Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Om organisering og omstillingsavtale

arbeidsutvalet 5 mai 2018 SkodjeArbeidsutvalet innstilte på forslaget til organisering av den nye kommunen, retningslinjer for omstillingsavtale for tilsette og støtte til Atlanterhavsparken som nasjonalt akvarium på sitt møte 2. mai.

Det partssamansette utvalet drøfta forslaget til organisering av toppleiinga i den nye kommunen og retningslinjene for omstillingsavtale for tilsette i forkant av arbeidsutvalets møte. Dei gjekk også for prosjektleiars innstilling i sakene dei diskuterte.

Det partssamansette utvalet er eit utval av politikarar, hovudtillitsvalde og verneombud. Arbeidsutvalet er ordførarane i dei fem kommunane. Rådmennene er også med i møta.

Atlanterhavsparken som nasjonalt akvarium

Arbeidsutvalet drøfta forslag om fellesnemnda i nye Ålesund skal gi støtte til Atlanterhavsparken sitt arbeid om å bli nasjonalt akvarium med vitensenter. Utvalet blei einig om å gå for at fellesnemnda skal behandle saka på sitt neste møte.

Bakgrunnen for at denne saka blir fremma til fellesnemnda, er at dette også er ei viktig sak for nye Ålesund kommune .
Det vil sannsynlegvis gje budsjettmessige konsekvensar for den nye kommunen etter 2020.

Arbeidsutvalets tilråding er at fellesnemnda ser positivt på Atlanterhavsparken sitt arbeid for å oppnå status som nasjonalt akvarium og marint formidlingssenter, og meiner dette vil kunne gi store positive ringverknadar for nye Ålesund kommune og resten av regionen.

Framtidige budsjettmessige konsekvensar vil prosjektleiar kome tilbake til i eiga sak seinare.

Administrativ organisering

Partssamansett utval og arbeidsutvalet drøfta prosjektleiar sitt forslag til overordna adminstrativ organisering. Begge utvala gjekk inn for innstillinga til prosjektleiar. Innstillinga går vidare til fellesnemnda sitt møte 9. mai.

Innstillinga råder til at nye Ålesund har følgande prinsipp for innbyggar- og brukarfokus:

  • Organisasjonen bør ha ein enkel og oversiktleg struktur, og det skal vere lett å finne fram i kommunen for innbyggarar og brukarar.
  • Ansvar og mynde skal delegerast ut i organisasjonen til leiarar nær brukarane.
  • Organisasjonen skal ha desentraliserte tenester der folk bur, og kommunen bør ha tydelege kontaktpunkt i form av t.d. innbyggar- eller servicetorg.
  • For å skape likeverdige tenester for innbyggarar og brukarar, skal ein arbeide etter prinsipp om organisatoriske skilje mellom forvaltning (vedtak om tildeling av tenester) og tenesteyting. Styringsnivå 1 (rådmannsnivået) har eit ansvar for å styre og følge opp verksemdsnivået, bl.a. gjennom styringsdokument, medsikte på å gi innbyggarar og brukarar likeverdige tenester basert på politiske vedtak.
  • Det skal etablerast gode arenaer for samhandling i kommunen. Det bør t.d. etablerast jamlege leiarmøte mellom leiarar innan kvart kommunalområde, og på tvers av kommunalområda.
  • Nye Ålesund kommune skal ta i bruk nye teknologiske løysingar for å skape god samhandling på tvers.
  • Kommunalsjefane skal ha ein fagstab med organisatorisk kapasitet til å koordinere verksemdsovergripande oppgåver og utfordringar.
  • Innbyggarane skal ha tilbod om digitalt førsteval.
  • Ålesund kommune skal alltid ha brukarmedverknad på systemnivå når tenester blir etablert eller endra.
  • Partnarskap, brukarinvolvering, samskaping skal settast i system på alle nivå i organisasjonen

Det er foreslått at den kommunale leiinga skal ha rådmann og seks kommunalsjefar med ansvar for kvart sitt område (namna på områda kan bli justerte):

  • Helse og omsorg
  • Velferd og sysselsetting
  • Opplæring
  • Barn, familie og integrering
  • Kultur og medborgarskap
  • Tekniske teneste

Innstillinga bygger på ei kartlegging av eksisterande struktur i dei fem kommunane og andre aktuelle kommunar, innspel frå ei gruppe samansett av leiarar i dei fem kommunane, 14 tillitsvalde og fem hovudverneombud. Etter innspela har eit forslag vore på høyring internt og eksternt. Rådmannsgruppa har gått gjennom høyringsuttalane  før den endelege innstillinga blei utforma av prosjektleiar.

Det er venta at leiarane på øvste nivå vil vere innplassert i løpet av tidleg haust i år.

Du kan sjå heile innstillinga til fellesnemnda og alle høyringsuttalane i sakspapira til møta.

Retningslinjer for omstilling

Partsamansett utval og arbeidsutvalet gjekk inn for innstillinga til prosjektleiar.

Etableringa av nye Ålesund kommune inneber ei verksemdsoverdraging og ei omorganisering som må vere i samsvar med avtaleverk og arbeidsrettsleg praksis. Retningslinjene skal sikre ein føreseigeleg verksemdsoverdraging og omstillingsprosess for alle tilsette i kommunen. Prosessen skal gjennomførast med medverknad frå tilsette sine representantar. I tillegg til de overordna retningslinene vil det ligge føre meir detaljerte retningsliner som beskriv korleis, kva og kven som skal utføre dei ulike delane i prosessen for å oppnå likebehandling og god kvalitet i gjennomføringa.

Eit overordna mål for arbeidsgivarpolitikken er å nytte dei ressursane ein har til rådvelde på ein hensiktsmessig og effektiv måte. Dette slik at alle tilsette i størst muleg grad får oppgåver som er tilpassa den einskilde sin kompetanse, og at arbeidsoppgåvene vert opplevd som utfordrande og utviklande. Arbeidet må organiserast slik at både trivsel, helse, miljø og tryggleik vert ivareteke.
Kartlegging av personalmessige forhold og konsekvensar, er av avgjerande betyding for ein vellykka omstillingsprosess.

Dei overordna retningslinjene skal sikre ein ryddig prosess slik at:

  • Det skal leggjast til rette slik at tilsette ønskjer å fortsetje i den nye kommunen.
  • Alle tilsette sine noverande rettar blir sikra i samsvar med lov og avtaleverk. Ingen skal seiast opp som direkte konsekvens av kommunereforma.
  • Alle tilsette vil få tilbod om stilling i tilsvarande storleik og tidsperiode som vedkomande alt har avtale om.
  • Den som blir mellombels overtalig vil få tilbod om anna arbeid ein annan stad i kommunen, eller tilbod om tiltak som kan stimulere til alternative løysingar.
  • Tilsette vil framleis vere sikra pensjonsordning.
  • Lønsskilnader mellom dei gamle kommunane vil bli harmonisert over tid.
  • Det er oppretta eit partsammensett utval som skal handsame saker som gjeld forholdet mellom den nye kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette.
  • Det blir skapt ei felles plattform og felles forståing for organisasjonsendring.
  • Ein skal medverke til at den enkelte tilsette kjenner seg trygg i arbeidsforholdet under omstillingsarbeidet.
  • Det blir avklart kva lokale avtalar, reglement, prosedyrar og ansiennitetsprinsipp som skal gjelde i den nye kommunen.

Kartleggingssamtale

Alle medarbeidarar som kan forvente å få vesentlege endringari sine arbeids-og ansvarsområdeblir kalla inn til ein kartleggingssamtale av sin nærmaste leiar.
Dette vil i utgangspunktet skje etter at ny organisasjonsplan for heile eller delar av nye Ålesund kommune er vedteken. I kommunesamanslåinga omfattar dette mellom anna tilsettei følgjande stillingar:

  • Leiarar: Leiarar på fleire nivå vil kunne bli direkte omfatta av omorganiseringa.
  • Tilsette i sentraladministrasjonane
  • Det vil vere individuelle vurderingarom kven av dei administrativt tilsettesom kan få endringar i sine arbeids-og ansvarsområdeog som av den grunn skal kallast inn til ein kartleggingssamtale.Spesifikke fag- og nøkkelstillingar.

Desse dokumenta blir utarbeidd i tråd med innhaldet i retningslinjene:

  • Mal for kartleggingsskjema/-samtale
  • Mal for omstillingssamtale
  • Flytskjema for verksemdsoverdraging
  • Organisasjonskart
  • Bemanningsplanar
  • Kompetanseplan
  • Tilsettingsreglement

Les forslaget til overordna retningslinjer og sakspapira til møtet. Fellesnemnda avgjer saka i sitt neste møte.

Rekneskapen for 2017

Prosjektrekneskapen for 2017 viser eit forbruk på 5 232 170 kroner. Dette er eit mindreforbruk på 617 830 ut frå vedtatt budsjett for 2017 på 5 850 000 kroner. Rekneskapen er i første fase i prosjektet for bygging av nye Ålesund  og mange faktorar er ukjende.

Prosjektet for bygging av ny kommune skal dekkast av økonomisk støtte og tilskot frå staten, og skal ikkje gå på bekostning av de kommunale budsjetta. Nye Ålesund har mottatt slik støtte 2017 - 2019:

  • 61 500 000 for å dekke eingongskostnader for samanslåinga
  •  5 000 000 i tilskot til infrastrukturtilktak i samband med kommunereforma
  •  6 000 000 i skjønsmidlar til innovasjons- og utviklingsarbeid (frå Fylkesmannen)
  •     950 000 i skjønsmidlar til demokratiutvikling (frå Fylkesmannen)

Du kan sjå heile prosjektrekneskapen i sakspapira til møtet. Det er fellesnemnda som endeleg godtek rekneskapen.

Sjå alle sakspapira og protokollen etter møta under Politikk > Møteplan og møta 2. mai.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.