Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Møte i arbeidsutvalet og partssamansett utval

psu 311018Dei to utvala skal begge behandle forslag til etiske retningsliner for tilsette og politikarar i nye Ålesund i prosjektperioden fram mot 2020. Møta er på Sandøy 4. april.

Prosjektleiar ønsker å legge fram eit utkast til etiske retningsliner til behandling i fellesnemnda. Retningslinene skal gjelde i prosjektperioden og gjeld for folkevalde og tilsette knytta til prosjekt nye Ålesund.

Retningslinene som er framlagt no bygger på eksisterande retningsliner i dei fem kommunane, dei er forenkla noko og er tilpassa prosjektorganisasjonen nye Ålesund.

Retningslinene skal gjelde i ein avgrensa periode fram til 01. januar 2020. For nye Ålesund kommune vil det bli utarbeida nye etiske retningsliner som skal gjelde i den nye kommunen. Arbeid med dette blir ivaretatt av den politiske komiteen som arbeider med verdiar og kultur.

Når det gjeld reglar for varsling, er det tatt inn i dei etiske retningslinene at dersom ein varslingssituasjon skulle oppstå i prosjektorganisasjonen nye Ålesund, skal reglane i arbeidsmiljøloven og KS sine retningsliner for handtering av slike saker gjelde.

Her er pdfsakspapira til PSU og forslag til etiske retningsliner.

Partssamansett utval (PSU) har representantar frå tilsette og arbeidsgivar frå kvar av kommunane.

Arbeidsutvalet skal i tillegg behandle

  • Ein rapport frå ekspertutvalet som har vurdert nye oppgåver til fylkeskommunane. Rapporten er på høyring og nye Ålesund kommune skal kome med ein uttale.

    Møteplan for fellesnemnd, arbeidsutval og partsamansett utval 2. halvår 2018
  • Prosjektrekneskapen for 2017

Alle pdfsakspapira til sakene som skal opp i arbeidsutvalets møte.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.