Aktuelt

Følg med på kva som foregår.

Møt KommuneKari

 KommuneKari

Sørviskontoret i Ørskog har fått ein ny medarbeidar: Hels på chatboten KommuneKari! Ho kan svare deg på spørsmål du måtte ha om kommunen sine tenester, søknadsfristar, kontaktinformasjon og opningstider. Ho jobbar heile døgeret, blir smartare for kvar dag og er alltid like blid!

Tidleg i juni vart KommuneKari satt i arbeid i Ørskog kommune. Ørskog har tatt på seg oppdraget med å vere pilotkommune og teste ut chatboten på vegne av kommunane i nye Ålesund. Kari er enno under opplæring og kan ikkje riktig svare på alt, men teknologien hjelper ho til å svare betre etter kvart som det kjem inn nye spørsmål. Arbeidet med å førebu Kari til å jobbe i kommunen starta for rundt 3 veker sidan. No er ho på prøve i Ørskog, og etter kvart - om ho svarer til forventningane, vil ho også bli tilsett i Haram, Skodje, Sandøy og Ålesund.

Virtuell robot

KommuneKari er ikkje ein fysisk robot som du ser på film, men eit dataprogram som svarer på spørsmål du måtte ha til kommunen, til det tidspunktet som høver deg best. Kari er god på språkforståing, og forstår spørsmål uavhengig av dialekt og feilstaving. Test ho gjerne litt ut - du finn bilde av Kari nede til høgre på heimesida til Ørskog kommune. Gi direkte tilbakemelding ved å klikke på tommel opp eller tommel ned på svaret ho gir deg.

Om du ønskjer å gi ei meir spesifikk tilbakemelding, send ein e-post til: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Du kan framleis snakke med dei tilsette!

Du er sjølvsagt framleis hjarteleg velkomen til å ta kontakt med Sørviskontoret i Ørskog! Sørviskontoret er der framleis, og hjelper deg gjerne. KommuneKari er kun ei ekstrahjelp. Ei ekstrahjelp som er så glad i jobben sin at ho aldri går heim! Du kan difor få hjelp kvar einaste dag 24 timar i døgeret! Du bestemmer kva som passar deg best.

Om nettsida

På denne nettsida kan du følge med på bygginga av nye Ålesund kommune.

Org.nr. 920 415 288 

Kontakt

Postboks 1521, 6025 Ålesund
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.