Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Fellesnemndas uttale om grensejustering

Ona Sandøy kommuneFellesnemnda ga i sitt møte 15. februar ein høyringsuttale til fylkesmannen om grensejustering mellom Sandøy og Aukra.

Fellesnemnda meiner at øyane Sandøya, Ona, Orta, Lyngværet, Seterøya og Gåsøya, saman med resten av dagens Sandøy kommune, skal vere ein del av nye Ålesund kommune. Dette er i tråd med intensjonsavtalen mellom kommunane i nye Ålesund og sentrale mål i inndelingslova og kommunereforma.

Fellesnemnda understrekar at ei grensejustering vil vere ei stor tilleggsoppgåve i prosjektorganisasjonen, noko som kan medføre eit risikoelement i framdrifta med etableringa av nye Ålesund kommune.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har motteke eit innbyggarinitiativ med søknad om grensejustering.

Fellesnemnda i nye Ålesund har ønska å gje ein sjølvstendig høyringsuttale i tillegg til høyringssvar frå Sandøy kommunestyre sjølv om ein ikkje er beden om dette spesifikt.  Dette er ei viktig sak for det
vidare arbeidet i samband med etableringa av nye Ålesund, og prosjektleiar meiner derfor at det er viktig at også nye Ålesund kommune ved fellesnemnda er høyringsinstans i denne saka. Det er viktig for fellesnemnda å få utrykke kva konsekvensar ei mogleg grensejustering vil få for den nye kommunen.

Samandrag av høyringsuttalen

Fellesnemnda har respekt for at eit fleirtal av innbyggarane på dei aktuelle øyane ønskjer ei grensejustering. Sjølv om eit fleirtal av innbyggarane i det aktuelle område ønsker grensejustering, er det fleire
tungtvegande moment som talar imot.  Det er likevel andre relevante argument som vi meiner Fylkesmannen og departementet må ta omsyn til. Nemnda vil trekke fram andre moment som også må
tilleggast vekt.

Det går fram av rundskriv til inndelingslova at lova ikkje seier noko om kor stor vekt ein skal legge på dei ulike momenta i ei grensejusteringssak, vidare at alle relevante argument i saka bør vurderast.
Basert på geografi, tenestetilbod og reisetid vil ikkje ei grensejustering i Sandøy kommune gje ei meir funksjonell og formålstenleg eining, altså vil ein ikkje oppnå ein av intensjonane med inndelingslova.  
Inndelingslova § 10 er etter ordlyden avgrensa til innbyggarar i ”det aktuelle området”. Det går fram av rundskriv til lova at ei sak som geografisk berre vedkjem ein liten del av kommunen, kan få ringverknader langt utanfor området saka direkte gjeld.

Stortinget har i juni 2017 stadfesta at Sandøy kommune skal vere del av nye Ålesund. Ei grensejustering vil vere eit brot på intensjonsavtalen mellom kommunane i nye Ålesund der mellom
anna utvikling av havområdet er eit satsingsområde og samarbeid med universitets-og forskingsmiljø.

Brukarnære tenester

Kommunereformbehovet har mellom sitt grunnlag i at mange og viktige oppgåver stiller auka krav til kommunane. Det skal vere formålstenlege einingar som kan gi innbyggjarane og næringslivet tilfredsstillande tenester og forvaltning. Aukra kommune vil på mange område kunne gi like tilferdsstillande tenestetilbod til befolkninga som nye Ålesund kommune. I nye Ålesund vil dei kommunale tenestene, og dermed arbeidsplassane, framleis vere nær brukarane. Dei tilsette blir ein del av eit større fagmiljø. Spesialiserte tenester vil bli tilgjengelege. Dette er i samsvar med målsettinga i kommunereforma om at større kommunar skal gi betre kapasitet og kompetanse. Tilgangen til eit større fagmiljø vil ikkje gjelde på same måten for Aukra kommune før Aukra kommune blir del av ei eventuell kommunesamanslåing. Vi kan ikkje sjå at innbyggarane får betre tilgang på tenester ved ei eventuell grensejustering.

Reisetid

Øyane har, med unntak for Orta, kortare reisetid til sentrale servicefunksjonar i noverande Sandøy kommune enn til Aukra kommune. Reisetid vil vere avhengig av rutetilbodet, men vi vil peike på at avstandane er kortare frå Ona og Sandøy til Finnøya/Sandøy kommune enn til Småge/Aukra kommune. Orta har kortare avstand til Småge/Aukra. Når fastlandssambandet Nordøyvegen er på
plass, vil innbyggarane på øyane få ei ferjestrekning til Ålesund, medan dei har to til Molde. Dagens pendlingsmønster viser at eit lite fleirtal pendlar mot Finnøya og sørover.

Satsing på havområdet

Sjølv om grensejusteringa omfattar berre 4 - 5 % av innbyggarane i Sandøy kommune, omfattar det over 40 % av landareal og havområde. Sandøy kommune har 21,5 kvadratkilometer landareal.
Havflata i kommunen er 985,7 kvadratkilometer. Ved ei eventuell grensejustering vil store havområde ikkje lengre vere del av kommunen. Havområdet er sentralt for å arbeide fram løysingar og sikre ei berekraftig utvikling gjennom det grøne skiftet. NTNU satsar på det grøne skiftet, og samarbeider med det innovative miljøet ved Norsk Maritimt Kompetansesenter om forsking og vidareutvikling av den maritime og marine næringa. Nye Ålesund legg opp til eit nært samarbeid og ei framtidsretta utvikling saman med forskings- og utdanningsinstitusjonane i den nye kommunen.

I konkretiseringa av Intensjonsavtalen står det: Det er viktig å utnytte Sandøy kommune sin strategiske posisjon på kysten og etablerte næringskluster for t.d. turisme, maritim, marin og energinæring. Havrommet skal utviklast som ei større strategisk næring der fagmiljø for havrommet og vindenergi etablerast i Sandøy, i nært samarbeid med forskingsinstitusjonar. Som eksempel kan vi nemne at Sandøy kommune allereie er med i eit pilotprosjekt for å lage marine grunnkart saman med kommunane sør for oss. Prosjektet er også ein del av nye Ålesund. Det er Runde Miljøsenter som koordinerer prosjektet. Prosjektet er viktig for å kunne forvalte kyst- og havområda best mogleg, gje god kunnskap om moglege kulturhistoriske verneområde og kunnskap til bruk i beredskapsformål.

Nokre av premissane for kommunesamanslåinga vil vereborte med ei grensjustering. Dette har også ei demokratisk side. Kven skal bestemme over 40 % av arealet i ein kommune?

Kommunalt tenestetilbod

Kommunegrensa er avgjerande for rettar og plikter som innbyggarane har. Ei endring av ei kommunegrense kan mellom anna avgjere kva for skattar og avgifter som gjeld, kva for offentlege
tenester som kan nyttast og kva kommune ein kan stemme i.

Kommunale tenester i nye Ålesund (jamfør intensjonsavtalen):

  • I nye Ålesund vil Steinshamn framleis ha tilbod om jordmor, helsestasjon, lege, heimeteneste, omsorgsbustader med og utan heildøgnspleie, sjukeheim, rådhusfunksjonar og andre tenester. Skule, barnehage og SFO skal vere på Huse som no.
  • Som del av nye Ålesund vil dei kommunale tenestene, og dermed arbeidsplassane,  framleis vere nær brukarane.
  • Dei tilsette i Sandøy blir ein del av eit større fagmiljø i nye Ålesund. Spesialiserte tenester vil bli tilgjengelege for innbyggarane. Dette i samsvar med målsettinga i kommunereforma om at større kommunar skal gi betre kapasitet og kompetanse. 

Nye Ålesund vil understreke at tenestetilbod skal oppretthaldast, inklusiv sørvisfunksjonar. Her vil også digitalisering bli viktigare, noko som er ei prioritert satsing i nye Ålesund.
Intensjonsavtalen for nye Ålesund slår også fast at kommunedelutval skal ha ein viktig funksjon i den nye kommunen for å ivareta demokratiet. Dette vil vere eit gode for innbyggjarane i Sandøy kommune.

Økonomiske konsekvensar for nye Ålesund

I brevet om faktaopplysningar oversendt frå nye Ålesund til Fylkemannen i desember 2017, har nye Ålesund peika på negative konsekvensar ved ei grensejustering for Sandøy kommune ift. mindre frie
inntekter, bortfall av skatteinntekter og mogeleg tapt inntektskjelde i havbruksfondet. Desse negative økonomiske konsekvensane for Sandøy kommune følgjer også med tilnye Ålesund. Dei økonomiske konsekvensane for kommunane av ei grensjustering er usikre. Det er gitt høve til å søke fylkesmannen om midlar til ei utgreiing i regi av Telemarksforsking.
Kommunen vil miste inntekter, men også få færre utgifter. Grunnlaget for tenester for resten av kommunen kan bli svekka. Færre innbyggarar kan utfordre tenestetilbodet lokalt.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.