Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Nyheiter frå delprosjekt

Delprosjekt økonomi i arbeidDelprosjekta driv arbeidet med å bygge den nye kommunen vidare. Her får du ei kort oversikt over arbeidet som skjer i nokre av prosjekta.

Det er i alt ni delprosjekt og fire politiske komitear som er i gang med arbeidet med å bygge nye Ålesund. Dei ni delprosjekta har anten eit gjennomgåande eller samordnande ansvar i prosjektet. I løpet av våren vil prosjektet også gå inn i tenesteområda. Her er ei lita oversikt over kva nokre av delprosjekta som allereie er i gang, driv med.

Økonomi

I botnen av delprosjekt A6 Økonomi sitt arbeid ligg målet om å bidra til å skape høg grad av tillit til styringa av den nye kommunen. Ein del av dette er å levere relevant styringsinformasjon og beslutningsgrunnlag av god kvalitet til rett tid til ulike beslutningstakarar.
Intensjonsavtalen har mål om fulldigitaliserte tenester og arbeidsprosessar. Dette vil vere med på å prege økonomigruppa sitt arbeid i tida framover. 

Delprosjektgruppa arbeider med å etablere ein ny økonomi- og finansfunksjon i nye Ålesund kommune. Ein føresetnad for dette er å få på plass eit system for heilskapleg verksemdstyring - også kalla ERP-system. Dette er eit arbeid som blir gjort saman med innkjøpsgruppa, personal- og omstillingsgruppa og IKT og digitaliseringsgruppa. Leverandør blir klar i løpet av våren.  

Delprosjektet vil i løpet av året sette ned fleire arbeidsgrupper.  Oppgåvene er mange og til dels komplekse, og vil truleg kreve involvering på tvers av ulike prosjektgrupper. Fleire av dei som i dag jobbar i økonomifunksjonane i dei gamle kommunane, vil etter kvart bli inviterte til å delta i desse arbeidsgruppene.  

IKT og digitalisering


I januar blei Helge Veum tilsett som prosjektleiar for delprosjektgruppa. Han kjem frå Datatilsynet, og vil bidra med kompetanse innan viktige områder som til dømes sikkerheit og personvern.  

I løpet av 2017 har delprosjektgruppa kartlagt alle fagsystema i dei fem kommunane. Det finst totalt over 300 av desse, inkludert mange frittståande modular. Dei mest kritiske fagsystema våre er identifisert til å være system for Økonomi og personal, Kart og Geodata, Arkiv og Sakshandsaming, samt Helsefagsystem. Det er no ei høgt prioritert oppgåve å sikre at vi anten inngår nye avtalar for eksisterande system eller gjennomfører anskaffingar slik at framtida for disse fagsystema er avklart so tidleg so mogleg. Dette skjer i samarbeid med innkjøp og delprosjekta som eig fagsystema.

Ny nettportal og kommunikasjonsløysing er under planlegging. Her bør det tenkast kommunikasjon i vid forstand  -  framtidas innbyggardialog.  I prosjektperioden skal Office365 rullast ut til alle tilsette. Delprosjektet har også fokus på ny personvernforordning (GDPR).

Arkiv- og dokumentasjonhandtering

Delprosjekt A5 som arbeider med arkiv- og dokumentasjonshandtering, har til no oppretta ein ny base for å kunne handtere dokumentasjon i overgangsfasen inn mot ny kommune. Delprosjektet er godt i gang med arbeidet mot val av saks-/arkivsystem og har brukt mykje tid på å kartlegge arkiv, både digitale og på papir.  

Framover vil delprosjektet prioritere å få på plass saks-/arkivsystem, planlegge framtidig organisering av arkivfunksjonar og ikkje minst legge planar for å avslutte arkiv, avlevere desse og dermed sikre arkiva fram i tid.  

Vatn, avløp og renovasjon


I delprosjektet for vatn, avløp og renovasjon (A9) er det arbeidet med ROS-analyse (risiko- og sårbarheitsanalyse), prosjektplan og kartlegging som står på agendaet.  Delprosjektet arbeider også med å revidere VA-normen. Vatn og avløpsnormen gjer det enkelt for alle aktørar - som entreprenørar, røyrleggarar, konsulentar og liknande, å finne ut kva som er kommunens krav til dei tekniske anlegga for vatn og avløp.  

Innkjøp

Delprosjektet for innkjøp (A7) er godt i gang med kartlegging av avtalar for alle fem kommunane og å sjå dei i samanhang. Delprosjektet arbeider i tillegg med å inngå nye avtalar og å utarbeide ny innkjøpsstrategi, innkjøpsorganisering og fleire andre opppgåver som ikkje berre skal skal gje den nye kommunen gode vilkår ved kjøp av varer og tenester, men også gode villkår for å ivareta miljøet vårt og sosiale vilkår på best mogleg måte. 

Delprosjektet konsenterer seg no først om programvare for rekneskap, personal, arkiv og kart og plandata. I neste omgang er program for omsorgstenester førsteprioritet. Delprosjektet er også i ferd med å sjå på tenester som for eksempel brøyting og bedriftshelseteneste. 

Delprosjekt innkjøp vil gjerne ha innspel som kan gjere tenestene i den nye kommunen betre. Har de forslag, send nokre ord på e-post til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.  

Politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarmedverknad

Fellesnemnda har oppretta ein politisk leia komité for å arbeide fram løysningar for ny politisk organisering, styrking av lokaldemokratiet, og utvikle nye kanalar for innbyggarmedverknad for den nye kommunen.  

Det politiske arbeidet i nye Ålesund må organiserast i tråd med intensjonsavtalen, på ein måte som utnyttar kunnskapen og ideane som finst blant innbyggarar, folkevalde og administrasjon på best mogleg vis. I praksis skal ein samordne fem til dels svært ulike politiske kulturar og forskjellige arbeidsformer, slik at den politiske styringa både er påliteleg, ansvarleg, effektiv og borgarnær, samt kapabel til fornying og omstilling. Komiteen skal også sjå på kva digitale verktøy som kan brukast for å betre det digitale møtet mellom kommunen og brukarar slik at betre medverknad blir sikra.  

Basert på saksutgreiing frå komiteen, vedtok fellesnemnda at kommunestyret i nye Ålesund skal bruke ein kommunestyrekomité-modell i den første perioden etter valet i 2019. Det betyr at alle dei folkevalte i kommunestyret primært skal arbeide i politiske organ som ikkje har vedtaksmynde, men som i staden førebur saker og gir tilråding til kommunestyret.  

I tida framover, skal komiteen arbeide med delegeringsreglement for dei politiske organa og utarbeide eit forslag til korleis kommunedelutvala bør settast saman og kva oppgåver dei skal ha. Utvala er ein type nærdemokratiorgan som er beskrive i intensjonsavtalen. Målet er å tilrå fellesnemnda i desse spørsmåla før sommaren 2018.  

Kommunikasjon

Delprosjekt A2 Kommunikasjon har fått på plass ein ny profil for prosjektet. Den ser de igjen på nettstaden nyealesund.no og også i diverse malar knytta til arbeidet med nye Ålesund. Profilen vil bli endå meir synleg gjennom bilde som blir tatt i dei forskjellige kommunane i vår. Bilda blir ikkje knytt til kvar enkelt kommune, men blir temabaserte og tett på menneske i eit miljø for å vise mangfaldet i den nye kommunen.

Det største prosjektet for delprosjektet i vår, er produksjonen av eit innbyggarmagasin som skal ut til tilsette og husstandar i dei fem kommunane i løpet av mai..

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.