Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Korleis skal nye Ålesund leiast?

forside høyringsnotat kopiProsjektleiar for bygginga av nye Ålesund inviterer tilsette, fagforeiningar, innbyggarar, organisasjonar og andre samfunnsaktører til å si si meining. Høyringsfristen er 12. april.

Kommunereforma gir kommunen ei unik mulegheit til å tenke nytt og forme alt frå grunnen. Denne mulegheita må vi nytte godt. For å forme framtidas organisering av den nye kommunen treng prosjektleiaren involvering og meiningsutveksling når det gjeld å bygge nye administrativ struktur for den nye kommunen.

Kva gjeld høyringa?

Denne høyringa gjeld toppleiinga i kommunen – korleis tenesteområda og staben rundt rådmannen skal organiserast og kva ansvarsområde desse leiarane skal ha.

Dette handlar om overordna prinsipp for leiing og leiarstruktur, prinsipp for ansvar og mynde og einingsstruktur. Men det handlar òg om kva nye Ålesund må ta omsyn til i organiseringa for å ivareta innbyggarfokuset og samhandling på tvers.

Kven blir høyrde?

Forslag til overordna prinsipp for organisering sendast på høyring i dei fem kommuneorganisasjonane og til hovudsamanslutningane for tillitsvalde og vernetenesta. Også eksterne meiningsberarar får høve til å kome med innspel.

Rådmennene i dei fem kommunane organiserer korleis dei ønsker at organisasjonen skal kome med sine høyringsuttalar, men det vil også vere slik at den enkelte tilsette eller grupper av tilsette kan kome med sine innspel direkte.

Kvar og korleis sendast høyringsuttalen?

Høyringsnotatet er inndelt i kapittel og kvart kapittel har konkrete spørsmål de kan gje svar på.  De kan svare på spørsmål på eitt enkelt område eller på alle områda. Svara må merkast tydeleg med kva for kapittel svaret eller svara gjeld.

Husk å sende svara i word- eller excel-dokument, ikkje PDF. Dette er for å lett kunne samanstille svara i samla oversikter.
Høyringssvara på spørsmåla skal sendast til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Høyringsfristen er 12. april 2018.

Høyringsnotat for overordna organisering av nye Ålesund kommune (PDF)

Framdriftsplan for overordna prinsipp om leiing

Arbeidet med å organisere kommunen vil skje i fleire fasar. I denne fasen skal vi få på plass nokre overordna prinsipp for organiseringa. Det har allereie vore et innspelseminar for leiarari dei fem kommunane, mange av dei hovudtillitsvalde og representantar frå vernetenesta. Prosjektleiar Astrid Eidsvik har hatt informasjonsmøte med dei tillitsvalde i dei fem kommunane i etterkant og rådmannsgruppa har diskutert høyringsnotatet.

Framdriftsplanen er:

  • Høyingsperiode 19. mars – 12. april 2018.
  • 16. april 2018: Rådmannsgruppa kjem med innspel til prosjektleiar for endeleg innstilling.
  • 24. april 2018: Prosjektleiar har drøftingsmøte med dei tillitsvalde i dei fem kommunane.
  • 25. april: Utsending av endeleg innstilling til PSU og AU frå prosjektleiar.
  • 2. mai 2018: Forslaget til overordna administrativ struktur blir lagt fram for PSU (partssamansett utval).
  • 9. mai 2018: Endeleg vedtak i fellesnemnda.
  • Mai – tidleg haust 2018 : Innplassering av leiarar på høgste nivå.

Organisering av verksemdsnivået

Når den øvste leiinga er på plass, begynner arbeidet med dei mange store og små spørsmåla om korleis dei ulike tenesteområda konkret skal organiserast. Prosjektorganisasjonen kjem tilbake med ein ny framdriftsplan for denne fasen. Det vil bli brei involvering også når det gjeld desse spørsmåla.

Føringar i Intensjonsavtalen

Intensjonsavtalen gir fleire føringar for val av organisasjonsstruktur som er lagt til grunn i arbeidet med organiseringa av den nye kommunen. Oppsummert kan ein seie at administrativ organisering av nye Ålesund skal ivareta, styrke og fremme:

  • Innbyggarfokus: Organiseringa skal setje innbyggaren i sentrum/ha innbyggarfokus.
  • Samhandling: Organiseringa skal fremme tverrfagleg og nettverksbasert samhandling og samskaping internt mellom sektorar og fagprofesjonar, og eksternt mellom kommune og innbyggarar, frivillegheit, næringsliv og akademia.
  • Sterk og robust organisasjon: Organiseringa skal ivareta tydelege ansvarsforhold og oversiktleg organisasjon.
  • Fornying og teknologi: Organiseringa skal fremme innovasjon og utvikling, nye arbeidsformer, metodisk og systematisk bruk av ny teknologi, digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene (digitalt førsteval).
  • Effektivisering: Organiseringa skal gje vinstar gjennom å arbeide meir effektivt. Det vi sparar her, skal gå til å auke kvantiteten og kvaliteten i tenestane.
  • Kvalitet og likebehandling i tenestene: Organiseringa skal fremme kvalitet i oppgåvene og tenestene og likebehandling og likt tilbod i heile kommunen.
  • Forvaltningskikk: Organiseringa skal ivareta god forvaltningsskikk, forsvarleg sakshandsaming og rettstryggleik.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.