Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Ny i nye Ålesund

Bente Glomset VikhagenBente Glomset Vikhagen er tilsett som assisterande prosjektleiar i prosjektorganisasjonen for å bygge nye Ålesund, etter intern utlysing.

Bente Glomset Vikhagen er rådmann i Skodje kommune og tiltrer i stillinga som assisterande prosjektleiar 1. april.

-     Det er viktig å ha ein person som kan avlaste prosjektleiar og tilføre prosjektorganisasjonen ressursar i det store arbeidet vi har framfor oss, seier prosjektleiar og komande rådmann i nye Ålesund, Astrid Eidsvik.

To sluttar

Anne Berit Støyva Emblem sluttar i si stilling som prosjektkoordinator 1. april og går tilbake til Kystverket, der ho har hatt permisjon frå stillinga si. Støyva Emblem blei tilsett i stillinga som prosjektkoordinator for prosjektet med å bygge nye Ålesund i januar 2017 og har koordinert arbeidet fram til prosjektleiar Eidsvik kom på plass 1. januar 2018.

Mads Solberg sluttar i stillinga som prosjektmedarbeidar for politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarinvolvering og går til ei stilling som amanuensis ved NTNU. Solberg blei tilsett i prosjektorganisasjonen for nye Ålesund i april 2017.  

Prosjektleiar er i gang med å tilsette to personar i 50 % stilling etter intern utlysning. Desse skal mellom anna dekke arbeidsoppgåvene til prosjektmedarbeideren for politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarinvolvering.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.