Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Digitalisering i nye Ålesund

Big data higgs photo KamiPhuc FlicrDataforeininga i Ålesund inviterer til nettverksmøte om digitalisering i nye Ålesund kommune. Møtet er torsdag 5. april klokka 17.30 på NTNU i Ålesund.

Nettverksmøtet er gratis og varer til klokka 19.00.

Helge Veum, IKT og digitaliseringsansvarleg i den nye kommunen vil gå nærare inn på behovet for digitalisering og korleis prosjektet med å bygge nye Ålesund arbeider med temaet. I samband med presentasjonen leggast det og opp til dialog om høve og forventningar til digitalisering av tenestene i den nye kommunen.

Den Norske Dataforening - Ålesund er arrangør. Dataforeninga skal vere eit samlande fagmiljø for utøvarar og brukarar av IT-faga. Foreininga har mange fora og arrangementer og har som mål å vere den foretrukne møteplassen for styrking av iegen kompetanse og for kompetanseoverføring og erfaringsutveksling med likesinna.

Nye Ålesund er kommunesamanslåinga mellom kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund. Desse kommunane blir ein ny kommune frå 1. januar 2020. I avtalen mellom kommunane er ambisjonane høge, og det heiter blant anna at kvardagen til innbyggarar, brukarar, næringsliv og tilsette skal bli enklare ved at kommunen har tatt i bruk IKT på smartare måtar, og at den nye kommunen skal vere ein føregangskommune i digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene.

Velkomne!

Nettverksmøte er gratis og åpent for alle.
Del i Messenger

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.