Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Den gode prosessen

Sjøholt2 foto Harald M ValderhaugOrdførar i Ørskog, Knut Helge Harstad har skrive kronikk om sine tankar rundt kommunesamanslåinga. Her kan du lese den.

Framleis møter eg folk som fryktar resultatet av samanslåinga av 5 kommunar, frå ute i vest med havet og innover i Storfjorden. Ei slik frykt, som truleg kan gjelde mange, må ikkje møtast med skuldertrekningar, men med informasjon og ein god samtale, som eg har hatt mange av.

Bydominans

Eg hadde tidleg skepsis til mogleg bydominans. Derfor held eg lengst mogleg på alternativet med den gode landkommunen mellom byane. Slik skulle det, eller kanskje, kunne det, ikkje gå. Og no har eg, saman med andre innan prosessen med samanslåing, rimeleg godt grunnlag for å sjå fram mot målet for samanslåinga utan stor frykt for by- eller anna uheldig einsidig storkommunedominans overfor ei eller to små kommunar. Dette er viktig for innbyggarane å få vite som grunnlag for eiga vurdering.

Men at det i «normaltilstanden» etter samanslåinga også vert dragkampar, usamde politikarar, misnøgde innbyggarar, det trur eg. Det er naturleg innafor økonomisk, praktisk, planpolitisk arbeid og tenesteyting der meiningane kan, og bør, vere mange, med mange nyansar. Noko anna er urealistisk. Det må vere nettopp slik der utviklinga skal bryne seg på verkelegheita og visjonane.

Gjere kvarandre gode

Slik prosessen utviklar seg synes utgangspunktet, og sjølve innhaldet i prosessen, å vere tufta på  gjensidig ønskje om å «gjere kvarandre gode» og legge grunnlag for det gode samarbeidet.
Det som mange fryktar, særleg i sårbare livssituasjonar, var mitt grunnlag for mykje i 17. mai-talen i år, på den talarstolen som på landsida er lengst unna byen.

Med årvake blikk, og med ønskje om å ikkje vere naiv, har eg i prosessen møtt berre dei som er seriøst heiltent på sine oppgåver innan samanslåinga.

Dette gjev grunnlag for god måloppnåing til beste for alle innbyggarane.

Fagleg krevjande prosess

For tilsette er det eit krevjande arbeid, fagleg og praktisk, å stå i det daglege ansvaret i eigen kommune, og samstundes yte sitt beste i det ekstra arbeidet som samanslåingsprosessen krev.Tilsette i alle kommunane har engasjert seg i omfattande fagleg- og organisatorisk arbeid, innan m.a. personal- og omstilling, kommunikasjon, økonomi, innkjøp, matrikkelen, vatn, avløp, renovasjon, administrativ organisering og meir kjem til.

Godt arbeid

Eg yter ingen urett om tre personer vert nemnd i den gode prosessen. Eva Vinje Aurdal har frå første dag i «mi tid» i prosessen vore den visjonære leiaren. Det er av største verdi for heile lagspelet at leiaren er god på det å leie og spele på og med laget. Eva har gjort ein framifrå slik god innsats.

Men godt politisk leiarskap er ikkje nok i ein slik stor og krevjande prosess.

Det er også trong om ei fast og solid hand på rattet kvar dag i administrasjonen om framdrifta skal vere god og målet skal vere oppnåeleg.
Her har tidlegare helsetopp i fylket og rådmann i Ålesund den seinare tida, Astrid Eidsvik, med sin faglege kompetanse og erfaring, kome på rett plass, enno ein gong.

I den gode starten på arbeidet var mange med på å legge godt grunnlag for utviklinga innan ukjent farvatn og med mange ukjende faktorar. Blant dei mange dyktige medarbeidarane som kom til i denne prosessen var Anne Berit Støyva Emblem, prosjektkoordinatoren, som fekk utretta eit godt grunnlagsarbeid.

Og dermed er vi i gang med den neste fasen med fleire i den administrativ toppleiinga på plass.

Det er samla gode krefter frå dei andre kommunane til felles innsats.
Dei samarbeidande kommunane hadde, og har, godt mannskap på plass i dei mange viktige funksjonane på eit rådhus, og no vert desse kreftene organisert i eit arbeidsdyktig team.

Politisk krevjande prosess

Mange politisk valde frå kommunane har arbeidd i fleire utval for å styrkje styrings- og demokratigrunnlaget for utviklinga i den nye kommunen. Utfordringane går langt utover det som ein kunne tenke seg i utgangspunktet, som her med ei ufullstendig opplisting; Politisk organisering, demokrati- og politisk leiing, lokalisering av arbeidsplassar, innovasjon, pilotprosjekt, kulturbygging,  prosjektstyring og interkommunalt samarbeid.

Dette og meir til er knytt nøye til målsettinga om å gjere basistenestene og andre tilbod til innbyggarane betre, og gjerne gjere grunnlaget for medverknaden frå innbyggarane større innan politisk styring.

Men det gjer seg ikkje sjølv. Eigeninnsatsen vil vere heilt avgjerande frå dei mange som kan og vil bruke av si tid til politisk realisering av den gode målsettinga.

Visjonen og intensjonsavtalen

Nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet, det er underbygd i intensjonsavtalen slik; Lokal identitet er eit fundament for mangfald og skaparkraft. Mangfald og skaparkraft gir attraktivitet. Attraktivitet gir tiltrekkingskraft. Tiltrekkingskraft gir nasjonal slagkraft.

Fine honnørord, men dagsorden i møte etter møte, gjev slike ord verdifullt innhald, det er vesentleg.

Som stor by- og regionkommune vil nye Ålesund vere ei sterkt motvekt mot sentralisering til dei store landsdelsentra, det vil krevje heilskapeleg og overordna planlegging og m.a. framtidsretta løysingar for samferdsel som kan binde regionen saman. Det vil krevje større tyngde for å styrkje forskings- og utdanningsinstitusjonane og elles kunne takle ei rekke utfordringar innan m.a. strategisk nyskaping, utvikling av auka kvalitet på tenestene og servicen til innbyggarane og meir til.

Når intensjonsavtalen er tydeleg på at Ålesund by skal vere det urbane midtpunktet mellom Bergen og Trondheim, så må vi vere bevisst på å utvikle også landareala slik det dei er; gode og attraktive, nettopp slik mange vil prioritere for både bustad og arbeidsplass, og ein stad for å finne meiningsfull og innhaldsrik fritid.

Spanande og krevjande

Det vert ei verkeleg spanande tid, utfordrande og krevjande, for folket i dei fleste aldersnivå, og mykje ukjent vil etter kvart kome nærare vår livssituasjon, som vi må vere viljuge til å prege med vår eigen innsats.Dei politiske kvardagane trur eg vert meir krevjande enn nokon gong, men det bør ikkje på nokon måte skremme den innsatsviljuge, heller verte stimulerande.

Med «vanleg» fritid til rådvelde vil det praktiske politiske arbeidet omfatte totalsituasjonen til  65000 menneske. Politiske og administrative organ i nye Ålesund skal kvar dag levere dei omfattande fagleg lovpålagte tenestene på ein tidsriktig og tenleg måte.

Det krev medverknad, ansvarskjensle, og lett kontrollerbare organ og funksjonar.

Slike utfordringar kan ein ikkje ta lett på, og eg trur faktisk ikkje at nokon ønskjer det, for i så fall bygg vi mange luftslott fjernt frå intensjonen med samanslåinga.

Knut Helge Harstad, ordførar i Ørskog

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.