Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Kva oppgåver skal fylkeskommunen ha?

Fellesnemnda februar18 ålesundFellesnemnda skal kome med ein høyringsuttale til fordeling av oppgåver mellom fylkeskommune og kommunar. Nemnda skal også behandle eit forslag om å gå vekk frå intensjonsavtalen når det gjeld at kommunedelsutval skal veljast  gjennom direkteval.

Fellesnemnda møtast i Sandøy kommune på Sandøyhagen 12. april klokka 10.15 - 15.00. Du kan følge møtet direkte på kommunens nett-tv.

Fylkeskommunens oppgåver

Stortingets ekspertutval har foreslått ytterlegare oppgåver til fylkeskommunane. Regjeringa satte ned ekspertutvalet i juni 2017, etter at Stortinget hadde vedtatt ei fylkesinndeling med 11 fylkeskommunar inkludert Oslo. Utvalget sitt mandat var å vurdere kva oppgåver som kan overførast til fylkeskommunalt nivå.

Forslag til høyringsuttale frå nye Ålesund

Forslaget frå prosjektleiar er at nye Ålesund kommune sender ein uttale der den nye kommunen fremhevar at ekspertutvalet har fremma ei rekke konkrete forslag som samla vil kunne bidra til å styrke fylkeskommunane som regional samfunnsutviklar. Nye Ålesund meiner oppgåvene som blir foreslått overført også vil bidra til ei tydelegare ansvarsfordeling, meir effektiv ressursbruk og betre tenester til innbyggjarar og næringsliv.

For å hente ut effektane av strukturendringane, meiner nye Ålesund at forslaget krev at fylkeskommunane utviklar arbeids- og samarbeidsformer med kommunane som er tilpassa dei nye oppgåvene. Den nye oppgåveportefølgja til fylkeskommunane krev ei dreiing mot utviklingsarbeid i partnarskap med enkeltkommunar og regionar. Dette vil også krevje anna type kompetanse i dei fylkeskommunale/regionale organisasjonane.

Prosjektleiar foreslår at samarbeidsformene og oppfølginga av kommunane bør tilpassast ny kommunestruktur og den auka ulikskapen mellom små og store kommunar. Nye og større kommunar vil etter kommunereforma ha evne til å etablere kapasitet og kompetanse på område som tidlegare
låg til fylkeskommunalt/regionalt nivå . Fylkeskommunane må difor få handlingsrom til å tilpasse innsatsen sin og arbeidet sitt ovanfor kommunane på ein måte som sikrar målretta og effektiv ressursbruk. Fylkeskommunane bør difor få i oppdrag å identifiserer område, samt å gjennomføre forsøk, knytt til delegering av mynde til kommunalt nivå.

Heile forslaget til høyringsuttale for nye Ålesund.

Direkteval til kommunedelsutval?

Prosjektleiar og den politiske komiteen for politisk organisering, lokaldemokratiutvikling og innbyggarinvolvering foreslår for fellesnemnda at nye Ålesund går vekk frå intensjonsavtalen og punktet der det står at kommunedelsutvala skal veljast gjennom direkteval.

Forslaget er at medlemmene til kommunedelutvala i nye Ålesund skal vere oppnemnt av det nye
kommunestyret etter kommunevalet hausten 2019.

Intensjonen bak forslaget om direkteval var å sikre legitimitet, og få brei samansetnad og representasjon i nærdemokratiet, med utgangspunkt i lokale behov.  No når komiteen har arbeida med ordninga meiner dei at det finst betre måtar å sikre slike aspekt ved nærdemokratiet, enn gjennom ei direktevalsordninga, slik den er beskrive i avtalen.

Forslaget til frå den politiske komiteen.

Livet under vatn

Prosjektleiar foreslår at fellesnemnda for nye Ålesund kommune sluttar seg til at FN sitt berekraftsmål 14
– Liv under vatn,  skal vere eit satsingsområde for nye Ålesund kommune.

Norad tok på nyåret kontakt med ordførar i Ålesund kommune/leiar av fellesnemnda.  Informasjonssatsinga til Norad i perioden 2017-2020 er å
spreie kunnskap om, og engasjement rundt FN sine 17 berekraftsmål. Berekraftsmåla er eit stort samarbeidsprosjekt der alle må ta ansvar på ulike
nivå. For å vekke samarbeidslyst og fellesskaps kjensle har Norad utvikla eit konsept som koblar berekraftsmåla opp mot den norske turkulturen, ein arena der samarbeid og fellesskap står sterkt.Tura
ne byggjast rundt formidling av kunnskap om berekraftsmåla.

Neste destinasjon for Norad i 2018, er Ålesund-regionen. Saman med Ålesund kommune, Ålesund-Sunnmøre Turistforening, lokalt næringsliv og The North West, skal det haldastaktivitetar i
perioden 17.- 21. april. Ein skal lyssette trappetrinna opp til Aksla og det skal vere berekraftsmål-installasjonar i byparken. Det heile skal avsluttastmed konsert på Aksla.

I tillegg vil FN-sambandet fasilitere eit undervisningsopplegg på dagtid for skuleklasser.

Andre saker

Fellesnemnda skal også kome med ein uttale til eit brev frå Ørskog kommune til fylkeskommunen om å samarbeide om realisering av ny fylkesveg 650 i Ørskog kommune på strekninga mellom Viset og Valgermo/Landedalen gjennom Børdalen, med tilknyting til E39/136 over Ørskogfjellet.

Arbeidsutvalet i nye Ålesund har også lagt fram forslag til etiske retningsliner for tilsette og politikarar i nye Ålesund for perioden fram til 2020.

Sjå alle sakene som skal opp i fellesnemnda 12. april.

 

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.