vidareføring av avtalar

Avtalene blir inngått på nytt utan endring i anna enn nye juridiske partar:

  • Overgrepsmottak
  • Interkommunalt arkiv (IKA)
  • Sunnmøre regionråd
  • Ingerkommunalt utval for akutt forureining (IUA)

Administrative vertskommunesamarbeid

Nye Ålesund kan delta i følgande administrative vertskommunesamarbeid, men med nye avtalar:

  • Barnevern
  • Brannvern
  • Kemner
  • Krisesenter
  • IT, drift
  • Landbrukskontor
  • Legevakt
  • PPT

Dette er samarbeid der ein kommune let ein annan kommune (vertskommunen) utføre lovpålagte oppgåver på sine vegne. Der det er aktuelt at nye Ålesund deltar i eit slikt samarbeid, som vertskommune for fleire enn ein samarbeidskommune, så må det leggast til grunn at alle samarbeidskommunane skal delta i same omfang. Avtalar som blir inngått er "pakkeløysingar" utan tilpasningar til den enkelte samarbeidskommune.

Interkommunale selskap

  • Kommunerevisjonsdistrikt nr. 3 i Møre og Romsdal
  • Sunnmøre kontrollutvalsekretariat
  • ÅRIM
  • Ålesundregionens havnevesen

Når det gjeld interkommunale selskap og samarbeid med felles styre bør vilkåret for deltaking i samarbeid vere utarbeiding av nye avtalar med hovudvekt på:

  • formålet med samarbeidet
  • oppgåver og myde som skal ligge hos samarbeidsorganet
  • sikring av god deltakarstyring
  • grunnlag for det økonomiske oppgjeret mellom samarbeidskommunane - kost/nytte, grunnkostnad/meirkostnad med meir
  • samsvar mellom økonomisk ansvar/plikter og representasjon i styrande organ

Ikkje vidareføring

Nye Ålesund bør ikkje føre vidare desse samarbeida slik dei er i dag:

  • SAHARA (Sandøy og Harams interkommunale vassverk)
  • (Åknes/Tafjord beredskap - flytta til nærare kartlegging)
  • IT, strategi og bestilling

Nærare kartlegging

Desse samarbeida treng nærare kartlegging:

  • Forliksråd
  • NAV
  • Politiråd
  • Åknes Tafjord Beredskap IKS (flytta frå punktet Ikkje vidareføring)

Anna samarbeid

Fellesnemnda er positiv til å føre vidare andre samarbeid dei fem kommunane i nye Ålesund deltar i. Dette kan vere samarbeid om ulike oppgåver av meir eller mindre permantent karakter, kjøp og sal av tenester, medlemsskap i foreiningar og lag, og inngåtte partnerskap.

Kartlegging av administrativ organisering og struktur

Ei prosjektgruppe har arbeidd med å kartlegge forskjellige typar administrativ organisering for å sjå kva som er formålstenleg å bruke i nye Ålesund kommune. Gruppa har sett på forskjellige kommunar og korleis dei er organiserte. Korleis dei fem kommunane er organiserte no, er også tatt med i kartlegginga.

Fellesnemnda tok kartlegginga til orientering og om å be prosjektleiar om å utarbeide forslag til administrativ organisering for nye Ålesund kommune.

Kartleggingsrapporten.

Sakspapir

Du finn sakspapira og protokollen etter møtet i fellesnemnda under Politikk > Møteplan og Fellesnemnd på gjeldande dato.

Du kan sjå møtet i opptak.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.