Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Exit lokaldemokrati?

Ill: invitasjon folkemøteNye Ålesund inviterer innbyggarar, næringsliv, lag og foreningar til å diskutere korleis vi saman kan utvikle lokalsamfunna. Det blir halde folkemøte i alle dei fem kommunane i løpet av mai. Det første er i Skodje 2. mai.

Ei av målsettingane i kommunereforma er å få eit styrka lokaldemokrati. Dei kritiske røystene har hevda at større avstandar i den nye kommunen vil føre til at innbyggarane får mindre påverknad.

Den nye kommunen har vedtatt at vi skal ha kommunedelutval, men korleis skal vi organisere desse? Kven skal vere med og kva saker skal utvala ha ansvaret for? Å få til løysingar som sikrar at innbyggarane har reell påverknad på lokalsamfunnsutvikling, er ein avgjerande suksessfaktor for å ivareta lokaldemokratiet i den nye kommunen.

Dei eksisterande kommunane er kjenneteikna av mange engasjerte innbyggarar og organisasjonar med eit hjarte for lokalsamfunnet sitt. I dei ulike delane av den nye kommunen er det allereie etablert ulike strukturar for godt samarbeid mellom kommune, frivillig arbeid og næringsliv.

Det er viktig å kunne bygge vidare på dei, samstundes som vi opnar for nye måtar å samhandle på.
Nye Ålesund inviterer til møte der alle kan vere med å bygge framtida i sitt lokalmiljø. Det vil bli korte innleiingar følgd av gruppediskusjonar.

Møtedatoar og stader

2. mai: Skodje – Gomerhuset: 18.30 – 21.00
14. mai: Haram – ID huset: 18.30 – 20.00
15. mai: Ørskog – Kulturhuset: 18.30 – 20.00
22. mai: Ålesund – Bystyresalen, Ålesund rådhus: 18.30 -  20.00
24. mai: Sandøy – Sandøyhagen: 17.30 – 19.00

Det vil bli servering av forfriskningar og underhaldning.

Ditt engasjement i lokalmiljøet bygger framtida vår.
Velkomne!

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.