Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Administrativ organisering

NÅK LillaDen overordna administrative strukturen til nye Ålesund skal ut på høyring. Høyringa blir frå 19. mars til 12. april.

Arbeidet med å organisere nye Ålesund vil skje i fleire fasar. I første omgang skal den nye kommunen få på plass nokre overordna prinsipp for organiseringa. Dette gjeld tema som kva prinsipp som skal gjelde for leiinga av den nye kommunen: prinsipp for ansvar og mynde og inndeling av overordna kommunalområde, altså den øverste leiinga rundt rådmannen.

Samtidig må den nye kommunen, når dei overordna strukturane er bestemt, også ta omsyn til kva som må til for å ivareta brukarfokuset og samhandling på tvers i den nye organisasjonen, skape innovasjon og legge til rette for digitalisering. Dette er område som er særleg omtalt som viktige i intensjonsavtalen for nye Ålesund.

Framdrift

5. mars hadde nye Ålesund eit innspelsseminar for leiargruppene i dei fem kommunane, hovudtillitsvalde og representantar frå hovudverneomboda.

12. mars hadde prosjektleiar informasjonsmøte om arbeidet med dei hovudtillitsvalde og hovudverneomboda i dei fem kommunane.

Høyringsdokumentet med innspel frå leiargruppene og dei tillitsvalde blir behandla i rådmannsgruppa 14. mars.

Høyringsrunde

Prosjektleiar sender forslaget til overordna prinsipp for organisering på høyring i dei fem kommuneorganisasjonane og hovudsamanslutningane. Forslaget blir også lagt ut på nettsidene slik at også eksterne kan kome med innspel. Forslaget blir sendt på høyring 19. mar.

Høyringsfristen er 12. april.

Prosjektleiar skal utforme den endelege innstillinga etter innspel frå rådmannsgruppa. Dette skjer etter rådmannsgruppemøte 17. april.

Prosjektleiar har drøftingsmøte med dei tillitsvalde i dei fem kommunane 24. april og 2. mai blir forslaget til overordna administrativ struktur blir lagt fram for PSU.

Deretter går saka vidare til arbeidsutvalet og fellesnemnda for endeleg avgjerd, 9. mai.

Neste fase

Etter vedtak om den overordna administrative modellen, vil arbeidet med å innplassere leiarar på høgste nivå begynne.

Deretter, når den øverste leiinga er på plass, må ein begynne arbeidet med dei mange store og små spørsmåla om korleis dei ulike tenesteområda konkret skal organiserast.

Prosjektorganisasjonen vil kome tilbake med ny framdriftsplan for denne fasen.

Det vil bli brei involvering også når det gjeld desse spørsmåla.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.