Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Hjelp til å tilsette toppleiarane

Ålesund Foto: Harald M. ValderhaugDen nye kommunen får hjelp av Yapril AS til å rekruttere til toppleiarstillingane i nye Ålesund kommune.

Den nye kommunen skal ha til saman 10 kommunal- og stabssjefar. No pågår kartleggingssamtalar med aktuelle tilsette i dei fem kommunane som utgjer nye Ålesund. Prosjektleiar har valt å bruke eit eksternt rekrutteringsfirma til å bistå i arbeidet for å sikre at alle aktuelle kandidatar føler seg likebehandla.

Yapril AS fekk oppdraget i konkurranse med to andre tilbydarar. Kontraktsverdien er på under 200 000 kroner. Yapril AS skal delta med to seniorrådgivarar og har i tillegg tre assisterande rådgivarar som skal sikre framgang og levering i samsvar med framdriftsplanen.

Det er venta at rekrutteringsprosessen til toppleiarstillingane i nye Ålesund er ferdig i september.

Prosjektleiar Astrid Eidsvik håper at det melder seg interessentar som fyller kvalifikasjonskrava, til alle desse stillingane frå dei noverande fem kommunane. Om ein må lyse ut nokre av stillingane eksternt, er det mogleg at prosessen vil ta noko lengre tid for dei stillingane det eventuelt gjeld.

Stillingane det skal rekrutterast til er:

  • Stabssjef Teknologi og digitalisering
  • Stabssjef Plan-, samfunns- og næringsutvikling
  • Stabssjef Økonomi og verksemdsstyring
  • Stabssjef Personal og organisasjon
  • Kommunalsjef Helse og omsorg
  • Kommunalsjef Velferd og sysselsetting
  • Kommunalsjef Opplæring
  • Kommunalsjef Barn, familie og integrering
  • Kommunalsjef Kultur og medborgarskap
  • Kommunalsjef Tekniske tenester

Fellesnemnda for nye Ålesund vedtok i mai overordna prinsipp for administrativ organisering, som tar for seg kva stabs- og kommunalområde den nye kommunen skal ha. Her er vedtaket som blei gjort etter ei høyringsrunde.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.