Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Forandringar i organisasjonen

kim synnoveKim André Breivik og Synnøve Vasstrand Synnes er tilsette som assisterande prosjektleiarar i 50 % stillingar i prosjektorganisasjonen for å bygge nye Ålesund.

Kim André Breivik er teknisk sjef og beredskapsansvarleg i Sandøy kommune. Han har også fungert som rådmann i Sandøy i ein periode i 2017. Breivik blir tilsett i ei 50 prosent stilling som assisterande prosjektleiar med eit spesielt ansvar for dei tekniske tenestene og planlegginga av beredskap i den nye kommunen. Breivik begynner i stillinga i prosjektorganisasjonen 1. april.

Synnøve Vasstrand Synnes er rådmann i Ørskog kommune. Ho skal inn i ei 50 prosent stilling som assisterande prosjektleiar med ansvar for oppfølging av prosjektet saman med prosjektleiar Astrid Eidsvik.  Vasstrand Synnes begynner i stillinga 1. april.

Dei to stillingane er finansierte gjennom årlege skjønnsmidlar frå fylkesmannen.

Frå før er Glomset Vikhagen tilsett som assisterande prosjektleiar i full stilling. Også ho tiltrer den nye stillinga 1. april. Dei tre stillingane varer fram til kommunesamanslåinga trer i kraft 1. januar 2020.

- Det er ein stor styrke for prosjektet at personar med bakgrunn frå alle kommunane no er representerte i organisasjonen. Det gir bygginga av nye Ålesund breidde og tyngde, og kan også sikre prosjektet den tilliten som det treng i alle dei fem kommunane, seier prosjektleiar Astrid Eidsvik.

Prosjektkoordinator Anne Berit Støyva Emblem og prosjektmedarbeidar for politisk organisering, lokaldemokrati og innbyggarinvolvering Mads Solberg avsluttar begge sine tidsavgrensa engasjement i prosjektorganisasjonen 1. april. Støyva Emblem går tilbake til Kystverket etter endt permisjon frå si stilling der og Solberg går til ei stilling som amanuensis ved NTNU.

Med dei som sluttar og dei som begynner, har prosjektorganisasjonen no fire heiltidstilsette og tre deltidstilsette.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.