Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Velferdspilot i nye Ålesund

280218

Tysdag 28. februar var representantar frå alle dei 5 kommunane i nye Ålesund samla på Eidet omsorgssenter til prosjektmøte innan velferdsteknologi. Til stades var også ALV-Møre og Romsdal, Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjenester (USHT) og representantar frå KS og Direktoratet for e-helse.

Godt samarbeid mellom nye Ålesund-kommunane

Nasjonalt velferdsteknologiprogram er eit samarbeid mellom KS, Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet som skal bidra til at fleire kommunar tar i bruk velferdsteknologi. Bjarne Pareliussen er prosjektleiar for kommunane som skal bli nye Ålesund inn mot det nasjonale programmet. Han fortel at det er eit veldig godt samarbeid mellom dei 5 kommunane rundt dette viktige prosjektet.

- Vårt prosjekt jobbar med å utvikle og tilby felles tenester for alle kommunane som skal bli nye Ålesund, seier Pareliussen.
- Vi gi tenester etter tida vi lever i og kan ikkje utelate teknologien i dette arbeidet. Teknologi kan hjelpe oss til betre og meir treffsikre tenester, noko som igjen kan gi brukarane auka tryggleik, friheit og meistring.

Han understrekar at teknologiske velferdstenester ikkje er meint som erstatning for tenester ein har i dag, men som verkemiddel for å gjere desse betre.
- Før ein tar i bruk ny teknologi er det nødvendig med ei grundig kartlegging av brukarane sine behov og vi set fokus på viktigheita av å ha ein god dialog med dei som til slutt skal ta imot slike tenester.

Cecilie Campbell er leiar for ALV (Arena for Læring og Velferdsteknologi) i Møre og Romsdal og under samlinga fortalte ho om «Jeg kan», som er eit prosjekt innan innføring av velferdsteknologiske tenester for menneske med ei utviklingshemming.
ALV-Møre og Romsdal er også ein samarbeidspartner i nye Ålesund sitt nasjonale program. ALV er ein dynamisk nettverksorganisasjon og eit samarbeid mellom 18 kommunar og NTNU, seier Cecilie Campbell.

-Vi jobbar i ulike samskapingsprosjekt der næringsliv, kommunar, akademia og brukarar er med. Teknologi og innovasjon er i fokus, og det er brukerane sine behov som er i utgangspunktet for arbeidet. Mellom andre er USHT ein viktig del av vårt nettverk, dei jobbar mellom anna med å gi kompetanse innan dette fagfeltet ut til kommunane, fortel ho.
- Akkurat no går det føre seg gjennom velferdsteknologiens ABC som vi køyrer i heile Møre og Romsdal.

-Teknologien utviklar seg veldig fort og samfunnet har ei forventning om bruk av teknologiske hjelpemiddel. Difor er det viktig at akademia, næringsliv, brukarar og kommunar samarbeider for å kunne innfri desse forventningane, legg Campbell til.
- Vi i ALV-nettverket arbeider hardt for å bidra til utvikling av ny kunnskap, og å samle og dele kunnskap, både lokalt og nasjonalt.

Besøk frå KS og Direktoratet for e-helse

Kristin Standal og Liv Braathen representerte høvesvis KS og Direktoratet for e-helse under prosjektmøtet. I desse dagar er dei rundt for å besøke fleire lokale prosjekt i Møre og Romsdal, og i går møtte dei altså prosjektet for kommunane i nye Ålesund.

- Vi er ute for å følgje opp kommunane sine lokale prosjekt inn imot det nasjonale velferdsteknologiprogrammet, fortel Liv Braathen i Direktoratet for e-helse.
- Slik blir vi betre kjent med dei ulike prosjektgruppene og det dei jobbar med, og vi får kartlagt kva vi kan bidra med for at prosjekta skal lykkast.

Dei to Standal og Braathen synest det var ekstra spennande å kome hit og få høyre om ALV og nye Ålesund sitt arbeid (lokalt i det nasjonale programmet), då spesielt med tanke på «Jeg kan»-prosjektet.

- Det er veldig interessant at dei har tatt tak i velferdsteknologiske tiltak for personar med ulike utviklingshemmingar. Det er det ikkje så mange andre som har gjort til no, mykje på grunn av at det er eit veldig strengt lovverk rundt denne brukargruppa, seier Liv Standal frå KS.

-Her har vi fått møte ein brukar og sett tiltaka i praksis, noko som var både kjekt og inspirerande. Det lokale prosjektet har jobba godt og deira arbeid kan gi stor verdi for fleire kommunar rundt om i landet.

IMG 6256

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.