Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nye Ålesund flyttar til nye kontor

Kremmergaarden 1 cropProsjektorganisasjonen som bygger den nye kommunen, flyttar inn på gateplan i Kremmergaarden i Ålesund sentrum.

Prosjektkontoret flyttar til butikkområdet av Kremmergaarden i området rett overfor kafeen i den austre delen, med vindauge mot Korsegata.

- Vi har eit ønske om å vere synlege og tilgjengelege for folk flest, seier prosjektleiar Astrid Eidsvik om kvifor prosjektkontoret flyttar. - Det skal vere mogleg å komme inn til oss og stille spørsmål, når vi er til stade og tilgjengelege.

-    I tillegg treng vi større plass enn vi har no, når fleire blir flytta over til den nye kommunen, seier ho.

I dag held prosjektkontoret til i 3. etasje over biblioteket i lavblokka knytta til Ålesund rådhus.

Dei nye kontora på Kremmergaarden blir eit ope kontorlandskap med ni kontorplassar, eitt stort møterom og nokre mindre avlukke.

-    Det at vi har møterom tilgjengeleg gjer at det blir lettare å invitere både eksterne og interne til å ha møte i eige kontor. Det kan vi ikkje der vi er no. Prosjektkontoret skal også vere tilgjengeleg for tilsette i alle kommunane  i nye Ålesund, slik at dei kan finne ein kontorplass å jobbe frå når det er naudsynt, forklarer Eidsvik.

Ombygginga av det tome lokalet er godt i gang, og nye Ålesund håper å vere på plass i midten av mars. Leigekontrakta gjeld to år fram i tid.

kremmergaarden2 crop

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.